Historisk arkiv

Om rettleiande retningslinjer for kommunale og fylkeskommunale råd for funksjonshemma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Rundskriv I – 42/99

Alle kommunar Alle fylkeskommunar Statens råd for funksjonshemma Fylkesråda for funksjonshemma Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon Samarbeidsforum for Funksjonshemmedes Organisasjoner FOSS – foreningen for små og sjeldne diagnosegrupper


Vår ref 98/02758
Dato 15.10.1999

Bakgrunn

I 1988 gav Sosialdepartementet ut rettleiande retningslinjer for fylkeskommunale råd for funksjonshemma. Rettleiande retningslinjer for kommunale råd for funksjonshemma blei gitt ut av Sosialdepartementet i 1990.

Departementet er einig med Statens råd for funksjonshemma som har vurdert det slik at retningslinjene burde revurderast. Under følgjer dei nye rettleiande retningslinjene frå Sosial- og helsedepartementet for kommunale og fylkeskommunale råd for funksjonshemma.

Rundt 50% av kommunane har råd for funksjonshemma. I Innst. S. nr. 114 (1997-98) seier sosialkomiteen i Stortinget: ”Som et virkemiddel for å øke innflytelse, og som verktøy i det kommunale arbeidet, mener komiteen det er ønskelig å opprette råd for funksjonshemmede i alle kommuner, evt. som interkommunale råd”.

Departementet vil spesielt peike på at råda for funksjonshemma har behov for god kontakt med alle kommunale/fylkeskommunale etatar. Rådet bør derfor knytast til sentraladministrasjonen i kommunen/fylkeskommunen.

Departementet minner om at sektoransvarsprinsippet ligg til grunn for politikken for funksjonshemma. Det inneber at det er dei vanlege instansane i samfunnet som skal gi tilbod som funksjonshemma kan gjere seg nytte av, på lik linje med befolkninga elles.

Rettleiande retningslinjer for kommunale og fylkeskommunale råd for funksjonshemma

1. Heimel

Kommunestyret gjer vedtak om å opprette kommunalt råd for funksjonshemma.

Fylkestinget gjer vedtak om å opprette fylkeskommunalt råd for funksjonshemma.

2. Formål

Kommunalt råd for funksjonshemma er eit rådgivande organ for kommune, statlege etatar på kommunalt nivå og andre offentlege instansar og institusjonar.

Fylkeskommunalt råd for funksjonshemma er eit rådgivande organ for fylkeskommune, statlege etatar på fylkesnivå, kommunar og andre offentlege instansar og institusjonar.

Kommunale og fylkeskommunale råd arbeider etter den politiske målsetjinga om full deltaking og likestilling for funksjonshemma i samfunnet. FNs standardreglar for like høve for menneske med funksjonshemming skal vere ein sentralt reiskap i dette arbeidet.

3. Samansetjing

Kommunestyret avgjer kor mange medlemmer med varamedlemmer det kommunale rådet for funksjonshemma skal ha.

Fylkestinget avgjer kor mange medlemmer med varamedlemmer det fylkeskommunale rådet for funksjonshemma skal ha.

Rådet bør setjast saman med representantar frå:

  • kommunestyret eller fylkestinget
  • dei funksjonshemma sine organisasjonar
  • kommunal- eller fylkeskommunal administrasjon

Statlege etatar på lokalt og regionalt nivå kan nemnast opp som medlemmer i råda, eller få møterett.

Rådet kan velje eit arbeidsutval.

Det står rådet fritt å innkalle nødvendig ekspertise til saker som skal behandlast.

4. Oppnemning

Det kommunale rådet for funksjonshemma blir oppnemnt av kommunestyret, som også nemner opp leiar og nestleiar. Det fylkeskommunale rådet for funksjonshemma blir oppnemnt av fylkestinget, som også nemner opp leiar og nestleiar. Funksjonstida til rådet følgjer den kommunale- og fylkeskommunale valperioden.

Representantane for dei funksjonshemma sine organisasjonar blir nemnde opp etter forslag frå organisasjonane. Representantar for dei funksjonshemma blir valde blant desse fem hovudgrupperingane:

  • rørslehemming
  • hørselshemming
  • synshemming
  • utviklingshemming
  • skjult funksjonshemming

5. Arbeidsoppgåver for rådet

Rådet drøftar saker som er viktige for funksjonshemma.

Rådet skal ha høve til drøftingar mellom rådsmedlemmene, og mellom rådsmedlemmene og representantar for offentlege instansar og institusjonar om viktige spørsmål for funksjonshemma.

Rådet skal orienterast fast om aktuelle saker som er under arbeid i kommunen eller fylkeskommunen.

Etatane samarbeider med rådet om dei sakene dei skal ha eller har til behandling. Rådet skal sjå til at brukarane si erfaring vert teke med i saks- og planprosessen.

Sakene skal leggjast fram for rådet på eit tidleg tidspunkt i saksgangen.

Råda kan sjølve ta opp saker som dei meiner er viktige for funksjonshemma. Referat frå rådsmøtet skal følgje saksdokumenta til dei kommunale og fylkeskommunale organa som avgjer saka.

Rådet kan drive informasjonsarbeid overfor kommunen og fylkeskommunen, statlege etatar, organisasjonar, allmenta, osb.

Rådet bør ta initiativ til betre samarbeid og samordning mellom kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar i saker som har interesse for funksjonshemma.

6. Sekretariat og økonomi

Rådet bør administrativt knytast til sentraladministrasjonen i kommunen/fylkeskommunen, og ha eigen sekretær.

Kommunen/fylkeskommunen dekkjer utgiftene til sine respektive råd. Rådet bør disponere eige budsjett.

Medlemmer som ikkje møter på vegner av offentleg myndigheit, får møte- og reisegodtgjersle etter gjeldande regulativ. Tapt arbeidsgodtgjersle eller utgifter til følgje, tolk, tilsyn i heimen osb. i samband med møta, blir dekt på same måte.

7. Møte

Rådet held møte minst fire gonger i året. Elles blir rådet eller arbeidsutvalet innkalla når minst 1/3 av medlemmene krev det.

Det skal lagast møteplan.

Det skal normalt kallast inn til møte med fem dagars varsel. Saksdokument skal sendast til medlemmer, varamedlemmer og andre med møterett.

Det skal førast referat frå møta. Utskrift av møteboka skal sendast til medlemmer, varamedlemmer, kommunal/fylkeskommunal administrasjon, dei funksjonshemma sine organisasjonar og statlege etatar på lokalt/regionalt nivå.

Rådet utarbeider årsmelding som skal sendast til politisk leiing, sentraladministrasjon, sektorsjefar og dei funksjonshemma sine organisasjonar. Dei kommunale råda sender årsmeldinga til fylkesrådet. Fylkesrådet sender si årsmelding til alle kommunale råd i fylket, og til Statens råd for funksjonshemma.

8. Nemningar

Det bør gå fram av namnet at rådet er ein del av kommunal eller fylkeskommunal verksemd.

Ytterlegare informasjon

Dersom det er behov for ytterlegare informasjon kan ein ta kontakt med Sosial- og helsedepartementet.
Kontaktperson i departementet er Georg Antonsen,

Oslo, den 15. oktober 1999

Magnhild Meltveit Kleppa
Sosialminister