Utdeling av Kultur- og kyrkjedepartementet sine prisar for barne- og ungdomslitteratur for 2003
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Det Norske Medicinske Selskab, Oslo, 23. april 2004
Tale/innlegg | Dato: 23.04.2004
Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland
Utdeling av Kultur- og kyrkjedepartementet sine prisar for barne- og ungdomslitteratur for 2003
Det Norske Medicinske Selskab, Oslo, 23. april 2004
Gode bokvenner.
Det er ei stor glede for meg for tredje år på rad å vera den som deler ut Kultur- og kyrkjedepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur - i alle kategoriar.
Den norske bokmarknaden har lenge hatt eit veldig rikt mangfald å by fram av tekst og bilet for unge. Det er all grunn til å kjenna seg stolt ved eit slikt høve.
”Norske barnebøker er best i verda”, hevda ein australsk forskar i eit intervju i samband med ein internasjonal barnebokkonferanse i Kristiansand. Forskaren meinte at dei norske støtteordningane har gitt den norske barnelitteraturen ein interessant fridom, som har vore med på å skapa ein kvalitet som gjer at litteraturen også blir eksportert.
”Best i verda” kan vera ei høfleg overdriving frå ein langvegsfarande gjest.
Men sikkert er det at eit lite språksamfunn som vårt har måtta etablera mange ordningar, for å sikra levekår for eigne biletbøker og for levande norsk tekst.
For små nasjonar og kulturar er det sterke internasjonale marknadskrefter å konkurrera med for å skapa rom for det eigenproduserte.
I dag feirar vi vår eigen barne- og ungdomslitteratur, det vi ser som det beste av han. Og vi feirar kvalitet. Kvalitet kan diskuterast - og skal diskuterast. Prisar og rangering kan gjerne utløysa debatt. Men alle kan samlast i feiringa av sjølve arbeidet for å få fram det beste for dei unge.
Det finst kunstnarar av mange slag bakom kvar av titlane som skal trekkjast fram i dag. Og bak kvar bok finst det òg mange fleire som har vore med i prosessen fram til ferdig bok: Til dømes dei forlaga som har trudd på, og satsa på, nettopp desse kunstnarane.
Og så er det alle dei som ventar på å få bøkene fram til lesarane: bibliotekarar, lærarar, bokhandlarar. Slik blir tilstellinga vår, prisutdelinga, ein bransjefest, ein brei bokfest.
Denne prisutdelinga er lagt til Verdas bokdag. Over heile verda blir boka og leseglede feira. Fleire nedslåande rapportar om norske born sine lesevanar viser at vi treng lesestimuleringstiltak. I dag set vi i gang ein ny offensiv. Frå i dag kan 120 000 elevar i 6. og 7. klasse over heile landet få ein boksjekk som kan løysast ut i bokhandelen. Dei har seks bøker å velja i. ”Bok til alle”, heiter prosjektet bak dette tiltaket.
Dei gode bøkene finst - og lesegleda finst - det veit alle vi - men når den rette boka fram til den rette lesaren så leseglede-gneisten blir tend? Ikkje ofte nok, slett ikkje. ”Bok til alle” er berre eitt tiltak av mange i 2004.
”Elever som ikke har lest en eneste bok før, og særlig gutter, har nå fått smaken på lesing”, heiter det frå lærarhald. Og ”Både interessen for og kompetansen i litteratur har endret seg, og økt, både hos formidlere og hos elever som har deltatt”, står det i ei prosjektevaluering frå Norsk kulturråd.
Ideen om at lesestimulering må til, er ikkje ny. Alt i 1927 heitte det i eit offentleg program for ”Propaganda-uken for barne- og ungdomslitteratur”: ”Særlig i vår tid er det jo av den største betydning at den ungdom som vil frem, står vel rustet til å oppta den stadig mer skjerpede konkurransekamp, og da er vel boken og lesningen som supplering til skoleundervisningen ungdommens bedste våben”.
I dag ville vi sagt det på ei anna måte. Å lesa er viktig både for individet si danning og utdanning. Det har ein verdi i seg sjølv, for oppleving, engasjement og identifikasjon. Å stimulera leseglede og å halda den ved lag gjennom skulegangen, er ei stor oppgåve for foreldra så vel som for skulen og for eksterne kunst- og kulturmiljø.
Ikkje berre har grunngivingane endra seg. Det er heller aldri før vore satsa så breitt, systematisk og fagmessig. Og aldri før har ein så sterkt prøvd å stimulera dei unge som no.
”Bok til alle” som vert lansert i dag, føyer seg inn i rekka av mange gode tiltak.
”Gi rom for lesing” er regjeringas tiltaksplan for stimulering av leselyst og lesedugleik. Bak strategien ligg eit samarbeid mellom Utdannings- og forskingsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet og Barne- og familiedepartementet. Med base i Læringssenteret er det lagt ein strategi for åra fram til 2007.
Med ”Den kulturelle skulesekken” har to departement gått saman - Kultur- og kyrkjedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet - for å fremja, sitat: ”elevers opplevelser og erfaringer”, med ulike kulturelle uttrykk.
Regjeringa har nyleg fordelt ikkje mindre enn 120 millionar kroner av venta overskot frå Norsk tipping til Den kulturelle skulesekken for skuleåret 2004/2005. Desse midlane skal sikra alle grunnskuleelevar eit breitt tilbod av profesjonell kunst og kultur.
Foreningen !les som vart stifta av ei rad aktørar i bokbransjen, har med stor suksess satsa særleg på å nå ungdomen. Deira ”txt-aksjon”, som fyrst og fremst når dei unge gjennom skulen, har auka oppslutninga med 100 000 elevar frå 2002 til 2003. No er 750 skular med, mot 185 året før. Det syner at stimuleringstiltak verkar.
Norsk barnebokinstititutt har med sine ”Inn i teksten”-prosjekt i Agder-fylka frå 1999 arbeidd for å styrkja både læraren og eleven sin kompetanse i den nye barne- og ungdomslitteraturen. Læreren er sjanselaus i formidlingsarbeidet om han ikkje kjenner litteraturen, det syner mange evalueringar. Eit av måla med prosjektet var å setta lærarane i stand til å ta fram breidda i den nye litteraturen i norsktimane.
Med avsett tid - og ny kompetanse - til å finna ”rett bok til rett barn” er det skapt nye lesarar gjennom prosjektarbeidet. Og med middel frå Den Kulturelle skulesekken skal metodar til dømes frå dette prosjektet førast vidare ut i landet.
Eit styrkt Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking er opna i Stavanger - og skal gi oss meir fagkunnskap på området.
Heilt ferske meldingar frå bibliotekhald seier at utlånet av barne- og ungdomslitteratur har auka. Desse første signala frå biblioteka kan tyda på direkte samband mellom auka utlån og lese-aksjonar og fokus på lesing i media. Dette er endå eit oppmuntrande teikn på at tiltaka verkar.
Men fyrst og sist baserar alle gode tiltak seg på gode bøker:
Den gode forteljinga - det gode diktet - den gode formuleringa - som kan utvikla språk for samkjensle og humanisme, og som kan gi gjenklang i sinnet og skapa nye forteljingar.
Når dei små barna har knekt lesekoden, er det dei gode bøkene som kan skapa lesegleda - opna eventyret, undringa - og som kan gjera dei til varige lesarar. Om vi ikkje møter dei med det aller beste, er det så mykje anna å bruka tida på. Ny forsking seier dessutan at fråfallet frå lesinga ser ut til å koma tidlegare no, også rett etter at lesekoden er knekt. Då må heile mangfaldet av den gode barnelitteraturen stå der, klar til å hentast fram.
Det nyttar altså ikkje å venta til ungdomstida, då har boka alt mist mange. Formidling må til på alle frontar. ”Minst ei gong om dagen bør vi høyra ein liten song, lesa eit godt dikt, sjå eit vakkert bilete, og om mogeleg - seia eit par fornuftige ord.” Dette er ikkje motto for ein av leseaksjonane, enda om det kunne ha vore det. Dette er Johan Wolfgang von Goethes ord frå fleire hundreår sidan.
Og no til den gode litteraturen frå vår tid: Til prisvinnarane frå 2003.
Med dette har eg æra av å kalla fram:
LITTERATURPRISEN
Rune Belsvik (Kristiansand):
Dustefjerten og den store sommarferieturen. Cappelen. Kr
45 000.
BILDEBOKPRISEN
Gro Dahle og Svein Nyhus (Tjøme):
Sinna mann. Cappelen. Kr. 45 000.
FAGBOKPRISEN
Jon Ewo (Oslo):
Vil den virkelige William være så snill å reise seg?
Omnipax. Kr. 45 000.
DEBUTANTPRISEN
Mary Bente Bringslid (Bergen):
Dei blå revane. [lyriske tekstar] Det Norske Samlaget. Kr.
24 000.
ILLUSTRASJONSPRISEN
Finn Graff (Oslo):
Eventyret om Ole Bull. [fagbok, forfattar er Minken
Fosheim] Cappelen. Kr 24 000.
OVERSETTERPRISEN
Øystein Rosse (Stavern): Skammarens dotter og
Skammarteiknet. [omsett frå dansk, dei to fyrste banda av ein ny
fantasy-serie, forfattaren heiter Lene Kaaberbøl] Det Norske
Samlaget. Kr 24 000.
TEGNESERIEPRISEN
Inkalill (IngalillRøsberg) (Trondheim): Miranda. Fargenes mester.
[fyrste band av ein planlagd serie] Westvind forlag. Kr 24 000.
EKSTRAPRIS
Tor Åge Bringsværd (Hølen): Mime-serien, avslutta
med
Buddha i 2003 [avslutta serie på 6 band: Noa, Medusa,
Beowolf, Hanuman, Golem, Buddha] Gyldendal Barn. Kr.
16 000.