Historisk arkiv

Vindkraftutbygginga skal vere berekraftig

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Innan utgangen av 2005 skal Miljøverndepartementet saman med gjeldande styresmakter lage retningsliner for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. Retningslinene skal medverke til at kommunar og regionale styresmakter aktivt vurderer egna areal til vindkraftføremål i overordna arealplanar. (10.03.05) Brev til gjeldande styresmakter

Pressemelding

Dato: 10.03.05

Miljøvernminister Knut Arild Hareide:

Vindkraftutbygginga skal vere berekraftig

Vindkraft. Foto: MDInnan utgangen av 2005 skal Miljøverndepartementet saman med gjeldande styresmakter lage retningsliner for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. Retningslinene skal medverke til at kommunar og regionale styresmakter aktivt vurderer egna areal til vindkraftføremål i overordna arealplanar. Retningslinene vil klargjere kva for omsyn som skal takast ved vurdering av lokalitet og ved planlegging av anlegg.

-Vindkraft, med dei naturgitte føresetnadane vi har i Noreg, vil kunne gi eit vesentleg tilskot av ny fornybar energi. Skal vi utnytte dette potensialet er det viktig at vindkraftutbygginga skjer på ein berekraftig måte, seier miljøvernminister Knut Arild Hareide.

Regjeringa har vedteke at det også skal gjennomførast konfliktvurderingar av meldte og omsøkte vindkraftprosjekt. Konfliktvurderingane vil medverke til at vindkraftprosjekt kan sjåast i samanheng og dermed gje grunnlag for ei samla vurdering av omfattande utbyggingsplanar. Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren vil ha ansvaret for konfliktvurderinga i samband med naturverdiar og kulturminne. Innspel frå direktorata skal inngå i grunnlaget for konsesjonsbehandlinga til NVE i samband med vindkraftsøknader.

-Eg har stor tru på at konfliktvurderinga og retningslinene vil føre til at regjeringa si målsetting om ei berekraftig vindkraftutbygging blir sikra, seier miljøvernminister Hareide.

Kontaktperson: Seniorrådgjevar Stig Roar Husby tlf 22 24 59 59

Les mer: Brev til berørte fylkeskommuner og fylkesmenn, Sametinget som kulturminnemyndighet

Illustrasjonsfoto av vindkraftanlegg (MD)