Pressemelding

Nr.: 133/04
Dato: 22.10.2004

Prøveordning med fartsgrense 100 km/t: Ingen auke i talet på ulukker med personskade

- Trafikantane skal oppleve at fartsgrensa er tilpassa forholda på vegen. På motorvegstrekningar som er særskilt trygge er det derfor riktig at fartsgrensa er 100 km/t.

Dette seier samferdselsminister Torild Skogsholm i samband med at Statens vegvesen no har lagt fram ein rapport om kva slags innverknad ei fartsgrense på 100 km/t har når det gjeld faktisk køyrefart og ulukkesmønster.

Talet på ulukker med personskade endrar seg ikkje på strekningar der fartsgrensa blir auka til 100 km/t, men ulukkesmønsteret endrar seg noko, går det fram i rapporten. Medan det blir fleire utforkøyringsulukker, blir det færre ulukker i samband med skifte av felt og påkøyring av hindringar.

I 2001 fekk Vegdirektoratet klarsignal frå Samferdselsdepartementet til å starte eit forsøk med fartsgrense 100 km/t på to strekningar på E6 i Akershus. Forsøksordninga er seinare utvida med fleire strekningar. I november 2003 godkjente Samferdselsdepartementet eit forslag frå Vegdirektoratet om ei varig ordning med 100 km/t på motorvegar med særleg god standard.

- Høgare fartsgrenser på dei beste vegane må sjåast i samanheng med dei forsøka som Statens vegvesen har gjort med å setje ned fartsgrensene på særleg ulukkesutsette vegar. I begge tilfelle dreier det seg om å tilpasse fartsgrenser til forholda på vegen, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

Til redaksjonen:

For meir informasjon, sjå rapporten til Statens vegvesen (pdf).