Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Pressemelding, 09.09.2005

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Barne- og familiedepartementet (Opprettet 01.01.1991. Nedlagt 31.12.2005)

Status: Arkivert

Pressemelding

Nr.: 05093
Dato: 09.09.05

Eit nytt offentleg utval skal sjå på statleg støttepolitikk overfor barne- og ungdomsorganisasjonane

Eit offentleg utval som skal vurdere den statlege støttepolitikken overfor dei frivillige barne‑ og ungdomsorganisasjonane, blei i dag oppnemnt i statsråd. – Barne‑ og ungdomsorganisasjonane speler ei viktig rolle i oppveksten til born og unge. Vi må derfor syte for at politikken overfor desse organisasjonane er i tråd med endringar i organisasjonslivet og i samfunnet, seier barne‑ og familieminister Laila Dåvøy.

– Born og unge viser eit stort engasjement, og mange lèt dette kome til uttrykk gjennom barne‑ og ungdomsorganisasjonar. Men eit samfunn i endring, der mellom anna ny teknologi får ein stadig større plass i kvardagen til folk flest, opnar for nye former for deltaking og engasjement. Dette påverkar organisasjonane og den rolla dei speler i samfunnet, seier Dåvøy.

Utvalet skal på bakgrunn av dette greie ut prinsipielle spørsmål omkring kva rolle dei frivillige barne‑ og ungdomsorganisasjonane speler i samfunnet, og greie ut og kome med forslag til korleis statlege styresmakter kan sikre best moglege rammevilkår for å fremje utvikling av og vekst i organisasjonane. Utvalet skal levere ein rapport innan 30. juni 2006.

– Vi har hatt det klart for oss at vi ønskjer unge, engasjerte menneske inn i utvalet, personar med kjennskap til barne‑ og ungdomsorganisasjonar og nye trendar blant unge, seier Dåvøy om medlemmene i utvalet.

Samansetjinga av utvalet:

Forskar Guro Øydegard (leiar), Oslo (37)

Næringsrådgivar Dilek Ayhan, Bærum (26)

Student Hans Augun Parmann, Tromsø (23)

Nettredaktør Christoffer Grønstad, Gjøvik (27)

Student Christer Hodne Bjørge, Bergen (23)

Dagleg leiar Kristin Aase, Oslo (44)

Advokat Ramborg Elvebakk, Oslo (44)

Seniorforskar SveinIngve Nødland, Stavanger (50)

Lærar Alise Narjord, Røyken (26)

cms04