Fiskeriministeren har fastsett forskrifter om deltaking i
fangst av vågekval i 2004 og om regulering av denne fangsten.
Reglane er omtrent som i fjor.
– Vi har god erfaring med dette reguleringsopplegget, og
såframt vêrforholda blir gode, kan vi sjå fram til ein sesong som
vil gje oss ny forsyning av ein av havets delikatesser, seier
fiskeriminister Svein Ludvigsen.
Det er eit hovudvilkår for
tildeling av løyve at søkjaren har delteke med fartøyet i fangst av
vågekval i minst eitt av dei seks siste åra. Det er også eit vilkår
at fangarane tek slike prøver av fangsten som fiskeridirektøren
bestemmer.
Fiskeridepartementet fastsette i
september 2003 ei samla kvote for vågekvalfangsten i 2004 på 670
dyr. Fangsten vil bli regulert med maksimalkvotar.
Fangst av vågekval utanom Nordsjøen
kan starte 10. mai kl. 00.00, og må være avslutta innan 31. august
kl. 24.00. I Nordsjøen startar fangsten når Fiskeridirektoratet
bestemmer, og den skal vere avslutta innan 31. august kl.
24.00.