Dei nye reglane for fastsetjing av grunnlaget for
eigedomsskatt for anlegg for overføring og distribusjon av
elektrisk vasskraft blir utsett til 2004. Det er vedteke av Kongen
i statsråd i dag. Utsetjinga blei varsla i september i år, og bør
gje kommunane klårare rammer for budsjettarbeidet for
2002.
Då Stortinget vedtok reforma for
kraftskatt i 1996 blei det bestemt at eigedomsskatt på
overføringsanlegg skal basere seg på den skattemessige verdien til
driftsmidlane, medan teknisk verdi blir lagt til grunn i gjeldande
system. Denne omlegginga har blitt utsett fleire gonger. I desember
2000 ble det bestemt at dei nye reglane skulle tre i kraft frå
2002.
I samband med budsjettet for 2002
blei det varsla at det er nødvendig med ytterlegare utsetjing.
Arbeidet vidare med omlegging av eigedomsskatten for
overføringsanlegg har framleis ikkje kome langt nok til at det let
seg gjere å setje ordninga i kraft frå 2002.
Departementet ønskjer dessutan å
gjere eit grundig arbeid med prinsipielle avklåringar og praktisk
tilrettelegging av omlegginga. Det må leggjast vekt på at
regelverket blir enkelt å handsame, med minst mogleg administrative
kostnader både for likningskontora, myndigheitene og skattytarane.
Effektane av dei nye reglane bør også avklårast på førehand – både
på landsbasis og på kommunenivå.
Departementet tek sikte på å legge
fram utkast til nye reglar slik at grunnlaget for eigedomsskatt på
overføringsanlegga kan fastsetjast i samband med likninga i 2003,
for bruk første gang i skatteåret 2004.