Momskompensasjon for kommunesektoren frå
1. januar 2004
Som eit ledd i Regjeringa sitt arbeid for meir effektiv
ressursbruk i kommunesektoren vert det frå årsskiftet innført ein
generell meirverdiavgiftskompensasjon. Den nye ordninga inneber at
meirverdiavgifta ikkje lenger fører til forskjellsbehandling, enten
tenestene vert kjøpte frå private, produserast av kommunen sjølv
eller i samarbeid med andre kommunar. Ordninga er fastsett i ei ny
lov og i ei forskrift fastsett av Finansdepartementet i
dag.
Sidan kommunesektoren i all
hovudsak er utanfor meirverdiavgiftssystemet, får kommunane ikkje
frådrag for inngåande meirverdiavgift på sine innkjøp. Dermed blir
det billigare for kommunane å produsere avgiftspliktige tenester
sjølve, framfor å kjøpe dei frå private. Den nye
kompensasjonsordninga fører til at meirverdiavgifta ikkje lenger
utgjer ein konkurranseulempe for private aktørar eller
interkommunalt samarbeid. Dette gir ein meir effektiv ressursbruk i
kommunesektoren. Den nye kompensasjonsordninga er eit resultat av
Sem-erklæringa. Mellom anna Sverige og Danmark har liknande
ordningar. Kompensasjonsordninga vil i hovudsak bli finansiert
gjennom eit eingongstrekk i kommunane sine frie inntekter.
Praktisk oppfølging
Sidan 1995 har vi hatt ei
momskompensasjonsordning som er avgrensa til enkelte tenester. Den
nye kompensasjonsordninga er generell og vil vere enklare og betre
i bruk. Ved at kompensasjonskrava vil omfatte meirverdiavgift både
på varer og tenester, unngår ein dei avgrensingsproblema ein i dag
har i gjeldande ordning. Kompensasjonskrava kan sendast til
avgiftsmyndigheitene (fylkesskattekontora) annankvar månad.
Utbetaling skal skje innan tre veker etter at fristen for
innsending av oppgåve er gått ut. Nærare reglar om innsending av
kompensasjonsoppgåve er gitt i forskrift.
Sjå her. Kompensasjonskrav som vert
fremma annankvar månad skal sendast inn elektronisk til
avgiftsmyndigheitene. Oppgåva skal attesterast av revisor, noko som
kan skje elektronisk.
Forskrifta til den nye
kompensasjonsloven gir utfyllande reglar også på andre områder.
Forskrifta regulerer blant anna i kva tilfeller kompensert
meirverdiavgift for bygg, anlegg og annan fast eigedom skal
justerast ved endra bruk, eventuelt overdraging.
Som den eksisterande ordninga,
inkluderer den nye generelle ordninga private produsentar av
enkelte oppgåver som kommunen har et lovpålagt ansvar for. Dette
gjeld ikkje-avgiftspliktige oppgåver som helse- og sosiale tenester
og undervisning. For å ha rett til kompensasjon, må
meirverdiavgiftskostnadane overstige 20 000 kroner i løpet av
eitt kalenderår. Kompensasjonskrav frå private tenesteprodusentar
skal sendast direkte til avgiftsmyndigheitene og ikkje via kommunen
slik som etter dagens ordning. Dette vil føre til forbetringar i
forhold til i dag, både ved at det sparer kommunane for meirarbeid,
og ved at dei private som har rett til kompensasjon får kompensert
meirverdiavgifta direkte frå skattemyndigheitene, og ikkje via
kommunen som i dag.
Den generelle kompensasjonsordninga
kan føre til nye konkurransevridingar mellom kommunale og private
produsentar av tenester som ikkje er avgiftspliktige. Dette kan
føre til at kommunane vil ha ei oppfordring til å eige fast eigedom
framfor å leige den frå andre. For å motverke dette, vil det med
verknad frå årsskiftet verte gjort ei endring av forskrift 6. juni
2001 nr. 573 om frivillig registrering av utleier av bygg eller
anlegg til bruk i verksemd som er registrert etter
meirverdiavgiftsloven (forskrift nr. 117). Endringa inneber at dei
som leiger ut fast eigedom frivillig kan registrere seg som
meirverdiavgiftspliktig for utleige til kommunane. Utleigar vil då
få frådragsrett for meirverdiavgift på sine innkjøp og
meirverdiavgifta blir dermed nøytralisert.
Den generelle kompensasjonsordninga
trer i kraft 1. januar 2004. Det vil likevel vere ein
overgangsperiode i første halvdel av 2004. Det inneber at
innsending av krav for januar og februar utsetjast, slik at det
skjer samtidig med krav for mars og april. Første utbetaling vert
då i månadsskiftet juni/juli.