Eit utval oppnemnd av
Helsedepartementet har frå 15. september 2003 gjennomgått korleis
transfusjonssmitte med hepatitt C har vore handtert i
helseforvaltninga og helsetenesta. Mandatet definerer perioden
1988-94 som ein kjerneperiode for utvalet.
Tingrettsdommar ved Oslo tingrett
Ellen Meinich Martens har vore leiar for utvalet. Dei andre
medlemene av utvalet har vore overlege Bengt Ekermo ved Linkøping
Universitetssjukehus, Sverige, og kommuneoverlege Nils Tore Olsen,
Mandal. Sekretær for utvalet har vore utgreiingsleiar Svein
Lundevall.
Utgreiinga vart overlevert til
statssekretæren i Helsedepartementet i dag.
Det beste anslag ein kan gje for
talet på framleis levande transfusjonssmitta med Hepatitt C-virus
(HCV) er i storleiksorden 300; av desse er vel ein tredjedel
blødarar. Mange av dei smitta er no døde, i all hovudsak av den
grunntilstand som gjorde at dei i si tid fekk blodoverføring. Nokre
er spontant lækte, andre som resultat av behandling. Ein legg til
grunn at smitte ved transfusjon ikkje har skjedd for blødarar frå
1989 og for andre frå 1993. Det vert framleis oppdaga personar som
er smitta før denne tid, men som ikkje er konstatert smitta
tidlegare.
Utvalet gjev vurderingar av
det som har skjedd og ikkje skjedd, og tilrådingar framover.
Utvalet drøftar i kva grad nokre tiltak kan vere sett i verk i
seinaste laget, som t.d. virusinaktivering av blødarpreparat i tida
1987-88 og regime for testing av blod i tida 1991-92. Ein avgrensar
seg likevel til å gje kritikken eintydig form på følgjande
punkt:
- Mangel på ein medviten sporingsstrategi for mogeleg
transfusjonssmitta med Hepatitt C, og korleis dei skulle følgjast
opp av helsevesenet. Denne kritikken råkar primært aktørane i
1992-93, men også aktørane i alle mellomliggande år fram til mai
2003.
- Forseinka innføring av dobbel virusinaktivering av
blødarprodukt i tida 1996 – 99 for å forhindre smitte med
andre virus.
- Ein peikar også på svake rutinar for ansvarsoverføring mellom
ulike sentrale helseforvaltningsorgan inklusiv underliggande
fagråd. Ein finn også at departementets rolle har vore vel
anonym.
Konstateringstidspunktet for smitte
avgjer kva for ei erstatningsordning ein kjem inn under. Det gjev
vilkårlege og urimelege utslag når det gjeld erstatningsutmålinga.
Ein kritiserer ikkje korleis dei ulike instansar har forvalta
erstatningsordningane gitt dei rammer dei har hatt.
Utvalet merkar seg at
blodbankmiljøet i lengre periodar aktivt har teke eit nasjonalt
samordnande fagleg ansvar. Dette kan ha verka til at det i Noreg
har blitt innført mindre virussmitte ved transfusjon i dei siste
20-30 åra enn i mange andre land.
Dei mange lovendringar og
institusjonelle endringar det siste tiåret kan ha hatt gunstige
effektar, men m.a. følgjande tilhøve må etter utvalet si oppfatning
likevel ha særskilt oppfølging framover:
- Alle som fekk blod eller blodkomponentar før 1993 må verte
oppmoda om å teste seg for Hepatitt C. Det må lagast ein strategi,
slik at ein er rimeleg sikker på å nå alle.
- Det bør innførast ei ny erstatningsordning gjeldande alle som
er transfusjonssmitta med HCV bygt på Norsk Pasientskadeerstatning
sine grunnprinsipp. Dette inneber at ein del erstatningssaker må
takast opp att.
- Prosedyrar for overføring av informasjon, tilrådingar og
ansvar, inklusiv arkiv- og rapportplikt, mellom sentrale
helseinstansar må bli klårare.