Kultur- og kyrkjeminister Valgerd
Svarstad Haugland deler ut Olav- og Sunnivastipend under eit
arrangement i Emmaus-senteret i Oslo i dag kl. 14.30. - I år står
dialog- og kommunikasjonsarbeid som stikkord for mottakarane av
Olavstipendet og Sunnivastipendet. Dette er tema som har vist seg
særleg aktuelle dei siste åra, seier kyrkjestatsråd Svarstad
Haugland.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland
deler ut Olavstipendet 2004 til prest og dagleg leiar av
dialogsenteret Emmaus i Oslo,
Anne Hege Grung, for prosjektet ”Kvinner,
erfaringer og helligtekster. En kristen-muslimsk feministisk
samrefleksjon”. Prosjektet dreier seg om møte mellom kvinner frå
kristen og muslimsk tradisjon, der dialogarbeidet omkring heilage
tekstar står sentralt i å skapa forståing mellom tradisjonar og
kvinner si rolle og tolking av eige liv.
Statsråden deler ut
Sunnivastipendet 2004 til frilansjournalist,
Audun Stølås, Bjørgvin bispedømme, for prosjektet
”Menighetsbladet som kirkens kommunikasjon med sine medlemmer”.
Prosjektet tek opp korleis kyrkjelydsbladet kommuniserer med
medlemmene sine, og om kyrkjelydsbladet har ein kommunikasjonsform
som når fram til dei som ikkje er aktivt med i kyrkjelyden.
Olavstipendet går til prestar
i Den norske kyrkja. Stipendet består av eitt års permisjon med løn
i tillegg til eit stipendbeløp. Sunnivastipendet går til personar
med bakgrunn frå arbeidet i dei valde råda i Den norske kyrkja. Ved
overrekkinga får stipendmottakarane også kvar sin plakett i
messing montert på kleberstein frå Restaureringsverksemda ved
Nidaros domkyrkje.
Det kom i år inn sju søknader
til Olavstipendet og to søknader til Sunnivastipendet.