Regjeringa vil avgrensa
marknadsføring av pengespel. Dette er eit av forslaga i
handlingsplanen mot pengespelproblem som regjeringa i dag la fram.
– Om lag 50 000 i Noreg slit med pengespelproblem. Vi grip nå
fatt i dette, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad
Haugland
Planen har hovudmål: Førebygging og
reduksjon av skader knytt til pengespel. Her er nokre av forslaga i
handlingsplanen for perioden 2005-2008:
- Avgrensa marknadsføring av
pengespel.
- Tilgang til pengespel skal
avgrensast.
- 18-årsgrense for ”risikospel”
(gevinstautomatar, pengespel via internett)
- Etablera meir forsking om
pengespelproblem
- Korrigera spelereglar og
regelverk i forhold til risikoelement
- Informasjon om pengespelproblem
skal intensiveras
- Permanent drift av
Hjelpelinja
- Eg vil gjerne understreka at det
mest effektive tiltaket mot pengespelproblem er å fjerna det
eksisterande automatregimet, seier statsråd Valgerd Svarstad
Haugland.
For å finansiera tiltaka i planen vil det årleg
avsetjast inntil 0,5 % av Norsk Tipping sitt overskot. Desse midla
vil gje betre forsking, behandling, informasjon og førebygging av
pengespelproblem.
Handlingsplanen er basert på
forslag frå Lotteritilsynet.
Les regjeringens
handlingsplan mot
pengespelproblem