Kjære møtedeltakarar,
Takk for invitasjonen -
og høvet til å møta så mange bibliotekvener!
ABM-meldinga frå 2000 og den nye
kulturmeldinga som Stortinget skal drøfta om ei veke, vil danna
grunnlaget for den statlege bibliotekpolitikken i åra framover.
Utvikling av biblioteksektoren skal sjåast i samanheng med
arkiv og museum, men også med utdanning, språk og litteratur.
Dette reflekterer at biblioteka har viktige oppgåver m.a. når
det gjeld
- kulturpolitikk
- utdanningspolitikk
- styrking av demokratiet
- utdanning og informasjonstilgang
- litteratur- og kulturformidling
I kulturmeldinga er det lagt til
grunn at det skal gjennomførast eit utgreiingsarbeid om sentrale
problemstillingar på bibliotekområdet, med ABM-utvikling som
hovudaktør og koordinerande instans. Eit hovudformål
med utgreiinga er å utforma eit strategidokument som skisserer ein
plan for heilskapleg utvikling av ein samla biblioteksektor.
Framtidige utfordringar må identifiserast, og
heile det norske biblioteklandskapet skal analyserast med vekt på å
vurdera ulike typar verkemiddel på sektoren:
organisatoriske, økonomiske, informative, og legale.
Departementet arbeider no med å utforma mandatet og setja
saman referansegruppa. Arbeidet vil bli igangsett før
sommaren.
Dette er det fyrste bibliotekmøtet
etter etableringa av ABM-utvikling. Innanfor bibliotekområdet
skal ABM-utvikling ta vare på både folkebiblioteka og fag- og
forskingsbiblioteka. Dette gir eit godt grunnlag for
utvikling av eit stadig meir saumlaust bibliotektilbod og for
felles tenester for dei forskjellige bibliotektypane.
Det var i i ABM-meldinga at
visjonane om det saumlause biblioteket vart lansert – ein visjon,
eit omgrep og eit konkret mål som biblioteka har gjort til sitt.
Eg vil nemna to større prosjekt som prøver å realisera det
saumlause biblioteket - begge har fått prosjektstønad frå
ABM-utvikling:
Det saumlause bibliotek Oppland og Biblioteket Østfold
Begge prosjekta legg vekt på at innbyggjarane skal
få eit heilskapleg bibliotektilbod på tvers av forvaltningsnivå og
sektortilknyting. Tilboda skal tilpassast individuelle behov
i eit moderne IKT-samfunn. Informasjonsressursane som norske
bibliotek samla rår over, skal gjerast tilgjengelege for alle.
Prosjekta omfattar både det
”fysiske” saumlause bibliotek og det virtuelle døgnopne
biblioteket.
Prosjektet i Østfold omfattar til
dømes samarbeid om samlingar, søking og tinging av materiale på
nett, felles lånekort, transportordning, kompetanse.
I ABM-meldinga vært det sagt
følgjande:
Den noverande strukturen med folkebiblioteka som
allmennbibliotek og fag- og forskingsbiblioteka som hovudressurs
innanfor utdanning og forsking vil vera naturleg i framtida med,
men kombinasjonen IKT og eit samfunn som vil verta prega av
livslang læring og etter- og vidareutdanningstiltak, vil krevja
tettare samhandling mellom alle delar i eit samla
biblioteknettverk. Det ideelle målet er å få til eit tilnærma
saumlaust bibliotektilbod til brukarane. Det inneber at ein som
brukar ikkje skal måtta tenkja på kva for ein type bibliotek ein
vender seg til når ein treng bibliotektenester.
I lys av dette vil eg nemne nokre
at dei viktigaste utfordringane på bibliotekområdet:
- å få til strukturendringar slik at flest mogeleg får tilgang
til dette samfunnsgodet uansett kvar ein bur i landet
- å sikra eit sterkt samarbeid mellom bibliotek og andre
verksemder, og mellom kommunar, slik at ressursane blir utnytta
best mogeleg
- god organisering og fordeling av ressursar når det gjeld
økonomi og kompetanse slik at sluttbrukarane får best mogeleg
tenester
- utvikling av ny kompetanse som sikrar innovasjon og mangfald
slik at biblioteka kan vera i framkant av samfunnsutviklinga
- utviklingsprogram for biblioteka når det gjeld etter- og
vidareutdanning – noko som lenge har vore etterspurt. Her kan også
fylkesbiblioteka spela ei viktig rolle
- å gi utdanningssøkjande på alle nivå eit bibliotektilbod som
tilfredsstiller dei krava som kvalitetsreforma stiller
- å sikra folkebibliotektilbod av eit omfang og med ein kvalitet
som tilsvarer dei behov innbyggjarane har.
Kva er gjort så langt?
§ 5 i lov om folkebibliotek, med krav om fagutdanna
biblioteksjef i alle kommunar, blir ikkje endra m.a. etter eit
sterkt engasjement frå bibliotekmiljøet. De gav meg høve til å
reversera forslaget frå Stoltenberg-regjeringa. Eit forslag eg var
ueinig i. Det er viktig å ta vare på kompetansen i
folkebiblioteka. ABM-utvikling har tatt initiativ til
ei ny nettbasert utdanning for biblioteksjefar utan fagutdanning, i
regi av bibliotekutdanninga ved Høgskolen i Oslo.
Samtidig er det ønskjeleg å stimulera til samarbeid over
kommunegrensene for å gi eit kvalitativt godt tilbod til
innbyggjarane både når det gjeld innhald og kompetanse i
biblioteka.
Norsk digitalt bibliotek er eit prosjekt som har
som visjon å gi enkel tilgang til dei samla ressursane i
norske bibliotek.
”Norsk digitalt bibliotek" vart
starta som eit program i ABM-utvikling hausten 2003. Det er
organisert med ein prosjektleiar i ABM-utvikling, med eit
rådgivande utval for heile programmet og fleire arbeidsgrupper for
nasjonal koordinering av dei ulike komponentane og tenestene i
programmet.
Dei største biblioteka,
Nasjonalbiblioteket, universitetsbiblioteka og storbybiblioteka,
vil få ei rolle som lokomotiv i utviklinga av "Norsk digitalt
bibliotek", men det er definitivt tenkt som ein felles innsats for
det samla norska bibliotekvesenet.
Norsk digitalt bibliotek skal vera
meir enn ein portal, det skal vera ei organisert samling av
tenester og innhaldsressursar som gir brukarar tilgang til
informasjon i digital form formidla via eit datanett. Slik
tilgang kan også gjelda ikkje-digitalt innhald. Tenester og
innhald skal kunna givast av ulike leverandørar, og tenestene
skal samvirka ved hjelp av definerte og standardiserte grensesnitt,
slik at brukarane oppfattar "Norsk digitalt bibliotek" som eit
einsarta system (dvs. saumlaus tilgang til kunnskapsressursar).
Det skal leggjast vekt på lett tilgang og relevant,
kvalitetssikra innhald. Utfordringar for det digitale
biblioteket er ikkje berre knytte til teknologi og standardisering.
Når materialet skal gjerast tilgjengeleg digitalt, er det minst
like viktig å finna løysingar i høve til dei som har opphavsrettar
til materialet. Eg vonar at eg kan leggja fram ein proposisjon om
endringar i åndsverklova i sommar, som i alle fall på nokre punkt
kan gjera livet lettare for biblioteka.
Norsk digitalt bibliotek er tema
for fleire programpunkt på dette møtet, og det gir høve til å få
meir inngåande kunnskap om programmet.
Nasjonalbiblioteket står framfor store
utfordringar. For å møta utfordringane er ny
organisasjonsstruktur etablert, ny toppleiing og
avdelingsdirektørar som nett er tilsette skal saman med andre
tilsette realisera utfordringane. Det er knytt store
forventningar til opninga av bygget på Drammensveien sommaren
2005.
Det er også fleire programpunkt
om Nasjonalbiblioteket på Bibliotekmøtet, slik at ein kan bli
orientert om planar og pågåande utviklingsarbeid.
Bibliotek og læring
Universitets- og høgskulebiblioteka, ja også
folkebiblioteka, merkar i høg grad den auka satsinga på høgare
utdanning. Nye læringsformer krev auka tilgang til
bibliotektenester.
Studentar kan karakteriserast som
brukarar på tvers, som i stor grad hentar bibliotektenestene sine
der dei er lettast tilgjengelege. Dette gjeld både dei som er
studentar ved campus, og fjernstudentar.
Universitets- og høgskulebiblioteka er svært
viktige bidragsytarar for eit saumlaust bibliotektilbod. Dei
har dei største og mest omfattande samlingane, i tillegg til
spesialsamlingar. Universitets- og høgskulebiblioteka
har fleire utfordringar til
- å utvikla tenester for studentar og lærarar/forskarar
- å utvikla læringssentra for å vareta behovet i forhold til nye
lærings- og undervisningsmetodar
- å møta behovet til brukarane for både fysiske og digitale
dokument
- å styrkja nettverkssamarbeid, slik at brukarane kan ha tilgang
til samlingar og ressursar utover det som finst i eigen
institusjon
- etablering av tenester for fjernstudentane for fysiske og
digitale dokument på lik linje med studentane ved lærestaden
- samarbeid med folkebiblioteka om fjernstudentar
- å vera kunnskapssenter for alle: opne bibliotek også for alle,
sjølv om nokre av tenestene må vera øyremerkte forskarar og
studentar.
Bibliotek som er tilgjengelege for
alle er viktig for at vi skal nå kvalitetsreforma sin ambisjon om
at Noreg skal vera ein leiande kunnskapsnasjon.
Folkebiblioteka kan tilby ein lokal studiestad og
til ein viss grad også faglitteratur for elevar og studentar. Mange
studentar bruker folkebiblioteka som sitt fagbibliotek, men
samlingane er ikkje - og kan ikkje vera - dimensjonerte for denne
brukargruppa. Samarbeid med universitets- og
høgskulebiblioteka er heilt nødvendig.
I tillegg viste den siste
brukarundersøkinga at 66 % av brukarane som nyttar folkebiblioteket
som læringsarena, ikkje er studentar tilknytte nokon
institusjon.
Folkebiblioteka som offentleg
møtestad og som arena for livslang læring blir stadig
viktigare.
Litteratur – lesing og formidling i eit vidt perspektiv
Kulturmeldinga peikar på folkebiblioteka som
allmenne formidlingsinstitusjonar, både gjennom gratis utlån av
bøker og anna eigna materiale, som referansepunkt og som vegvisar i
informasjonsflaumen og som arena for ulike kulturarrangement i
lokalsamfunnet. Dei formidlar også faglitteratur og
læremiddel og gir lese- og arbeidsplass i samband med
vaksenopplæring, etter- og vidareutdanning og anna
fjernundervisning. På innhalds- og formidlingssida vil
folkebiblioteket framleis kunna ha ei særleg kulturpolitisk rolle å
fylla.
Folkebiblioteka er dei viktigaste
litterære formidlingsinstitusjonane i landet – her blir
litteraturen stilt til fri disposisjon for alle.
Biblioteka har ei viktig oppgåve
når det gjeld demokratiutvikling. Dei skal medverka til å
sikra ytringsfridom gjennom tilgang til informasjon, ikkje minst
ved innkjøp av litterære verk. Dei skal sikra brukarane sin rett
til anonymitet i forhold til kva dei låner og les. Her kan vi
sjå problematiske eksempel frå til dømes USA etter 11.september,
der anonymiteten blir satt under press. Ein eigen
organisasjon innanfor IFLA har til oppgåve å forsvara og fremja
menneskerettane slik dei er definerte i Artikkel 19 i FN si
erklæring om menneskerettar. IFLA krev fritt tilgang til
informasjon og ytringsfridom, direkte eller indirekte, i relasjon
til bibliotek og bibliotekarar. Intellektuell fridom er
kjernen i bibliotekkonseptet og er knytt til individet sin rett til
å ha og uttrykkja meiningar og til å søkja og motta informasjon.
Intellektuell fridom er ein basis for demokratiet, og biblioteka
har ei viktig rolle å spela her.
Vidare skal biblioteka sikra folk
flest tilgang til kunst- og kulturtilboda som offentleg
produserte samfunnsgode, og sikra alle tilgang til den norske
samtidslitteraturen.
Innkjøpsordningane medverkar sterkt
til tilgangen på den norske samtidslitteraturen i folkebiblioteka.
Innkjøpsordningane vart evaluerte i 2001. Høyringssvara
viste at verkemidlet fungerar etter føresetnadene. Ordningane
samlar fleire gode formål – både i forhold til kunstnarane,
litteraturen, og språk- og bibliotekpolitikken – og kjem lesarane
til gode. Innkjøpsordningane sikrar lik tilgang til den
norske originale samtidslitteraturen i biblioteka våre.
Kulturmeldinga foreslår å innføra ei ny selektiv
innkjøpsordning for verdifull sakprosa, men til dette trengst det
nye midlar.
Biblioteka skal også gi tilgang
både til tidlegare tiders litteratur og til den omsette, og i eit
visst omfang til utanlandsk litteratur på originalspråket.
Kunnskap om norsk kultur, historie og litteratur er viktig i
eit internasjonalt og globalt perspektiv; det gir danning og er ein
nødvendig bakgrunn også i møte med det internasjonale.
Folkebiblioteka har viktige formidlingsoppgåver i eit
lesande samfunn:
Dei skal vera eit kvalifiserande og støttande ledd
for det behovet samfunnet har for litteratur- og
kulturopplevingar for barn og vaksne, og danning og utdanning i eit
kunnskapssamfunn der kultur blir vektlagd i aukande grad.
- Dei har ei sentral rolle for å skapa eit lesande samfunn og
vera ein kunnskaps- og opplevingsarena.
- For barn er biblioteket ofte den einaste tilgjengelege
kulturarenaen og det ”frivillige” læringssentret i
lokalsamfunnet.
- Barneprofilen i biblioteka må ha det nysgjerrige barnet
som utgangspunkt: barn må sikrast eit aktivt forhold til samfunnet
og kulturen.
- Biblioteka må ha eit samarbeid på lokalt og sentralt plan med
aktørar som arbeider for lesing og kunnskaps- og
kulturformidling.
- Barneavdelingane bør brukast som kulturfyrtårn for
utvikling av nye metodar for formidling, nye samarbeidsformer, ny
institusjonsprofil og nye, profesjonelle roller.
Folkebiblioteka står framfor mange
utfordringar. Mellom dei er utvikling av
formidlingsstrategiar og metodar i litteraturformidlinga, både for
born, ungdom og vaksne. Nettbasert informasjon vil
kunne vera eit godt supplement til annan informasjon.
Forfattarmøte og presentasjonar har i mange fora opplevd ein
renessanse dei seinare åra. Det er ønskjeleg at også
biblioteka gir høve til å skapa møte mellom forfattarar og
lesarar. Det er òg ei utfordring å få til eit tettare
gjensidig forpliktande samarbeid mellom aktørane innanfor
bibliotekområdet og skulen for å utnytta ressursane betre, og
dermed kunna gi eit betre tilbod.
Det er viktig å drøfta korleis vi
best kan løysa fellesoppgåver innanfor eit felt der folkebiblioteka
er eit kommunalt ansvar, og høgskule- og universitetsbiblioteka er
institusjonar som fyrst og fremst oppfattar at dei skal gi tilbod
til studentane sine.
Biblioteka har i mange år gjort eit
stort arbeid med litteraturformidling til barn, ved tiltak som
- utplassering av litteratur i barnehagar og helsestasjonar
- orientering om biblioteket og bokprat der formidling av
litteraturen blir sett i sentrum, tilpassa barna sin alder og
leseinteresser
- orientering om litteratur for førskulelærarar, lærarar,
helsepersonell og andre
- opne litteraturarrangement på biblioteka, med forfattarbesøk og
liknande.
Den innsatsen biblioteka gjer for å
formidla den kunstnariske barne- og ungdomslitteraturen, bør
ha ein sentral plass i Den kulturelle skulesekken.
Forfattarbesøk og dramatiseringar kan gi ekstra opplevingar
som kan stimulera leselysta.
I tillegg til
Skulesekken og
Gi rom for lesing er
Foreningen !Les og
Foreningen leser søker bok tiltak som biblioteka bør ha
eit aktivt samarbeid med.
Biblioteka har i aukande grad
vektlagt aktiv formidling av litteratur til born, ut frå kunnskap
om at born må oppleva leselyst og leseglede for å få lyst til å
lesa vidare. Det er berre omfattande lesing som gir god
leseevne. Det er derfor viktig å formidla eit vidt spekter av
uttrykk: skjønnlitteratur, faglitteratur, tidsskrifter,
teikneseriar osv. Formidling via nettet kan vera ein måte å nå unge
på, ikkje minst gutar som les mindre enn jenter, og som er
nettbrukarar i langt høgare grad. Lesegledene og
opplevingane blir gjerne etablerte tidleg i livet, gjennom
høgtlesing heime eller i barnehagen. Formidlinga til foreldre og
andre vaksne er derfor viktig.
Astrid Lindgren sa det slik i si
tid - omsett til nynorsk:
Ӂ mektige feer! Gi barnet
mitt i faddergåve ikkje berre venleik, helse og rikdom og alt det
der som de brukar å koma stikkande med - gi barnet mitt lesehunger,
det ber eg om med brennande hjarte. Eg vil så gjerne at
barnet mitt skal få i handa si nøkkelen til eventyrlandet, der ein
kan henta den mest sjeldne av alle gleder
- slik burde kvar einaste mor
tenkja!”
Vi som har erfart at born har fått
denne lesehungeren ved at dei er blitt lest for frå dei er ganske
små, og seinare har halde fram med eiga lesing, veit at lesing også
blir eit grunnleggjande dagleg behov, som følgjer ein gjennom heile
livet
For å oppnå dette vil
ABM-utvikling leggja vekt på å stimulera til aktiv
litteraturformidling til alle aldrar, også til vaksne i
biblioteka - her trengst det både utvikling av nye
formidlingsstrategiar og metodar. ABM-utvikling vil i tida
framover også leggja vekt på korleis ein kan formidla røynslene frå
gode tiltak og prosjekt i biblioteka.
Det trengst heilskapleg tenking,
ein langsiktig strategi på litteraturfeltet. Behovet
for tiltak blir framheva av Norsk kulturråd i fråsegna
”Litteraturpolitiske tiltak” frå desember 2002:
”Skal det oppnås resultater i arbeidet med å styrke
bevisstheten omkring språk og litteratur blant barn og unge, og
dermed lese- og skriveferdigheten i en ny medietid, er det
riktignok viktig å sikre og utvide innkjøpsordningene, men det er
et særlig behov for originalitet i tenkningen omkring økt
tilgjengelighet, nye litterære møteplasser og nye innfallsvinkler i
formidlingen, slik at litteraturens evne til å ryste og fascinere i
enda høyere grad kan bli en del av unge leseres virkelighet. I
denne sammenhengen er det viktig å være klar over at litteratur
presentert i digitale former kan ha appell til nye grupper av
skrivende og lesende”.
Det vil vera viktig å utvikla eit
systematisk og langsiktig samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane
og institusjonar og miljø som representerer skriftkulturen, med
sikte på gjensidig utveksling av idear og røynsler, vidareføring av
prosjekt, evaluering og kontinuerleg utvikling av god
formidlingsmetodikk. I ein slik strategi vil folkebiblioteka,
som er dei fremste formidlarne av litteratur til alle landets
lesarar, spela ei nøkkelrolle.
Bibliotektilbod for framandspråklege er svært
viktig. Biblioteka har sidan dei fyrste arbeidsinnvandrarane kom
til landet på 1970-talet, vore aktive for å skaffa og formidla
litteratur til både innvandrarar, flyktningar og asylsøkjarar på
morsmålet deira. Det har vist seg at biblioteka er eit lågterskel
kulturtilbod for dei framandspråklege, for born og vaksne, for
jenter og gutar. Deichmanske bibliotek har etablert etter
avtale med staten det framandspråklege biblioteket som har ei
sentral rolle i litteraturformidlinga når det gjeld
oppbygging av samlingar på aktuelle språk for innvandrarar og
flyktningar, men det er også bygd opp samlingar på aktuelle språk
ved mange andre bibliotek. Gledeleg her er at ein fleire
stader har fått til eit samarbeid med dei kommunale
innvandrarkontora, også på det økonomiske planet. Deichmanske
bibliotek har utvikla Bazar som er ei informasjonsteneste på 14
forskjellige språk, skreddarsydde for innvandrarar, flyktningar og
språklege minoritetar i Noreg. Bazar inneheld informasjon om
norsk samfunn og kultur, lenker til aviser frå heile verda,
adresser til organisasjonar for språklege minoritetar og eit
oversyn over bøker til lesetrening i norsk.
Folkebiblioteka spelar med andre
ord viktige roller i vårt fleirkulturelle samfunn. Det er ein
viktig diskusjon korleis folkebiblioteka og andre bibliotek kan
vera med å møta dei utfordringane som det fleirkulturelle samfunnet
gir oss.
Bibliotektilbod til blinde og døve er ei
prioritert oppgåve. For tida pågår det eit utviklingsprosjekt
i Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek med det overordna målet å
betra tenestene for blinde og synshemma. Dette gjeld
produksjon og distribusjon av både folkebiblioteklitteratur og
studielitteratur. Som eit hovudaspekt i prosjektet blir det
utvikla eit nærmare samarbeid mellom NLB og Nasjonalbiblioteket,
avdeling Rana, slik at ny teknologi blir utnytta til
beste for brukarane. Det blir lagt opp til eit breitt
samarbeid på områda lagring, produksjon, distribusjon og
formidling. NLB skal leggja fram ein rapport om
oppfylte målsettingar for departementet 1. juli 2004, slik at
vi kan gjera ei ny vurdering av institusjonen til hausten og ta ei
avgjerd når det gjeld framtidig organisering av verksemda.
ABM-utvikling fordeler årleg midlar til produksjon av
teiknspråkvideoar for born. Midlane rekk berre til 3-5 årlege
produksjonar, årleg sum til fordeling er ca. 560 000.
Det er utarbeidd ein opptrappingsplan med eit mål om
13-14 årlege produksjonar. Dit er det altså eit stykke
att.
Fengselsbibliotek har vore i søkelyset fleire
gonger i det siste, og er eit felt som må prioriterast.
Bibliotektilbodet i fengsla blir brukt mykje, dette er eit
viktig tilbod til dei innsette, både som stønad for den utdanninga
mange av dei tar, og som eit fritidstilbod. Eit samarbeid med
organiseringa av utdanningstilboda i fengsla vil kunne gi eit betre
samla tilbod. Eg har tidlegare svart på spørsmål i
Stortinget om bibliotektilbod i fengsla, og det er gitt signal om
ei opptrapping slik at tilbodet skal kunne vera meir i samsvar med
behovet. Ei målsetjing må vera at alle innsette får eit
tilbod så raskt som mogeleg. Dette er eit krav som ligg i Lov
om folkebibliotek, og som ikkje er oppfylt i dag.
Litteraturformidlingsprosjekt finn vi i fleire
variantar. Eg vil nemna nokre av dei.
Prosjekt leseombod har fått prosjektmidlar frå
ABM-utvikling. Telemark-prosjektet: leseombod i tre kommunar,
går ut på at leseomboda skal lesa for dei som sjølv ikkje kan lesa,
her psykisk utviklingshemma, og inspirera andre tilsette til å
lesa. Dei som arbeider nær dei psykisk utviklingshemma i
bufellesskap, dagsenter og liknande skal bruka litt av arbeidstida
si til å lesa for dei. Leseomboda skal få opplæring i
prosjektet.
Lesehola er eit prosjekt som blir gjennomført av
Deichmanske bibliotek. Lesehola skal ta i bruk ei ny
formidlingsform for barnelitteratur, gjennom å bruka breiband og ny
teknologi i samband med Internett. Hovudmålsetjinga er å auka
barn si leselyst og leseglede gjennom å gjera tilgjengeleg og
formidla barnelitteraturen ved hjelp av ny teknologi.
Lesehola skal bli ei kjelde til oppleving omkring den gode
samtidslitteraturen for barn. Målgruppa for prosjektet er
barn mellom 8-12 år.
Foreningen !les ønskjer i samarbeid med
ABM-utvikling, ”Den kulturelle skulesekken” og ”Noreg 2005” å
arrangera eit leseår i 2005. Målsetjinga for Leseåret er å få
fleire menneske til å lesa fleire bøker, gjera breiare deler av den
norske litteraturen kjend for fleire, og ikkje minst å inspirera
ungdom til å ta steget inn i litteraturens verd. Foreningen
!les vil bruka leseåret til å setja i gang ein del tiltak som kan
halda fram etter at leseåret er over. Eit slikt år vil då
både kunne vera ein eingongsinspirasjon for mange, samtidig som det
vil ha varig verdi for litteraturformidlinga i Noreg.
Til slutt vil eg seia noko om IFLA
2005: Libraries: A voyage of discovery, som skal finna stad i Oslo,
14.-18. august 2005.
IFLA-konferansen har to gonger
tidlegare vore arrangert i Oslo, i 1947 og i 1975. Norsk
Bibliotekforening tok i 1999 initiativet til å søkja IFLA om å få
konferansen ein tredje gong og sende i 2000 den formelle søknaden
om å bli arrangør for konferansen i 2005. Oslo vart gitt
arrangementet i skarp konkurranse med andre søkjarland.
- Eit stort og viktig internasjonalt arrangement er altså lagt
til Noreg og Oslo i 2005. Og det er ikkje heilt tilfeldig at det
fell saman med 100 årsmarkeringa av Noreg som sjølvstendig
nasjon.
- Konferansen vert støtta av KKD og UFD, og Biblioteksentralen er
hovudsponsor.
- Det er oppretta eit stipendprogram via Norad på 1,2 mill. for
at bibliotekfolk frå den tredje verda skal kunna delta. Dette er
svært viktig!
Foreningen IFLA 2005 Oslo vart stifta 19. mars
2001. Leiar Jon Bing og medlem av hovudkomiteen vart valde,
eit arbeidsutval vart sett ned og vedtekter fastsatt. Hausten
2002 oppretta foreininga eit eige sekretariat og det vart
tilsett ein generalsekretær.
IFLA og organa
deira har ansvar for det faglege programmet under
konferansen. Den nasjonale organisasjonskomiteen har ansvar
for den totale ramma rundt arrangementet og har oppretta ei rekkje
underkomitear for å vareta dei ulike sidene.
Nasjonalbiblioteket sitt bygg på
Drammensveien i Oslo vil stå ferdig – det må visast fram!
Det er viktig at norske
bibliotekarar deltek i kongressen som vertskap for å marknadsføra
norsk bibliotek- og kulturpolitikk og for å skaffa seg
internasjonale kontaktar. IFLA 2005 treng 200 frivillige,
fagkyndige bibliotekarar for å skapa den konferansen og det
vertskap Noreg har lyst til å visa i 2005. Vi skal saman
gjera IFLA 2005 til ein vellykka internasjonal
bibliotekkonferanse.
Til slutt i dette innlegget vil eg
gjerne gi biblioteket eit ord med på vegen. Eg fann nokre aforismar
av Olav H. Hauge, der han reflekterer over liv og lesing.
Sanningi er sjeldan ny. Og har som
oftast vore sagd før. Men me lyt segja
og forma henne på nytt - før er ho
ikkje vår.
Ein les ein forfattar for å verta
styrkt i
trui på eigne meiningar.
Les du lenge nok og mykje nok um
det
nye, vert det gamalt. Nytt må luktast
eller anast gjennom skodda.