Allmennkringkastaroppdraget
Prinsipp for definisjon av
allmennkringkasting
President, utgangspunktet for
arbeidet med å presisera oppdraget til NRK var som nemnt
EU-kommisjonens retningsliner. EU aksepterer ein vid definisjon av
allmennkringkastaroppdraget. Samstundes må definisjonen vera presis
nok til å kunna kontrollera at lisensen ikkje har vore nytta til
aktivitetar som fell utanfor oppdraget. EU slår òg fast at
aktivitetar som ikkje har samanheng med dei demokratiske, sosiale
og kulturelle behova i samfunnet, ikkje kan omfattast av
oppdraget.
Utfordringa blir å presisera
oppdraget på ein slik måte at det samsvarar med EUs krav,
samstundes som definisjonen ikkje blir så detaljert at han blir ei
tvangstrøye i høve til nyskaping og utvikling for NRK. Definisjonen
må samstundes gjera det klart for publikum kva NRK skal levera.
Definisjonen må også vera så klar at staten på ein enkel måte kan
føra tilsyn med verksemda og føra ho i rett retning dersom noko går
gale.
Kva ligg i omgrepet
allmennkringkasting?
President, det er ikkje mogleg å
finna ein heilt eintydig og allmenngyldig definisjon av omgrepet
allmennkringkasting. Innhaldet i omgrepet varierer frå land til
land ut frå kulturelle og sosiale skilnader. Men òg i dei einskilde
landa er det ofte debatt mellom blant anna kringkastarar,
medieforskarar og politikarar kva omgrepet inneber.
Nokre overordna prinsipp knytta til
allmennkringkasting finst det likevel. Allmennkringkastarane skal
tene dei demokratiske verdiane i eit samfunn, dei skal ta vare på
og utvikla nasjonal kultur og identitet og dei skal sikra kulturelt
mangfald. Viktige prinsipp er òg breidde i programtilbodet,
redaksjonelt sjølvstende og at det skal vera mogleg for heile
folket å ta i mot sendingane.
Avgrensing av NRKs
allmennkringkastaroppdrag
President, eg meiner det er logisk
å dela NRKs oppdrag inn i tre nivå. Det første nivået,
kjerneverksemda, er å driva dei tre riksdekkjande radiokanalane og
dei to riksdekkjande fjernsynskanalane. Dette nivået vert
finansiert i hovudsak av lisensmidlar, men kan òg i nokon grad
finansierast av sponsormidlar.
Det andre nivået omfattar anna
redaksjonell verksemd, som til dømes tekst-tv og ulike
Internett-tilbod. Dette nivået har i dag blandingsfinansiering, med
sponsing og reklame i tillegg til lisensen.
Det tredje nivået omfattar ymse
typar kommersiell verksemd som ligg utanfor det klassiske oppdraget
som allmennkringkastarane har, til dømes lisensiering av produkt og
sal av program. Dette nivået kan ikkje finansierast med
lisensmidlar. Overskotet frå den forretningsmessige drifta skal
nyttast til å finansiere programproduksjon og programkjøp.
Hovudoppgåva for NRK skal framleis
vera å senda radio og fjernsyn av høg kvalitet til heile folket. Eg
meiner det er viktig at NRK har ein sentral posisjon i den norske
mediemarknaden også i framtida. Det vil ikkje vera mogleg dersom
NRK til dømes ikkje kan satsa på Internett. Med andre ord må NRK
kunna satsa breiare enn berre tradisjonell kringkasting, levera
andre medieprodukt, driva produksjon og distribusjon i andre medium
og nytta lisensmidlar til det. Vedtektene må spegla dette.
NRK kan i dag driva med kommersiell
verksemd slik selskapet sjølv vil. Det har Stortinget vedtatt. Eg
meiner dette er positivt, mellom anna fordi det gjer det mogleg for
NRK å skaffa auka midlar til allmennkringkasting. Den kommersielle
verksemda er skild ut i dotterselskapet NRK Aktivum.
President, grensene mellom
kommersiell verksemd og kjerneoppgåvene til NRK er ikkje alltid
klare. NRK kan i dag få sponsormidlar til å produsera og senda
visse typar program mot å identifisera sponsorane i eigne plakatar.
Mange meiner at dette minner om rein reklame. NRK opplyser at
verdien av sponsormidlane er om lag 30 – 35 millionar kroner årleg.
NRK er lisensfinansiert, og skal vera ein ikkje-kommersiell motvekt
til dei kommersielle kanalane. Eg vil difor nytta høvet, President,
til å reisa ein debatt om ikkje kjerneverksemda i NRK burde vera
heilt fri for slike kommersielle uttrykk.
Presisering av NRK sitt
allmennkringkastaroppdrag
President, eg tolkar det slik at
det særleg er kjerneverksemda i NRK, allmennkringkasting i radio og
fjernsyn, som Stortinget ønskjer å drøfta før vedtektene blir
presiserte
Redaksjonelle prinsipp
Som allmennkringkastar skal NRK driva si
programverksemd etter prinsippa for ytringsfridom og redaksjonelt
sjølvstende. Dette inneber at NRK skal vera uavhengig av politiske,
religiøse, økonomiske eller andre interesser. NRK skal gjennom
programverksemda medverka til å fremja informasjonsfridom, dei
demokratiske grunnverdiar og grunnleggjande menneskerettar. Eg vil
peika på at programverksemda skal vera prega av høg etisk standard
og vera balansert.
NRK må leggja særleg vekt på høg
etisk standard på den journalistiske dekninga si. Dette må òg
gjelda val av journalistiske metodar.
President, eg vil nytta høve til å
minna om det eg har sagt tidligare om dei overordna prinsippa for
staten sin styring av NRK, som fleirtalet i Stortinget har slutta
seg til: NRK må ha stor fridom innanfor rammene av
allmennkringkastaroppdraget. Staten som eigar av NRK skal først og
fremst styra på overordna politisk nivå. På den andre sida må
avgjerder som har direkte og vesentlege konsekvensar for sjølve
allmennkringkastingstilbodet vera ei politisk sak, som krev
handsaming i generalforsamlinga. I særlege høve kan det òg
vera naudsynt å leggja saka fram for Stortinget. All styring må
skje med respekt for NRK si rolle som redaksjonell verksemd.
Spørsmål om redaksjonell profil og innhaldet i konkrete program
ligg under redaktøransvaret og skal ikkje handsamast i politiske
organ.
Overordna krav til sendingane
NRK har eit særskilt ansvar for å tilby det norske
folket
eit breitt tilbod av nyhende, aktuell informasjon og
kulturstoff. Dette inneberer at programmenyen skal ha
tematisk og sjangermessig bredde, både når det gjeld samansettinga
av programkategoriar og samansettinga innanfor den einskilde
programkategori. Programtilbodet skal ha eit innhald som appellerer
til breie lag av folket og som sikrar interessene til minoritetar
og særskilte grupper. Slike grupper kan til dømes vera barn og
unge, eldre, funksjonshemma, den samiske befolkningsgruppa og andre
etniske og språklige minoritetar. Som lisensfinansiert kringkastar
har NRK òg eit særleg ansvar for å tilby kvalitetsprogram, smale
program og program som går analytisk til verks.
NRKs oppdrag, President, inneber òg
eit ansvar for å formidla scenekunst og musikk frå dei
institusjonane som får ein stor del statlege midlar frå
kulturbudsjettet. NRK har eit viktig ansvar i å bringa oppsetningar
og konsertar ut til heile landet. Dette vart tatt opp i
Kulturmeldinga som vart drøfta her i salen for kort tid sidan. Det
var ingen som ytra seg mot dette i debatten.
Men allmennkringkastarar kan ikkje
berre driva med formidling av det andre produserer. NRK må òg sjølv
ta ansvar for å produsera drama som tar utgangspunkt i norsk språk,
kultur og røyndom. Eg legg òg vekt på, President, at NRK skal ha
eit ansvar for sjølv å produsera musikk, både som del av eigne
program og som sjølvstendige sendingar.
I tillegg til å informera og
underhalda skal NRK vera ein aktiv aktør i det norske kulturlivet
og medverka til å
fremja norsk og samisk språk, identitet og kultur.
Som lisensfinansiert kringkaster har NRK eit særskilt ansvar for å
tilby program på norsk og med grunnlag i norsk kultur og tradisjon,
og for å formidla kultur og sikra kulturelt mangfald. President,
dei fleste har i dag i praksis grenselaus tilgang til utanlandske
medium gjennom Internett og utanlandske fjernsynskanalar. NRK har
ei viktig rolle i å tilby norskspråklege sendingar, og dette må i
framtida bli ein enno meir sentral del av verksemda.
Programtilbodet til NRK må difor i hovudsak bestå av sendingar på
norsk. P4 og Kanal 24 er forplikta til å senda 35 og 30 prosent
norsk musikk. NRK må liggja høgare enn dette, og det gjeld alle
kanalane, både i radio og fjernsyn.
Vidare ligg det fast at begge dei
offisielle målformene skal nyttast. Minst 25% av verbalinnslaga
skal vera på nynorsk. Dette bør òg gjelda teksting på TV. NRK sitt
ansvar for nynorsk må også komma til uttrykk på deira
Internettsider og i tekst-TV. Eg vil òg minna om at NRK sine
distriktssendingar har ei viktig språkpolitisk rolle i
nynorskfylka. Styret i NRK har vedtatt at det skal opprettast eit
kompetansesenter for nynorsk i Sogn og Fjordane. Senteret skal i
fyrste omgang driva opplæring av seks til åtte nynorskpraktikantar
i året. Neste steg er å utvikla det til eit nasjonalt nynorsk
kompetansesenter som etter planen skal vera i drift frå 1. januar
2005. Formålet er å fremja bruken av nynorsk i etermedia, men også
nynorsk på Internett. Dette er eit spanande prosjekt som eg vil
følgja nøye.
Barn og unge
President, barn og unge nyttar mykje tid til ymse medium.
TV-tilbodet til barn og unge aukar ved at kommersielle kanalar
utvidar tilbodet eller etablerer nytt innhald for denne målgruppa.
Etableringa av norskpråklege internasjonale barnekanalar kan vera
ein trussel mot oppslutninga om NRK sine barneprogram. Dei sender
program frå barna vaknar om morgonen til dei legg seg om kvelden.
Dei etablerer seg over heile verda med enorme arkiv som dei kan
senda frå utan at det kostar dei mykje. Desse kanalane vil vera ein
trussel for produksjon av nasjonale barneprogram – og for barn sin
kulturelle identitet. Dei internasjonale barnekanalane er sterkt
kommersielle, og sender frå avsendarland med andre reglar for
reklame retta mot barn enn dei norske.
Det er likevel gledeleg at når NRK
sender barneprogram er sjåarane til stades. NRKs Barne-TV har ein
marknadsdel på mellom 95 og 99 % i aldersgruppa 3 – 6 år.
President, satsinga på barn og unge må likevel styrkast, slik at
NRK kan laga eit nasjonalt alternativ til dei kommersielle kanalane
med eit betydeleg innslag av eigenproduksjon. Denne satsinga må òg
komma dei samiske barna til gode, der fjernsynstilbodet på samisk
for barn i dag berre er 15 minutt i veka.
President, når NRK 2 blir
tilgjengelig for alle gjennom digital distribusjon bør NRK 2 òg
utnyttast med auka tilbod til barn og unge som ein motvekt til dei
kommersielle kanalane.
Auka satsing på program for barn og
unge skal gjelda både i radio og i fjernsyn. Som lisensfinansiert
allmennkringkastar må NRK sørga for å ha eit best mogleg tilbod til
barn og unge. Dette tilbodet må vera mest mogleg fritt for
kommersiell påverknad.
Teksting for hørselshemma
President, det er om lag 600.000 hørselshemma i
Noreg. Det er viktig at denne gruppa får tilgang til fjernsynet.
Det ideelle hadde vore om alle sendingane til NRK var teksta for
hørselshemma. NRK har saman med TV2 drive forsøk med automatisk
teksting av alle tv-program, men tekniske problem gjer at dette
systemet ikkje fungerer. NRK tekstar no omlag 60 pst.
av sendingane sine, sjølv om det ikkje er stilt noko formelt krav
til dette. Dette er svært bra samanlikna med andre europeiske land.
Det er likevel eit mål at NRK tekstar enno fleire av
fjernsynsprogramma sine, særleg direktesende aktualitets- og
debattprogram. NRK driv, som ein av få kringkastarar i verda, ein
eigen satellittsend kanal med teiknspråk særskilt for døve.
Minoritetsgrupper
NRK skal spegla folket og gi alle eit tilbod. Eg
føreset difor at NRK også styrkjer tilbodet til andre
minoritetsgrupper. Dette tilbodet er ikkje godt nok i dag, korkje i
radio eller fjernsyn.
Distrikta
NRK sine distriktssendingar med radio og fjernsyn er ein
veldig viktig del av informasjonstilbodet. NRK sender no
distriktssendingar med fjernsyn i 10 regionar i landet. Dette har
vore ein suksess, og sjåartala aukar. Eg legg til grunn at NRK må
ha eit like godt distriktstilbod i fjernsyn i heile landet. NRK
opplyste i 2002 at det frå tredje kvartal i 2002 ville bli etablert
eigne sendingar i Nordland, men i eit svært avgrensa omfang.
Stortingets føresetnader i denne saka krev at det blir etablert eit
fullt utbygd distriktstilbod i Nordland. Eg har difor lagt
til grunn at dei sendingane som tok til i Nordland frå hausten 2002
var ein start, og at programtilbodet seinare ville bli
utvida. Eg held fast ved at Nordland skal ha det same
distriktstilbodet som andre delar av landet, og vil gjennom vedtak
i generalforsamlinga påleggja NRK å gjennomføra dette frå og med 1.
januar 2005.
Internett
Eg har merka meg at NRK i aukande grad sørger for at
tidlegare sendingar i størst mogleg grad er tilgjengeleg for
sjåarane via Internett. Det er gledeleg og viktig i ei tid der
folks bruk av medieprodukt i aukande grad er uavhengig av
sendeskjema. Dette gjeld ikkje minst historisk viktig
materiale.