Enklare og rimelegare for jegerane :
Endring av forskrift om viltkjøttkontroll
Å sikre trygg mat er hovedmålet med viltkjøttkontrollen. I
tillegg har Stortinget slått fast at den skal vere
sjølfinansierande. Det betyr ikkje at det skal vere unødig dyrt for
jegerane. Etter den debatten som har vore dei siste vekene, har eg
bedt matforvaltninga om å sjå på korleis kostnadene med
viltkontroll kan minkast. Resultatet er ei forskriftsendring som
gjer samarbeidet mellom dei kommunale næringsmiddeltilsyna og
jaktlaga meir effektivt. Då kan jaktlaga få ned prisane på
viltkjøttkontrollen, seier landbruksminister Lars
Sponheim.
Det grunnleggande ansvaret for at
viltkjøtt er trygg mat er det jegerane og jaktlaget som har. Kjøtt
som blir omsett kommersielt i Norge, også viltkjøtt, skal vere
kontrollert av det offentlege. Det offentlege næringsmiddeltilsynet
har ansvaret for at kjøttkontrollen blir gjennomført på ein
skikkeleg måte, på godkjente kontrollstader og at ukontrollert
kjøtt ikkje blir omsett. Viltkjøtt som jegerar sel i mindre mengder
direkte til forbrukaren (til dømes naboen) treng ikkje offentleg
kontroll.
Alle kontrollstader må igjennom ei
første gongs godkjenning. I forskriften slik den ligg føre, er
denne oppgåva gitt ein fast pris. Dette blir nå endra slik at
tilsynet kan prise denne tenesta
inntil eit maksimalbeløp på 3300 kroner. I praksis betyr
det at dersom det går raskt og er lett å godkjenne kontrollstaden,
så kan prisen bli lågare. Eg åpnar også for at godkjenninga av
kontrollstaden kan skje samstundes med kontrollen av første
slakt.
Eg oppfordrer fortsatt jaktlaga til
å slå seg saman og å redusere talet på kontrollstader.
Kjøttkontroll vil bli rimelegare når avgifta for godkjenning av den
einskilde kontrollstaden blir fordelt på fleire jaktlag. Timesatsen
for kontroll vil fortsatt vere på 400 kr.
Meir informasjon vil bli lagt ut
på:
http://www.snt.no/nytt/tema/jakt/