Regjeringa har avgjort at den beste
disponeringsløysinga for betongunderstellet til behandlings- og
kompressorplattforma TCP2 på Frigg-feltet er etterlating på staden.
Produksjonen frå feltet forventes å opphøyre sommaren 2004. Saka
blir no lagt fram for Stortinget.
Frigg-feltet er utbygd og vert
produsert i fellesskap mellom Noreg og Storbritannia. Olje- og
energidepartementet fekk i november 2001 oversendt avslutningsplan
for Frigg-feltet som blant anna omfattar endeleg disponering av tre
betongunderstell. Av desse står TCP2 på norsk side.
I september 2003 vart det bestemt
at overbygningen på TCP2 skal fjernast og takast til land.*
Britiske styresmakter har godkjent å etterlate dei to
betongunderstella på britisk side.
Basert på ei totalvurdering der ein
har teke omsyn til teknisk gjennomføring, tryggleik for personell,
miljøet, kostnader og verknader for andre brukarar av havet, tilrår
regjeringa at disponeringsløysinga for betongunderstellet TCP2 på
Frigg-feltet er etterlating på staden. Etterlating er grunngitt med
at ein fjerningsoperasjon inneber ein uakseptabelt høg risiko for
tap av menneskeliv og annan skade. Vurderinga er basert på
risikoanalysar utførte og verifiserte av uavhengig teknisk
ekspertise. I tillegg er ein fjerningsoperasjon vesentleg dyrare.
Tryggleiken for andre brukarar av havet vil bli ivareteke ved å
utplassere navigasjonsutstyr samt at betongunderstellet avmerkjast
på sjøkart.
I medhald av pliktene etter
OSPAR-konvensjonen (konvensjon av 1992 om vern av det marine miljø
i det nordaustlege Atlanterhavet) er det gjennomført konsultasjon
med dei andre konvensjonspartane. Ingen av desse har innvendingar
mot etterlating.
*Sjå
pressemelding av 26.
september 2003