Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Pressemelding, 28.08.2002

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Status: Arkivert

Pressemelding

Nr.: 97/2002
Dato: 28.08.02

Ny tildeling av regionale flyruter: Eit godt tilbod for passasjerar og næringsliv i heile landet

Samferdselsdepartementet har i dag tildelt einerett for drift av regionale flyruter ved dei 29 regionale lufthamnene i Noreg som er omfatta av ordninga med statleg driftstilskott. Tildelinga gjeld for perioden 1. april 2003 – 31. mars 2006.

Den gjennomsnittlege årlege godtgjersla frå staten til flyselskapa i kontraktperioden utgjer i alt 372 millionar kroner.

- Flyrutene på det regionale kortbanenettet er viktig for folk og næringsliv – særlig i distrikta. Rutene er og viktig for å utvikle robuste arbeidsmarknadsregionar. Dei regionale flyrutene har årleg om lag 1,5 millionar passasjerar, og det bør no vere eit grunnlag for å få til vekst i trafikken, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

- Ordninga med anbodskonkurranse har verka på ein positiv måte. Når fleire flyselskap leverer anbod for dei same rutene, er dette med på å sikre ein effektiv konkurranse. Passasjerar og næringsliv får eit godt flyrutetilbod. Eg er nøgd med at rutetilbodet kan oppretthaldast og utviklast vidare ved dei lufthamnene som inngår i ordninga med statleg tilskott til regional flyrutetrafikk, seier samferdselsministeren.

Vedtaka om tildeling av einerett for drift av regionale flyruter i Noreg er gjort etter ein open anbodskonkurranse i EØS-området. For dei til saman 15 ruteområda fekk Samferdselsdepartementet inn anbod frå fem norske, eitt svensk og eitt dansk flyselskap. Selskapa som hadde det lågaste kravet om godtgjersle frå staten for dei ulike ruteområda er valde, med føresetnad om at vedkommande selskap oppfyller alle dei vilkåra som er sett for drifta av den enkelte flyrute. Desse krava omfattar mellom anna billettprisar, talet på avgangar, storleik på flya og setekapasitet.

Tildelinga av einerett for drift av regionale flyruter, med driftstilskott frå staten, blir slik for perioden 1. april 2003 – 31. mars 2006:

Ruteområde

Flyselskap

Gjennomsnittleg tilskott pr. år (mill. kr.)

Flytype

1A Ruter mellom Kirkenes, Vadsø, Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg, Hammerfest og Alta

1B Vardø – Kirkenes

Widerøe's Flyveselskap ASA

56

Dash 8

2 Hasvik – Tromsø, Hasvik – Hammerfest, Sørkjosen – Tromsø

Widerøe's Flyveselskap ASA

12

Dash 8

3 Lakselv – Tromsø

Norwegian Air Shuttle AS

10

Fokker 50

4 Andenes – Bodø, Andenes – Tromsø

Norwegian Air Shuttle AS

14

Fokker 50

5 Stokmarknes – Bodø

Widerøe's Flyveselskap ASA

0

Dash 8

6A Svolvær – Bodø

6B Leknes – Bodø

Widerøe's Flyveselskap ASA

43

Dash 8

7 Røst – Bodø

KATO Airline AS

7

Dornier 228

8 Narvik (Framnes) – Bodø

KATO Airline AS

8

Dornier 228

9A Brønnøysund – Bodø, Brønnøysund – Trondheim

9B Sandnessjøen – Bodø, Sandnessjøen – Trondheim

Widerøe's Flyveselskap ASA

40

Dash 8

10A Mo i Rana – Bodø, Mo i Rana – Trondheim, Mosjøen – Bodø, Mosjøen – Trondheim

10B Namsos – Trondheim, Rørvik – Trondheim

Widerøe's Flyveselskap ASA

70

Dash 8

11 Florø – Oslo, Florø – Bergen

Danish Air Transport AS

20

ATR 42

12 Førde – Oslo, Førde – Bergen

Widerøe's Flyveselskap ASA

17

Dash 8

13A Sogndal – Oslo, Sogndal – Bergen

13B Sandane – Oslo, Sandane – Bergen, Ørsta/Volda – Oslo, Ørsta/Volda - Bergen

Widerøe's Flyveselskap ASA

60

Dash 8

14 Fagernes - Oslo

Coast Air AS

10

Jetstream 31

15 Røros - Oslo

Widerøe's Flyveselskap ASA

5

Dash 8

I alt

372

For nærmare opplysningar, sjå anbodsprotokollen (pdf, 318 kb)

Anbudsinnbydelse ruteflygninger i Norge 1. april 2003 – 31. mars 2006 (10.05.02)
Pressemelding 10.05.02: Anbudsinvitasjon: Drift av regionale flyruter
Pressemelding 18.06.02: Sju flyselskaper ønsker å drive regionale flyruter i Norge