Imarsundprosjektet: Ferjefritt
vegsamband mellom Tustna og Aure, ferdig i 2006
- Arbeidet med utbygging av Imarsundprosjektet kan ta til i
haust og vil vere ferdig i 2006. Utbygginga vil føre til kortare
reisetid og betre transporttilbod for folk og næringsliv i eit
område som særleg omfattar kommunane Frei, Kristiansund, Tustna,
Aure, Smøla og Hemne. Imarsundprosjektet er det første
ferjeavløysningsprosjektet der ein har tatt i bruk ei ny ordning
som gjer at innsparte statlege ferjetilskott kan inngå som ein del
av finansieringsopplegget for vegutbygging.
Dette seier samferdselsminister
Torild Skogsholm i samband med at det i statsråd i dag vart gjort
framlegg om utbygging og finansiering av Imarsundprosjektet.
Utbygginga av dette riksvegprosjektet omfattar 3,4 kilometer ny veg
på riksveg 680, med ei 580 meter lang bru over Imarsundet og ei 300
meter lang bru over Litjsundet. Gjennomføring av prosjektet vil gi
ferjefritt samband mellom dei to kommunane Tustna og Aure på
Nordmøre, i Møre og Romsdal.
Utbygginga fører til at
riksvegferjesambandet Aukan – Vinsternes kan leggjast ned, samtidig
som også ferjesambandet Aukan – Edøya (Smøla) – Forsnes (Hitra)
blir endra: Ferja til Forsnes blir lagt ned, og ferjestrekninga til
Smøla blir korta ned ved bygging av 1,3 kilometer ny veg på riksveg
669 til Sandvika og bygging av ei ny ferjekai i Sandvika i Tustna
kommune. Den nye ferjekaia i Sandvika vil erstatte dagens ferjekai
på Aukan og korte ned reisetida på ferjesambandet mellom Tustna og
Edøya i Smøla kommune med om lag 5 minutt.
Dei samla byggjekostnadene for
Imarsundprosjektet er rekna til 250 millionar 2004-kroner, fordelt
med 209 millionar kroner på sjølve Imarsundsambandet og 37
millionar kroner til ny veg til Sandvika og utbygging av ny
ferjekai i Sandvika. Eit eingongstilskott på 4 millionar kroner til
investering i kabelferje og vegutbetring på Solskjeløya inngår
dessutan i dei samla kostnadene for Imarsundprosjektet.
Finansieringsopplegg
Med 250 millionar kroner i
byggjekostnader og eit finansieringsopplegg som fører til 130
millionar kroner i kapitalkostnader, blir dei samla kostnadene for
Imarsundprosjektet på 380 millionar kroner.
Dei samla kostnadene på 380
millionar kroner skal finansierast slik:
- 99,5 millionar kroner blir dekt ved hjelp av bompengar:
Innkrevjing av forskotsbompengar vil skje i ferjesambanda Aukan –
Vinsternes, Seivika – Tømmervåg og Aukan – Edøya i to år. Etter
fullføring av Imarsundprosjektet er det lagt til grunn innkrevjing
av etterskottsbompengar i ferjesambanda Seivika – Tømmervåg og
Sandvika – Edøya og ved ein bomstasjon på den nye riksveg 680 i
Aure, om lag 700 meter aust for den nye brua over Litjsundet.
- 15 millionar kroner er eit tilskott frå Kommunal- og
regionaldepartementet, på vilkår av at det mellom anna blir
tilslutnad til samanslåing av kommunane Tustna og Aure.
- 18,5 millionar kroner er eit samla tilskott frå kommunane
Tustna og Aure, fordelt over fem år. Etter vedtak i dei to
kommunane er tilskottet gjort avhengig av at det blir tilslutnad
til ei samanslåing av dei to kommunane, slik at delar av innsparte
utgifter som følgje av ei kommunesamanslåing kan nyttast som
tilskott til Imarsundprosjektet.
- 180 millionar blir finansiert ved at bompengeselskapet
forskotterer innsparte statlege tilskott til drift av ferjesamband
i området, korrigert for auka drifts- og vedlikehaldsutgifter på
vegnettet. Det er lagt opp til at staten skal tilbakebetale
forskotteringa gjennom årlege utbetalingar over 15 år.
- 67 millionar kroner blir finansiert ved at bompengeselskapet
forskotterer innsparte tilskott til dekning av kapitalkostnader for
ei ferje. Staten vil betale tilbake forskotteringa gjennom årlege
utbetalingar over 15 år.
Dette finansieringsopplegget,
medrekna opplegget for bompengeinnkrevjing, er i samsvar med
lokalpolitiske vedtak.
Til redaksjonen
For meir informasjon – sjå:
