Nasjonal transportplan 2006-2015: Auka
innsats for rassikring
Regjeringa går inn for at det i perioden 2006-2015 skal
brukast om lag to milliardar kroner til særskilte tiltak som sikrar
mot ras på vegane. Midlane kan nyttast både på riks- og
fylkesvegar. I tillegg vil det innanfor den ordinære ramma for
riksveginvesteringar bli gjennomført ei rekkje utbyggingsprosjekt
som mellom anna vil gi vesentleg betre rassikring på fleire utsette
strekningar.
Dette går fram av stortingsmeldinga
om Nasjonal transportplan 2006-2015.
- Rassikring er viktig for å få
bort noko av den uvissa og uroa som mange opplever fordi til dømes
skoletransport dagleg må passere rasutsette strekningar. Ras og
rasfare fører også til dårlegare og meir upåliteleg transport for
næringslivet i distrikta. Rassikring er difor mange stader
avgjerande for at folk og næringsliv skal ha eit trygt og tenleg
transporttilbod, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.
I fylke med rasutsette strekningar
er det stort lokalt engasjement for å få sikra desse strekningane.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at fylkeskommunane følgjer
opp dette lokale engasjementet og at dei i sine handlingsprogram
prioriterer tiltak som er med på å sikre rasutsatte vegstrekningar.
Dette vil, saman med regjeringa sin satsing på om lag to milliardar
kroner, gje rom for styrka rassikring av vegane i
planperioden.