Utstein-gruppa får internasjonal
pris
Utstein-gruppa, der
utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson er ein av fire
opphavelege medlemmar, mottar tysdag 29. april kl. 18.00 prisen
"2003 Commitment to Development Award" i Washington D.C.
Center for Global Development og
tidsskriftet Foreign Policy har vald Utstein-gruppa som fyrste
vinnar av ein pris som skal delast ut kvart år til "eit individ, ei
gruppe eller organisasjon som har gjort ein vesentleg innsats for å
endre haldningar og politikk i den rike delen av verda i høve til
verdas fattige".
Utstein-gruppa får prisen for sin
"visjon og vilje for å redusere global fattigdom og ulikskap, for
si evne til å tenkje nytt innan utviklingsfeltet og for deira
vektlegging av politisk samordning når det gjeld å få til
resultat".
Det er dei fire opphavelege
Utstein-medlemmane som får prisen: Tidlegare utviklingsminister i
Nederland, Eveline Herfkens, utviklingsminister i Storbritannia,
Clare Short, minister for økonomisk samarbeid og utvikling i
Tyskland, Heidemarie Wieczorek-Zeul, samt utviklingsminister Hilde
Frafjord Johnson. Utstein-gruppa vart danna i 1999 etter eit fyrste
møte på Utstein Kloster i Rogaland. Som eit effektivt
kontaktnettverk har Utstein-samarbeidet medverka til auka
gjennomslagskraft for gruppas utviklingspolitikk i internasjonal
samanheng.
Pressekontakt: Informasjonssjef
Espen Gullikstad, mobil 91 70 81 22
Vedlagt er
pristildelarane si eiga
pressemelding (word).