Nytt program for digital kompetanse i
skulen
Regjeringa vidarefører satsinga på informasjons- og
kommunikasjonsteknologi (IKT) i norsk utdanning. I 2004 lanserer
Utdannings- og forskingsdepartementet det nye opplegget sitt, som
har fått namnet Program for digital kompetanse.
Det nye programmet skal gå til og
med 2008 og blir sett i nær samanheng med oppfølginga av
innstillinga frå Kvalitetsutvalet. For oppstartsåret 2004 er det
sett av 124 millionar kroner til programmet.
Det inneverande programmet for IKT
i norsk utdanning blir avslutta ved utgangen av 2003. Programmet
har gått over fire år, og til saman i perioden har det blitt løyvd
rundt ein milliard statlege kroner. I tillegg bidreg kommunane –
som skuleeigarar – med eigne midlar. Satsinga har ført til at
skulane har blitt monaleg styrkte på dette området. Dei siste par
åra er det dessutan gjort eit lyft for å styrkje kompetansen til
lærarane i pedagogisk bruk av IKT.
Visjonen for det nye
femårsprogrammet er at eit nyskapande og kvalitetsorientert
utdanningssystem må setje digital kompetanse på dagsordenen. Det
inneber at både lærarar og elevar skal kunne meistre teknologien på
ein sikker, fortruleg og kreativ måte for å utvikle den kunnskapen
dei treng for å vere fullverdige deltakarar i
informasjonssamfunnet.
Dette er hovudmåla for
programmet:
- I 2008 skal digital kompetanse stå sentralt i opplæringa på
alle nivå.
- Samstundes skal det norske utdanningssystemet vere blant dei
fremste i verda når det gjeld å utnytte IKT i undervisning og
læring.
- IKT skal vere eit integrert verkemiddel for nyskaping og
kvalitetsutvikling i norsk utdanning.
- I 2008 skal norske skular ha ein infrastruktur som held høg
kvalitet. Klasserom og andre læringsarenaer skal ha teknisk utstyr
og nettilkopling med tilstrekkeleg bandbreidd. Sikre og
kostnadseffektive driftsløysingar skal støtte bruken av IKT i
læringsarbeidet.
Programmet har fire
satsingsområde:
- Kompetanseutvikling. Det er nødvendig å gi både lærarar,
elevar, studentar og lærlingar nødvendig kompetanse for at dei skal
kunne utnytte IKT i læring, arbeid og privat.
- Digitale læringsressursar. Ein føresetnad for å sikre
kompetanseutvikling er at gode og tidsmessige pedagogiske
læringsressursar er digitalt tilgjengelege.
- Infrastruktur. God infrastruktur dannar grunnlaget for å kunne
ta i bruk IKT, inkludert digitale læringsressursar, i
utdanninga.
- Forsking, forsøk og utvikling. Dette er heilt sentrale oppgåver
for å utvikle betre metodar og spreie nødvendig kunnskap om korleis
IKT kan utnyttast betre i undervisning og læring.