350 nye doktorgradsstillingar og nye
universitets- og høgskulebygg
Regjeringa vil prioritere midlar til 350 nye
doktorgradsstillingar ved universitet og høgskular frå hausten
2006. Regjeringa foreslår å gi 10 millionar kroner i starttilskot
til nybyggprosjektet Samisk vitskapsbygg i Kautokeino og 30
millionar kroner til å rehabilitere Sørhellingabygget ved
Universitetet for miljø- og biovitskap. Løyvingane til
Kvalitetsreforma på 1 144 millionar kroner blir vidareførte på
same reelle nivå og gjorde permanente.
Dette er hovudpunkta i
budsjettframlegget for høgare utdanning. Samla er det foreslått å
løyve nær 20,3 milliardar kroner til universitet og høgskular. Som
følgje av auken i talet på avlagde studiepoeng gir den
resultatbaserte undervisningsfinansieringa av universitet og
høgskular ein auke på om lag 156 millionar kroner i forhold til
2005-budsjettet.
350 nye doktorgradsstillingar
Regjeringa foreslår å løyve om lag 132 millionar kroner
til dei 100 doktorgradsstillingane som blei oppretta hausten 2005,
og til 350 nye doktorgradsstillingar frå hausten 2006. Av dei 350
nye stillingane blir 250 lagde til universitets- og
høgskulesektoren, mens 100 blir lagde til Noregs forskingsråd. Av
stillingane i universitets- og høgskulesektoren går 185 til
universiteta, 15 til dei vitskaplege høgskulane og 40 til
høgskulane. I tillegg er det fordelt fem doktorgradsstillingar til
Universitetssenteret på Svalbard og fem til Studieprogram for
kunstnarleg utviklingsarbeid.
Nye bygg og nytt utstyr
Regjeringa foreslår ei rekkje løyvingar til nye bygg og
nytt utstyr:
- 10 millionar kroner til nybyggprosjektet Samisk vitskapsbygg i
Kautokeino
- 30 millionar kroner til å rehabilitere Sørhellingabygget ved
Universitetet for miljø- og biovitskap
- 130 millionar kroner til å vidareføre byggjeprosjekta ved
Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo (IFI II) og
til å samlokalisere Høgskolen i Vestfold
- Ei samla løyving på 172 millionar kroner til utstyr og husleige
til bygga ved Noregs musikkhøgskole, høgskulane Nesna og Østfold,
Universitetet i Stavanger, Studentsenteret ved Universitetet i
Bergen og Svalbard forskingspark
Breibandssatsing
Regjeringa foreslår å løyve 12,6 millionar kroner til å
byggje ut nettinfrastrukturen ved norske forskingsinstitusjonar.
Gigacampus-prosjektet skal gi standardisert opprusting av den
lokale campusinfrastrukturen og den lokale IKT-kompetansen ved
institusjonane. Tiltaket skal fremje kostnadseffektive og gode
fellesløysingar og føre til ein kraftig auke i trafikkapasiteten,
slik at tenestene når fram til brukaren på ein rask og sikker
måte.
Meir til Holocaustsenteret
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Senter for studier
av Holocaust og livssynsminoriteters stilling i Norge med 5
millionar kroner som ei eingongsløyving i 2006. Løyvinga utgjer med
dette 22 millionar kroner i 2006. Senteret driv verksemd knytt til
forsking, undervisning og formidling på områda holocaust,
folkemord, menneskerettar og minoritetsspørsmål. Barn og unge er ei
viktig målgruppe for verksemda ved senteret.
Styrking av private høgskular
Regjeringa foreslår å styrkje løyvingane til
Mediehøgskolen Gimlekollen med 2 millionar kroner knytt til nye
studietilbod. Vidare foreslår Regjeringa å styrkje Rogaland
Høgskole, Misjonshøgskolen i Stavanger og Norges
Informasjonsteknologiske Høgskole med til saman 4,8 millionar
kroner.
Styrking av Nasjonalt organ for kvalitet i
utdanninga
I framlegget til budsjettet har det å sikre og utvikle
kvaliteten i høgare utdanning høg prioritet. Nasjonalt organ for
kvalitet i utdanninga (NOKUT) er eit uavhengig statleg organ som
skal utvikle og kontrollere kvaliteten ved norske høgare
utdanningsinstitusjonar. Regjeringa foreslår å styrkje NOKUT med
4,2 millionar kroner i 2006.
Nordlysobservatoriet på Svalbard
Regjeringa foreslår å løyve 2,5 millionar kroner til å
drive ein feltstasjon for nordlysobservatoriet på Svalbard.
Kontaktperson: Erik Bolstad Pettersen, tlf. 22 24 77 31,
Universitets- og høgskuleavdelinga