Kraftig auke i forskingsmidlane
I statsbudsjettet for 2006 foreslår Regjeringa å auke dei
samla løyvingane til forsking og utvikling (FoU) med om lag
1,4 milliardar kroner. I tillegg foreslår Regjeringa å auke
kapitalen i fondet for forsking og nyskaping med 39 milliardar
kroner til 75 milliardar kroner. Det gir ytterlegare 1,4
milliardar kroner til forskingsformål i 2007, gitt den renta vi har
i dag.
Regjeringa har som mål at den samla
satsinga på forsking og utvikling skal auke til 3 prosent av
brutto nasjonalprodukt (BNP) innan 2010. Den offentlege satsinga
skal utgjere 1 prosent av BNP. Budsjettforslaget inneheld ein
opptrappingsplan for den offentlege forskingsinnsatsen fram mot
2010. I planen er det rekna med eit årleg vekstbehov over
statsbudsjettet på om lag 1,3 milliardar kroner.
Med forslaga til vedtak i
2006-budsjettet sikrar Regjeringa vekst i tråd med planen dei to
første åra. I opptrappingsplanen går Regjeringa òg inn for å auke
fondet for forsking og nyskaping med ytterlegare 25 milliardar
kroner til 100 milliardar kroner i 2007. Regjeringa har med det
sikra eit svært godt grunnlag for å nå måla i St.meld. nr. 20
(2004–2005)
Vilje til forskning.
I tråd med forskingsmeldinga
styrkjer Regjeringa løyvingane til grunnforsking,
internasjonalisering og forskingsbasert nyskaping og
innovasjon.
Regjeringa vil leggje til rette for
auka rekruttering til forsking og betre vilkår for langsiktig,
grunnleggjande forsking og foreslår mellom anna
- å opprette 350 øyremerkte stipendiatstillingar frå hausten 2006
(250 blir foreslått fordelte direkte til universitet og høgskular,
100 er lagde til ei ny ordning med frie stipend i Forskingsrådet,
der kvalitet og originalitet skal vere dei einaste
tildelingskriteria)[JOH1]
- å styrkje løyvinga til fri prosjektstøtte i Forskingsrådet med
50 millionar kroner
- å styrkje basisløyvingane til miljøforskingsinstitutta og dei
teknisk-industrielle institutta
- å etablere ei ordning for å finansiere små driftsmidlar
- å opprette ei ordning for å auke private donasjonar til
grunnforsking
- å øyremerkje avkastinga av 12,5 milliardar kroner frå dei auka
midlane i forskingsfondet i 2006 til vitskapleg utstyr i 2007
Innanfor forskingsbasert nyskaping
og innovasjon foreslår Regjeringa ein kraftig auke i løyvingane til
brukarstyrt forsking, forskings- og utviklingskontraktar og
kommersialisering av forskingsresultat. Samla blir det foreslått
ein vekst på rundt 250 millionar kroner til desse formåla
over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet. I tillegg
kjem midlar frå andre departement. Det blir òg lansert to nye
større satsingar: Senter for forskingsdriven
innovasjon[JOH2] , som skal fremje langsiktig
forskingssamarbeid mellom akademia og næringslivet, og Norwegian
Centres of Expertise, som skal styrkje dei regionale nettverka
mellom FoU-institusjonar, næringslivet og styresmaktene.
Regjeringa vil sikre at
petroleumssektoren held fram med å vere ein viktig bidragsytar til
finansieringa av velferdssamfunnet. Løyvingane til
petroleumsforsking er derfor foreslått utvida med til saman rundt
100 millionar kroner over budsjetta til Olje- og
energidepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet.
Budsjettforslaget inneber òg ei
styrking av internasjonalt forskingssamarbeid. Forskingssamarbeidet
med Nord-Amerika blir styrkt over budsjetta til fleire av
departementa. Regjeringa foreslår dessutan å auke løyvingane til
internasjonal romforsking og polarforsking.