Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Pressemelding, 01.06.2001

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet (Opprettet 01.01.1998)

Status: Arkivert

Pressemelding

Nr.: 74/2001
Dato: 01.06.2001

Geir Barvik ny husbankdirektør

Geir Barvik er i statsråd i dag tilsett som administrerande direktør for Den norske statens husbank for ein 6–årsperiode.

Barvik har arbeidd på det bustadpolitiske området i mange år, og er no avdelingsdirektør i Bustad- og bygningsavdelinga i Kommunal og regionaldepartementet. Han kjenner Husbanken godt, også fordi han har vore utgreiar i banken. Barvik har også arbeidd som konsulent i økonomistyring og organisasjonsutvikling i firmaet Stradec.

Barvik har samfunnsvitskapleg utdanning, med sosialøkonomi i fagkrinsen.

Han er 43 år, gift, har to barn og er busett i Asker.

Barvik tek over etter Lars Wilhelmsen som tiltrådde som arbeidsdirektør 19. februar.


Redaksjonen står fritt til å bruke dette biletet av Barvik.


Foto: Roger Holmsen

[ 1368x1712 JPG-format 303 KB ]
[ 1368x1712 TIFF-format ca. 3 MB ]