Historisk arkiv

Giske med stavkyrkje som folkegåve til Island

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

27.07.00 Statsråd Trond Giske vil førstkomande sundag overlevere ei stavkyrkje til Island i samband med tusenårsmarkeringa for innføringa av kristendommen.

Pressemelding

Nr.: 068-00
Dato: 27.07.00

Giske med stavkyrkje som folkegåve til Island

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Trond Giske overleverte 30. juli ei stavkyrkje til Island som folkegåve i samband med tusenårsmarkeringa for innføringa av kristendommen. Etter islandske segn let Olav Tryggvason og hans menn i år 1000 byggje ei trekyrkje i Island som ei gåve til islendingane. Alle spor etter denne og andre stavkyrkjer i Island er no borte, og det var dette som fødde ideen om at ei stavkyrkje kunne vere høveleg som folkegåve til Island i høve jubileet.

Det er Haltdalen stavkyrkje frå Sør-Trøndelag som har vore modell for kyrkja som offisielt vil bli overlevert sundag. Denne er valt fordi den minner om dei tidlege islandske stavkyrkjene.

Det var på vårparten i 1998 Stortinget vedtok at det skulle byggjast ei stavkyrkje, og at denne skulle vere ei gåve til Island frå Noreg. Norsk Institutt for kulturminneforskning, NIKU, har vore ansvarleg for gjennomføringa av arbeidet med den nye kyrkja.

Markeringa skjedde på Vestmannaøyane sundag 30. juli.

Giskes tale ved overleveringa på Vestmannaøyane 30. juli