Veiledninger og brosjyrer, 28.03.1996

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet (Opprettet 01.01.1991. Nedlagt 31.12.2001)

Status: Arkivert


Vidaregåande opplæring etter Reform 94

All ungdom mellom 16 og 19 år har rett til tre års opplæring som kan føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller delkompetanse. Fylkeskommunen skal sikre opplæringsretten ved å syte for nok plassar. Ei oppfølgingsteneste skal sikre opplæring for ungdom som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje er i skole eller har varig arbeid. Dette er og eit fylkeskommunalt ansvar.

Første året er tilbodet 13 breie grunnkurs. Spesialiseringa kjem i vidaregåande kurs I og II, og i opplæring i bedrift.

Dei som ønskjer det, kan også få studiekompetanse i tillegg til yrkeskompetanse.

Bakgrunn

Sidan den førre store reforma innanfor vidaregåande opplæring har det skjedd store endringar i samfunnet. Reform 94 er ei følgje av endringane både i samfunnet generelt og innanfor utdanningssektoren spesielt. Samstundes er reforma med på å stake ut kursen for ein heilskapleg utdanningspolitikk ved inngangen til det neste hundreåret.

I utdanningssektoren har det dei siste 15-20 åra skjedd ei markert utbygging. Fleire får utdanning i dag enn tidlegare, og stadig fleire unge tek vidaregåande opplæring. I 1977-78 var elevtalet i vidaregåande opplæring om lag 135 000. Dette talet steig til om lag 210 000 i skoleåret 1991-92.

Det var fleire trekk ved vidaregåande opplæring som gjorde at Reform 94 var nødvendig:

  • Spesialiseringa, særleg på grunnkursnivået, var for omfattande.
  • Tilboda var mange og uoversiktlege.
  • Mange vidaregåande utdanningsløp resulterte ikkje i ei 3-årig opplæring.
  • Gjennomstrøyminga i skolen var dårleg.
  • Samanhengen mellom opplæring i skole og opplæring i arbeidslivet var stort sett for dårleg.
  • Det var for få opplæringsplassar i arbeidslivet og mindre høve til å fullføre yrkesfagleg opplæring.
  • Reglane for studiekompetanse var innvikla og uoversiktlege.

Generelle mål

All ungdom kan no få ei opplæring som kan føre fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Dette vert oppnådd m.a. ved at

  • tilboda i kvar fylkeskommune vert bygd ut
  • strukturen i opplæringa gir god gjennomstrøyming og utnyttar ressursane effektivt
  • reforma legg opp til brei opplæring, særleg på grunnkursa
  • det er god samordning mellom opplæring i skole og i bedrift
  • det er lettare å få tilgjenge til høgre utdanning frå fag- og yrkesopplæringa

Retten til vidaregåande opplæring

Reform 94 gir unge som har fullført grunnskolen våren 94 eller seinare, lovfesta rett til tre-årig heiltids vidaregåande opplæring. Denne skal normalt føre fram til studiekompetanse, fagbrev/sveinebrev, annan yrkeskompetanse eller dokumentert delkompetanse.

Dei som etter sakkunnig vurdering treng tilrettelagd opplæring, kan få opplæring i meir enn tre år, men ikkje ut over 5 år eller etter fylte 22 år.

Ungdommar med rett til vidaregåande opplæring har også rett til plass på eitt av dei tre grunnkursa dei har valt. Dei som har rett til tilrettelagd opplæring, skal etter sakkunnig vurdering få tilbod om førstevalet sitt.

Opplæringa må ta til innan eitt år etter at grunnskolen er avslutta dersom elevar som har rett til tre års opplæring skal kunne fullføre med studie- eller yrkeskompetanse. Alternativt kan dei utsetje eller avbryte opplæringa i eitt år, slik at opplæringsretten blir teken ut i løpet av fire år.

Fylkeskommunen har lovfesta plikt til å skaffe nok plassar, og skal også sørgje for at vaksne utan opplæringsrett har høve til å ta vidaregåande opplæring.

Struktur

Reform 94 er tilpassa eit samfunn som endrar seg raskt. Det er lagt vekt på å gi ei brei opplæring, som skal gi grunnlag for utvikling og vidare læring etter skiftande behov. Strukturen er og med på å halde oppe eit desentralisert opplæringstilbod.

Reforma omfattar all vidaregåande opplæring, men dei mest omfattande endringane skjer innanfor yrkesopplæringa. Målet er ei opplæring som tilfredsstiller behovet for kompetanse i samfunnet, i arbeidslivet og hjå kvar einskild.

Elevane kan velje mellom 13 ulike grunnkurs:

  • Allmenne, økonomiske og administrative fag
  • Musikk, dans og drama
  • Idrettsfag
  • Helse- og sosialfag
  • Formgivingsfag
  • Naturbruk
  • Hotell- og næringsmiddelfag
  • Byggfag
  • Tekniske byggfag
  • Elektrofag
  • Mekaniske fag
  • Kjemi- og prosessfag
  • Trearbeidsfag

Spesialiseringa på dei ulike områda kjem i vidaregåande kurs I og II. I fag som vert dekte av lov om fagopplæring i arbeidslivet, skjer den avsluttande spesialiseringa som opplæring i bedrift.

Opptak til vidaregåande kurs I skjer generelt på grunnlag av fullført grunnkurs.

Fagopplæring i skole og arbeidsliv

Hovudmodellen for fagopplæringa, dvs. for fag under lov om fagopplæring i arbeidslivet, er slik:

Dei to første åra (grunnkurs og vidaregåande kurs I) skjer opplæringa i skole. Den avsluttande opplæringa ( vidaregåande kurs II) vert teken i lærebedrift. Dette vert kalla "2+-modellen".

Som hovudregel skal opplæring i bedrift kombinerast med eitt års verdiskaping.

Staten gir tilskott til opplæringsdelen.

Organisasjonane til arbeidsgivarane og arbeidstakarane er aktivt med i arbeidet med å

  • berekne behovet for faglærte arbeidarar
  • sikre at det er nok læreplassar

Dersom det ikkje kan skaffast nok læreplassar, må fylkeskommunen tilby avsluttande opplæring i skole. Dei som tek avsluttande opplæring i lærebedrift, og dei som fullfører si yrkesutdanning i skole, gjennomgår den same fagprøven, og får det same fag- eller sveinebrevet når prøven er bestått.

Særskilde ordningar
I nokre få fag startar opplæringa i bedrift etter grunnkurset. Dette vert kalla særløp.

Personar som treng det, kan få særskild tilrettelagd opplæring. Det gjeld både opplegg, tid og det at opplæringa eventuelt tek sikte på delkompetanse.

Lite skolemotiverte elevar kan etter sakkunnig vurdering ta heile opplæringa i bedrift, men krava til teori og praksis er dei same som for elevar som har kombinert opplæring i skole og bedrift.

Personar som er eldre enn 21 år, kan ta heile fagopplæringa i lærebedrift.

Det er og høve til å ta fagprøve eller sveineprøve som privatist utan læretid i bedrift (§ 20-ordninga). Dette krev ein allsidig praksis som er minst 25% lengre enn den fastsette læretida i faget.

Oppfølgingsteneste

Fylkeskommunane har oppretta ei lovfesta oppfølgingsteneste for ungdom som har rett til opplæring, men som ikkje er i opplæring eller i arbeid.

Oppfølgingstenesta koordinerer tiltak for å få desse ungdommane inn i meiningsfull opplæring eller i arbeid.

Kompetanse

All vidaregåande opplæring skal normalt føre fram til ein avsluttande kompetanse:
studiekompetanse, yrkeskompetanse eller delkompetanse.

A Fagbrev/sveinebrev eller annan yrkeskompetanse

Dei som ønskjer det, kan få yrkeskompetanse gjennom opplæring i skole og/eller i arbeidslivet.

Fagbrev og sveinebrev

Lærlingar og elevar som har følgt opplæringa i fag under lov om fagopplæring i arbeidslivet, kan ta fag- eller sveineprøve. Opplæringa skjer i skole og i bedrift.

Fagbrev og sveinebrev vert gitt etter fullført fagprøve med godkjent resultat.

Annan yrkeskompetanse

I yrkesfag som ikkje ligg under lov om fagopplæring i arbeidslivet, skjer opplæringa i skole. Vitnemål vert skrive ut etter fullført og bestått tre-årig opplæring.

B Studiekompetanse

Dei kvalifikasjonane som er nødvendige for opptak til høgre utdanning, består av to delar:
a) Fullført og bestått tre-årig vidaregåande opplæring på alle studieretningane med vitnemål eller fag-/sveinebrev.
b) Kunnskapar innanfor desse fagområda som tilsvarer eit særskilt nivå:

Norsk 14 timar pr. veke
Engelsk 5 timar pr. veke
Samfunnslære 2 timar pr. veke
Nyare historie 4 timar pr. veke
Matematikk 5 timar pr. veke
Naturfag 5 timar pr. veke

Samla utgjer dette 35 veketimar.

Kompetansen kan oppnåast på ulike måtar:

1. Fullført og bestått 3 års vidaregåande opplæring på følgjande studieretningar:

Allmenne, økonomiske og administrative fag
Musikk, dans og drama
Idrettsfag
Naturbruk (berre i vidaregåande kurs II naturforvalting)
Formgivingsfag (berre i vidaregåande kurs II teikning, form og farge)

2. Etter to år med opplæring i yrkesfaglege studieretningar kan elevane velje eit spesielt vidaregåande kurs II med allmenne fag. Kurset vert kalla VkII allmennfagleg påbygging og har desse faga:

Norsk (10 timar pr. veke*
Matematikk ( 2 timar pr. veke)
Naturfag (3 timar pr. veke)
Engelsk (1 time pr. veke)
Nyare historie (4 timar pr. veke)
Kroppsøving ( 2 timar pr. veke)

*Elevar med samisk som morsmål: norsk 8 timar pr. veke og samisk 6 timar pr. veke

I tillegg vel elevane studieretningsfag frå studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag innanfor ramma på 30 veketimar. To timar valfag kan inngå i denne ramma.

3. Dei som har fullført si fagopplæring med fagbrev, sveinebrev eller ei anna yrkesopplæring, kan ta tilleggsopplæring i fag eller i modular i faga norsk, matematikk, naturfag, engelsk og nyare historie.

C Delkompetanse

Det vert gitt delkompetanseprov når elevar og lærlingar har fullført tre-årig eller fem-årig opplæring, men ikkje fyller vilkåra for vitnemål eller fag-/ sveinebrev.

Læreplanar

Læreplanverket for vidaregåande opplæring består av

  • ein generell del som slår fast dei overordna måla i opplæringa
  • fagspesifikke læreplanar som fastset mål og hovudmoment for opplæringa

Generell læreplan

Den generelle læreplanen tek utgangspunkt i mål i utdanningslovene og er eit overordna dokument. Han fastset grunnleggjande prinsipp for innhald og arbeidsmetodar i grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring.

Fagspesifikke læreplanar

Læreplanane fastset måla og hovudmomenta i opplæringsløpet og den kompetansen eleven og lærlingen skal nå gjennom opplæringa.

Følgjande prinsipp ligg til grunn for utforminga av læreplanane:

  1. Det skal vere ein læreplan for kvart fagområde, uavhengig av kvar opplæringa skjer eller kva grupper som får opplæring. (Tidlegare var det eigne planar for skolefag, fagopplæring, arbeidsmarknadskurs og vaksenopplæring).
  2. Læreplanane er inndelte i modular. Ein modul kan bestå av eit fag eller ein del av eit fag. Ved å dele inn i modular kan ein setje saman mindre delar av opplæringa til ein godkjend kompetanse. Dette kan vere aktuelt for vaksne, dei som deltek i arbeidsmarknadsopplæring, einskildelevar og grupper av elevar som av ulike grunnar ikkje følgjer eit vanleg opplæringsløp.
  3. Læreplanane skal beskrive den kompetansen som skal nåast når opplæringa er fullført.
  4. Eit breitt kunnskapssyn er lagt til grunn. Opplæringa skal omfatte faglege kunnskapar og dugleikar, etiske verdiar og personlege kvalitetar som kreativitet, evne til å arbeide sjølvstendig og evne til kommunikasjon og samarbeid. Internasjonalisering, miljølære og informasjonsteknologi er også inkludert i alle læreplanane.

Metodiske rettleiingar

Metodiske rettleiingar og elevheftet "Veiviseren" er støttemateriell til læreplanane. Dei viser mellom anna praktiske eksempel og røynsler. Siktemålet er å gi råd om korleis arbeidet kan leggjast opp slik at måla i læreplanane vert nådde.

Evaluering av Reform 94

Ulike forskingsinstitusjonar evaluerer Reform 94 løpande for å finne ut i kva grad sentrale mål vert nådde. Dette er viktig for å kunne justere og betre opplæringa dersom det syner seg nødvendig. Evalueringa vil halde fram til reforma er gjennomført i 1998.

Etterutdanning

Lærarar og rådgivarar får tilbod om etterutdanning for å kunne gi opplæring i samsvar med prinsippa i Reform 94 og dei nye læreplanane. Også dei som har ansvar for opplæringa i lærebedriftene, får tilbod om etterutdanning.

Medspelarar

Partane i arbeidslivet har vore med både i utviklinga og i gjennomføringa av Reform 94, særleg når det gjeld opplæringa under lov om fagopplæring i arbeidslivet.

Denne siden er sist oppdatert 28. mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen