Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Pressemelding, 28.10.2005

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne- og familiedepartementet (Opprettet 01.01.1991. Nedlagt 31.12.2005)

Status: Arkivert

Pressemelding

Nr.: 050107
Dato: 28.10.05

Krishna Chudasama utnemnd til statssekretær i Barne- og familiedepartementet

Krishna Chudasama kjem frå stillinga somsosialombod i Fredrikstad kommune. Ho har ein mastergrad i sosialt arbeid og er cand.polit i sosialt arbeid. I tillegg er ho sosionom, med tilleggsutdanning i leiing, rettleiing og kommunikasjon. Chudasama har vore leiar for likestillingsutvalet, vore kommunestyrerepresentant i Fredrikstad, delteke i minoritetsetnisk arbeidsgruppe i FO og vore vararepresentant til styret i ØAP.

Fødd: 07.08.61

Bustad: Fredrikstad

Sivilstatus: Gift, to born

CV:

Utdanning: Cand.polit i sosialt arbeid. Sosionom med tilleggsutdanning i leiing, rettleiing og kommunikasjon.

Yrkeserfaring: Sosialombod i Fredrikstad kommune, sosialkonsulent, mottakskonsulent, rettleiar og rådgivar.

Medlem av: Fagråd for Statens helse‑ og sosialtilsyn, Det regjeringsoppnemnde kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene, Kontaktforum i Østfold politidistrikt, og Brukarkontaktforum for Aetat.

Verv: Leiar for likestillingsutvalet, kommunestyrerepresentant i Fredrikstad, medlem av minoritetsetnisk arbeidsgruppe i FO, vararepresentant til styret i ØAP.

Kompetanse‑ og interesseområde: Studium av langtids sosialhjelpsmottakarar. Brukarmedverknad og etikk i sosialt arbeid. Sosialpolitikk og eventuelle samfunnsstrukturar som skaper taparar. Likestilling.