Historisk arkiv

Å dele for å skape

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

- Vi kan skape nye og betre tenester gjennom deling. Programkodar som forvaltninga får utvikla bør gjerast tilgjengelege som fri programvare for alle innbyggjarar, og det bør vere størst mogleg grad av openheit rundt utviklingsprosessane, sa fornyingsminister Heidi Grande Røys i sitt opningsinnlegg på GoOpen 2009.

- Vi kan skape nye og betre tenester gjennom deling. Programkodar som forvaltninga får utvikla bør gjerast tilgjengelege som fri programvare for alle innbyggjarar, og det bør vere størst mogleg grad av openheit rundt utviklingsprosessane, sa fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i sitt opningsinnlegg på GoOpen 2009, 16. april 20009.


Med atterhald om endringar under framføring. 

Å gi midlar slik at vi fekk etablert Kompetansesenteret for fri programvare visste eg var lurt. At alle de er her i dag viser at dette var ei heilt rett prioritering, at ikkje berre eg synest det var lurt – men svært mange fleire. Det er så absolutt trong for eit kompetansemiljø og faglege aktivitetar for bruk av fri programvare.

Eg vil snakke om to ting:
Først om korleis deling skaper nye verdiar. Deling skapar verdiar. Men å hevde at deling skapar verdiar er i grunnen svært lite kontroversielt. Mange vil kanskje seie at det er heilt sjølvsagt. Delingskulturen som no breier om seg er likevel ikkje noko sjølvsagt. Tvert om utfordrar denne kulturen den etablerte måten å arbeide og kommunisere på.

Det andre poenget mitt er difor er at vi no treng ein brei debatt som tek delingskulturen på alvor, og at vi slik kan forme ein politikk for framtida.

For nokre månader sidan kom eg over ein artikkel som handla om korleis eit forskarteam frå Iowa i USA hadde funne eit gen som var forbunde med epilepsi. Det gir oss god grunn til å tru ein kan komme langt i utvikle effektive medisinar for å halde epilepsi i sjakk. Bak funnet låg ein enorm innsats og funnet var overraskande og sensasjonelt, for dette genet hadde ingen andre kjende samband til sjukdommar. Ein hadde regelrett funne nåla i høystakken.

Det var forskarane i Iowa som kunne presentere funnet. Men det stod 25 andre forskarteam bak resultata, frå seks forskjellige land. Forskarane i Iowa var nøkterne kring både sin eigen og dei andre sin innsats. Utan å samarbeide, og utan å dele datasetta til kvarandre,  hadde ingen av dei åleine funne denne koplinga.

Dette er ei historie om den fantastiske utteljinga deling og samarbeid kan gi. Men det er inga uvanleg eller eineståande historie. Vitskapsmenn og vitskapskvinner har lenge fått fram dei mest utrulege resultat i samarbeid med andre. Forsking handlar om samarbeid, og det handlar om å bygge på andre sine resultat. Eg meinar at forskingsresultat bør vere fritt tilgjengelege – slik at så mange som mogeleg kan bruke kunnskapen. Difor er eg glad for at Forskingsrådet i januar bestemte at dei vil krevje at artiklar som er eit resultat av finansiering frå forskingsrådet, skal gjerast tilgjengeleg gjennom eigenarkivering eller Open Access publisering, så langt dette ikkje kjem i konflikt med forleggjaren sine rettar. Korleis dette skal implementerast i praksis vil Forskingsrådet komme tilbake til.
Den same delings- og samarbeidskulturen som forsking byggjer på, byggjer òg fri programvare på.

Offentleg sektor si rolle er å skape dei verdiane og tenestene som skal løysast i fellesskap. Og korleis gjer vi det? Jo, vi deler dei ressursane og verdiane som vert skapte i samfunnet. Du betalar skatt til det offentlege av dei verdiane du skapar, og får velferdstenester  gratis tilbake.

Kor mykje ein skal dele, kva ein skal dele – og om ein kan tvinge andre til å dele - det er kva politikk handlar om. Eg høyrer til eit politisk parti som meiner ein skal dele svært mykje.

Regjeringa la nyleg fram ei stortingsmelding om forvaltninga, ”Ei forvaltning for demokrati og fellesskap”. I denne meldinga legg vi fram for Stortinget forslag til korleis IKT-utvikling i offentleg sektor skal skje framover. Her tar vi nye grep som sikrar at vi kan dele.

Regjeringa har vedteke at nye IKT-prosjekt i staten skal følgje nokre enkle køyrereglar som gjer at heilskapen vert ivareteken, såkalla arkitekturprinsipp. Reglane seier at vi skal satse på fellesløysingar der mange har trong for det same, og vi alltid når vi lagar IT-løysingar skal leggje til rette for gjenbruk og samarbeid. Vi skal ha ein delingskultur som gjer at vi lærer av kvarandre. IKT-løysingar i det offentlege skal vere utforma som legoklossar som lettast mogeleg kan byggje på kvarandre. Vi skal kort sagt utnytte ressursane betre.

GoOpen handlar mest om fri programvare. Fri programvare for meg er eit slagkraftig bevis for at delingskultur får fram nye verdiar, og samtidig eit bevis på at dei samla verdiane kan verte større enn summen av kvar enkelt sin innsats.

Framveksten av sosiale nettsamfunn og den store utbreiinga av fri programvare peikar i retning av at det eksisterer ein sterk deltakar- og delingskultur i samfunnet. Dette skapar ei forventing, kanskje spesielt blant dei unge, om at deltaking i form av informasjonsdeling, brukarskapt innhald og dialog òg skal vere norma ved utvikling av offentlege elektroniske tenester. Forvaltninga bør, og kan, utnytte deltakar- og delingskulturen på nettet betre. I andre land ser vi at brukarskapte initiativ har skapt nye og lokale tenester på grunnlag av offentlege datakjelder. Forvaltninga bør i større grad gi slike initiativ tilgang til sine data og elektroniske tenester slik at brukarskapte tenester kan oppstå. Desse vil kunne vere eit nyttig supplement til dei eksisterande offentlege, elektroniske tenestene, samstundes som dei vil kunne peike på funksjonalitet som forvaltninga med fordel sjølv kan nytte.

Altså: Vi kan skape nye og betre tenester gjennom deling. Programkodar som forvaltninga får utvikla bør gjerast tilgjengelege som fri programvare for alle innbyggjarar, og det bør vere størst mogleg grad av openheit rundt utviklingsprosessane.

Då FAD rett før jul lanserte ei ny elektronisk reiserekning, gjorde vi nettopp dette. Vi la ut kjeldekoden og dokumentasjon under ein fri lisens – og oppretta ein prosjektnettstad der endringsynskje og kommentarar kunne leggjast inn. Då det viste seg at løysinga dessverre inneheldt mange feil, vart det likevel svært tydeleg for oss kor nyttig ein slik open modell er. Tilbakemeldingane og feilmeldingane vi får er som regel svært presise, noko som gjer at vi raskare kjem vidare.

På same måte har Helse Sør-Aust vald ein leverandør som baserer seg på fri programvare for ei ny løysning for sakshandsaming av helserefusjonar. Dette er eit stort innkjøp, på ca 40 millionar.

Eg vil ha fleire slike døme! Når offentleg sektor får utvikla programvare for seg, bør denne leggjast ut som fri programvare. Dette er bra for oppdragsgivaren, og det er bra for innbyggjarane.

Så til det andre poenget mitt, at vi treng ein politisk debatt som tek delingskulturen på alvor. IKT-politikken vedgår svært mange av oss. Ikkje berre er nesten alle på nett, men folk deltek òg i utviklinga av nettet. 1,5 millionar nordmenn har brukarkonto på Facebook. 44% har lasta ned eller lytta til musikk på nettet. 8 % har oppretta ein blogg og 34% les bloggar. Tek alle vi som nyttar desse tenestene alt dette for gitt?

Då Internettpioneren Vint Cerf gjesta Noreg i november 2007, sa han i eit møte hos meg at Internett sin sosiale påverknad og økonomiske suksess kan forklarast gjennom nettet sin arkitektur og design. Det er tre gylne reglar som gjeld: Ingen eig nettet, alle brukar det og alle kan leggje til tenester. Desse skil Internett frå alle tidlegare kommunikasjonsmedium.

Er det verkeleg så enkelt som det kan høyrast ut til? Og kva i eit framtidig perspektiv? For tre år sidan hadde knapt nok nokon høyrt om Facebook. Vil Facebook, Twitter og Youtube vere her om fem år?

Den sosiale weben utfordrar skiljet mellom kva som er personleg og privat og kva som er offentleg og kan delast. Samstundes vert Internett ein stadig viktigare arena for innovasjon, produktutvikling og samhandling. Delingskulturen på Internett utfordrar etablerte forretningsmodellar. Er det ikkje grunn til å tenkje nytt og annleis rundt eigarskap og distribusjon?

Eg har invitert nokre uavhengige aktørar til å bidra med sine tankar og meiningar om dette i form av artiklar. Desse skal verte utgitte enkeltvis på nettet, men òg samla i bokform. Eg vil seinare i dag opne nettstaden deltemeninger.no. Ved ulike mellomrom vil fleire artiklar verte slept ut på nettstaden, der boka i sin heilskap vil verte lagt fram seinare i vår. I dag kjem fem ulike artiklar på nettsida. Mellom anna skriv Håkon Wium Lie om tilgjengeleggjering av offentleg informasjon, Gisle Hannemyr om nettnøytralitet, Eirik Solheim om allmennkringkasting i framtida og Heidi Austlid om openheit. Artiklane og illustrasjonen vert utgitt med creative commons-lisens, slik at materialet kan brukast vidare av andre.

Når eg har teke initiativ til dette, så er det fordi vi treng ein debatt som skjerpar oss både i høve til fenomen som vi allereie ser, til dømes knytt til tilgjenge og openheit, men ikkje minst slik at vi kan førebu oss på nye og uventa utviklingstrekk. I kjølvatnet av at brukarane har etablert nye måtar å bruke nettet på, har det vakse fram ein kultur for deling og samarbeid.

Ei gjennomgåande oppfatning hos artikkelforfattarane er at Internett oppsto som eit populærfenomen fordi det er utvikla gjennom teknologi som var open, fri og tilgjengeleg, Kva kan det offentlege gjere for å styrkje både truverdige forretningsmodellar og fri innovasjon på nettet? Er standardisering ein reiskap for politisk styring av utviklinga av Internett? Kva er nettnøytralitet, og kan det sikrast gjennom regulering?

Dette er berre nokre av spørsmåla som vi stiller i debatten på deltemeninger.no.

Blir det debatt? Ja, det kjem an på dykk! Eg har nemleg prøvd før….
Med offentleggjeringa av stortingsmeldinga om IKT-politikk i desember 2006 inviterte eg òg til debatt. Det vart lagt inn ein debattfunksjon på regjeringa.no samstundes med at meldinga vart offentleggjord. Debatten i sin heilskap er framleis tilgjengeleg for dei som er interesserte: alle dei fire innlegga, der tre av dei handlar om kvifor meldinga var på nynorsk og det fjerde var oppteke av lokalisering av statlege tilsyn. Eg vil påstå at om ikkje verda har endra seg dramatisk sidan då, så har i alle fall informasjonssamfunnet gjort det. Ja, vi snakkar nesten ei tidsrekning, frå før og etter Facebook. Det er difor mange grunnar til at vi skal komme litt lenger denne gongen med debattforsøket denne gongen.
  
Eg går ut frå, og legg til grunn, at meiningane er delte. Mange vil ynskje dette bidraget velkommen. Nokon vil sikkert dømme det nord og ned. Nokon vil kanskje trekkje på skuldrane av det og tenkje kva så; det har òg tidlegare vore forsøk på å skape debatt og engasjement om IT-politikken. Det eg håpar er at vi kan ha ein romsleg og seriøs debatt, der ulike syn kan komme fram på ein open, fri og tilgjengeleg måte. Det er sikkert dei som vil vere ueinige i valet av artiklar og bidragsytarar, men eg vil utfordre alle som har meiningar om dette vil delta i debatten.

Eg meiner vi skal dele så mykje som mogleg, òg når det gjeld meiningar. Eg ynskjer at så mange som mogeleg, same kva miljø eller politisk parti ein måtte høyre til, skal kunne engasjere seg i debatten. Eg håpar på mange innspel og reaksjonar.

Heilt til sist vil eg nytte eit sitat av Nietzsche. Han skreiv ”Galskap er unntaket for individ men hovudregelen i grupper”. Eg veit ikkje om han meinte det positivt. Men eg ønskjer at de tek tak i den positive galskapen. Vis oss at ein i fellesskap og gjennom deling kan komme med meir innovative, skapande og overraskande løysingar enn om alle skulle jobbe åleine. Så får heller Nietzsche snu seg i grava.

Og så lanserer eg deltemeninger.no no etterpå! Det blir ikkje plass til alle dykk i den salen, men leit den opp og sei dykkar meining!

Takk for meg!