Reglement, 24.10.2007

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Forsvarsdepartementet

Status: Arkivert

Forsvarsdepartementets støtte til forsking innan tryggings- og forsvarspolitikken

Forsvarsdepartementet (FD) gir årleg økonomisk støtte til forsking innan tryggings- og forsvarspolitikk. I 2007 gav FD nesten 8 millionar kroner i støtte. Midlane vert gjevne både i form av stønad til ulike prosjekt og i form av doktorgradsstipend samt eit postdoktorstipend.

Departementet har og inngått ein avtale med Senter for menneskerettar/Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo om tidsavgrensa støtte til oppretting av ei førsteamanuensisstilling innan internasjonal humanitær rett/krigens folkerett.

Søknadsfrist

Søknadsfristen for 2008 er fredag 2. november 2007.

Formålet med departementets støtte

Forsvarsdepartementet har to hovudmål med støtta til forsking innan tryggings- og forsvarspolitikk: På den eine sida ønskjer ein å bidra til å byggje opp brei grunnkompetanse på det tryggings- og forsvarspolitiske området i Noreg. Dette søker vi å gjere gjennom kompetansebyggande doktorgrads- og postdoktorgradsstipend samt støtte til konkrete prosjekt på saksfelt der vi ønskjer å byggje opp ein styrkt nasjonal kunnskapsbase. Dette har både departementet og Forsvaret meir generelt stor nytte av.

På den andre sida er det eit ønskje å få belyst aktuelle problemstillingar gjennom uavhengig forsking samt å bidra til at nivået på den tryggings- og forsvarspolitiske debatten i Noreg blir meir kunnskapsbasert. Det at forskingsmiljø tilfører den offentlege debatten ny kunnskap og oppdaterte analysar knytte til aktuelle og sentrale problemstillingar, aukar det politiske handlingsrommet for politisk endring og nyskaping. Dette er særleg viktig på grunn av dei store utfordringane Forsvaret er stilt overfor i nye strategiske omgjevnader.

Doktorgrads- og postdoktorstipend

Departementet har lagt vekt på at grunnforskinga skal prioriterast like høgt som den meir kortsiktige, prosjektretta forskinga. Dette blir gjort for å ta i vare den meir langsiktige kompetanseoppbygginga innanfor området.

Departementet har difor etablert ei ordning med treårige doktorgradsstipend ved følgjande utvalde norske institutt ('FD-stipendiatar'). Søkjarane må vere knytte til eit av dei utvalde forskingsinstitutta, men stipenda skal lysast ut i open konkurranse. Det er forskingsinstitutta sjølve som vurderer søkjarane og som vil vera arbeidsgjevar. Tema for avhandlingane må liggja innanfor dei generelle kriteria som departementet legg til grunn for støtte til tryggings- og forsvarspolitisk forsking. Frå og med 2008 tek følgjande institutt imot doktorgradsstipend frå FD:

* Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI)
* Institutt for forsvarsstudiar (IFS)
* Fredsforskingsinstituttet (PRIO)
* Senter for europaforsking (ARENA), Universitetet i Oslo

Tildeling alternerer mellom desse fire institusjonane, og det blir tildelt to stipend årleg. Doktorgradsstipenda følgjer satsane til Noregs Forskingsråd.

Postdoktorstipendet er, i motsetning til doktorgradstipenda, basert på fri konkurranse mellom forskarane. FD vurderer søkjarane, men stønaden vert administrert av instituttet som står som arbeidsgjevar. Dette stipendet er òg treårig, og følgjer, som doktorgradsstipenda, satsane til Noregs Forskingsråd.

I perioden 1999-2007 vart følgjande personar tildelt doktorgradsstipend:

Namn Tittel på avhandlinga Institutt År
Nina Græger From a national to an international Norwegian defence: The use of military power as security policy instrument NUPI 1999-2001
Katja Skjølberg En kvantitativ tilnærming til studiet av terrorisme FFI 1999-2001
Pinar Tank Turkey's military elite at a crossroad: Paths to desecuritisation? PRIO 2000-2002
Torunn Laugen Internasjonal krisehåndtering på Balkan IFS 2000-2002
Andreas Selliaas Nationalism after imperial break-up NUPI 2001-2003
Tor Bukkvoll The foreign policies of privatised States – The cases of Russia and Ukraine FFI 2001-2003
Tormod Heier USAs påvirkning av norsk politikk på 90-tallet IFS 2002-2004
Helene Christiansen Ingierd Being a Moral Decision-Maker in War PRIO 2002-2004
Thomas Hegghammer Al-Qaidas ideologi FFI 2003-2005
Kari M. Osland Nye kriger? Regimeendring, legitimitet og sikkerhetssektorreform NUPI  2003-2005
Marianne Riddervold Legitimacy and the Question of European Foreign and Security Policy ARENA 2004-2006
Lars Rowe Petsjenganikel-kombinatet: Fra finsk-kanadisk industrieventyr til norsk-russisk miljøproblem FNI 2004-2006
Nicholas Marsh The Acquisition of Small Arms and Light Weapons By Armed Groups in Civil War PRIO 2005-2007
Målfrid Braut-Hegghammer NBC Threats After the End of the Cold War. A Study of Iran, Iraq and Libya. IFS 2005-2007
Johannes Rø  En sammenligning av USAs og Europas sikkerhetspolitiske intensjoner IFS 2006-2008
Julie Wilhelmsen When global conflict fuels local war – the changing pattern of Chechen-Russian enmity NUPI 2006-2008
Leif Christian Jensen Strategiske ressurser og sikkerhetspolitikk i nordområdene – utfordringer for Norge FNI 2007-2009

Følgjande forskarar har fått tildelt FD postdoktorstipend:

Namn Tittel Institutt År
Rolf Hobson Krig og strategisk tenkning fra den militære revolusjonen til verdenskrigene IFS 1999-2002
Sven G. Simonsen Military Intervention and Post-Conflict Nation-Building PRIO 2002-2004
Pernille Rieker Towards a Postmodern European European Security and Defence Policy? Implications for Norway as a Non-member. NUPI 2005-2007


Støtte til einskildprosjekt

I tillegg til grunnforsking gjennom doktor- og postdoktorstipend, støttar Forsvarsdepartementet einskildprosjekt innanfor tryggings- og forsvarspolitisk forsking. Desse prosjektsøknadane må sendast gjennom eit forskningsinstitutt og søkjarane må vere knytte til dette instuttet i prosjektperioden. Tildeling av prosjektstøtte er spesifisert gjennom to sett av kriterium. Einskildprosjekt kan bli gitt støtte i eitt til to år. På grunnlag av innkomne søknader tildeler departementet si årlege prosjektstøtte.

Generelle tildelingskriterium

  1. Relevans for norsk tryggings- og forsvarspolitikk, ved å kunne gje auka kunnskap og innsikt i dei tryggings- og forsvarspolitiske utfordringane og problemstillingane som landet vårt står overfor i dag og i åra framover.
  2. Relevans for vår kunnskap om Noregs internasjonale rammevilkår, og korleis desse påverkar Noregs internasjonale stilling og tryggleik.
  3. Relevans for kompetanseoppbygging og styrking av det norske fagmiljøet når det gjeld sentrale statlege og ikkje-statlege aktørar og endra geopolitiske konstellasjonar.
  4. Relevans for utviklinga av internasjonal humanitærrett/krigens folkerett i internasjonale operasjonar.
  5. Relevans for auka kunnskap og innsikt om endringar i tryggingsomgrepet (statstryggleik, samfunnstryggleik, menneskelig tryggleik) og konsekvensane for Forsvaret.
  6. Relevans for vår kunnskap om bakgrunnsfaktorar, dynamikk og skiljeliner i norsk politikk på det tryggings- og forsvarspolitiske området.
  7. Relevans for det tryggings- og forsvarspolitiske ordskiftet i Noreg.
  8. Relevans for doktrine- og kunnskapsutviklinga i Forsvaret.

Nokre tema av særleg interesse for 2008

Lista nedanfor inneheld tema der FD ser eit auka behov for forsking. Lista er meint å vera rettleiiande og ikke ekskluderande. Dei generelle tildelingskriteria er framleis primærramma for prosjektstøtta.

  1. Nasjonale og internasjonale utfordringar i nordområda – konsekvensar for norsk tryggings- og forsvarspolitikk.
  2. FN-reform og FNs evne til å leie mange og komplekse militære operasjonar.
  3. Integrerte fredsoperasjoner – vilkår for formålstenleg sivilt-militært samarbeid lokalt og internasjonalt.
  4. Spreiinga av masseøydeleggingsvåpen og missilteknologi: Konsekvensar for NATO og Europa?
  5. Sivil krisehandtering i utlandet i fredstid – kva for konsekvensar har det for Forsvaret og forholdet til det sivile samfunn?
  6. Utviklinga i synet på NATO og NATOs rolle: ulike eller samanfallande oppfatningar i medlemslanda
  7. Spreiinga av masseøydeleggingsvåpen og missilteknologi: konsekvensar for NATO og Europa?
  8. Utviklinga av internasjonale nedrustingsregime – konsekvensar for norsk og internasjonal tryggingspolitikk.
  9. Forsvaret og samfunnet – frå brei forankring til brytingar. Synet på norsk forsvarspolitikk i lys av nye tryggingsutfordringar.
  10. Forsvarspolitikk og økonomisk politikk sett i samanheng – korleis blir tryggings- og forsvarspolitikken i Noreg og i andre europeiske land påverka av landets økonomiske tilstand?
  11. Implementering av FNs SR 1325 om kvinner, fred og tryggleik i forsvarssektoren - utfordringar og moglegheiter, nasjonalt og internasjonalt.

Prosjekt som fekk støtte i 2007

Pavel K. Baev Assessing the limits of Russia’s new strategic and rapid-deployment capabilities PRIO
J. Peter Burgess
Naima Mouhleb
Threats beyond borders. Assessing Norwegian societal security in a global environment PRIO
Sven Gunnar Simonsen Internationalized Statebuilding and Theories of Military Unit Cohesion: Leaving Security in Safe Hands PRIO
Bozena Katarzyna Zysk Nordområdenes plass i russisk sikkerhetspolitikk – retorikk og diskurs blant sentrale aktører IFS
Øystein Tunsjø Geopolitical aspects of China’s energy diplomacy IFS
Stina Torjesen Afghanistan and regional instability: a risk assessment NUPI
Helene Sjursen
Anne E. Stie
Brusselsisation and the problem of domestic control in the field of foreign and security policy ARENA

Nærare informasjon kan ein få ved å vende seg til Tryggingspolitisk avdeling i Forsvarsdepartementet, tlf. Sekretariatet: 23 09 62 10.