Historisk arkiv

Forsvarsbudsjettet 2013:

Forsvarsdepartementet etablerar Senter for integritet i forsvarssektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Forsvarsdepartementet

-Eg er veldig glad for at vi har fått oppretta dette senteret som markerar ei vidareføring av den vektlegginga me har på utvikling av godt styresett i forsvarssektoren, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen, og legg til at Noreg ligg langt framme innanfor dette fagområdet i NATO. Eg er glad me òg kan tilby tenester frå dette senteret både til NATO-stabar, allierte og til partnarland.

Forsvarsdepartementet har vedteke å etablera Senter for integritet i forsvarssektoren. Dette skal vere eit kunnskaps- og kompetansesenter og ha fokus på utvikling av godt styresett gjennom integritetsbygging og anti-korrupsjonsarbeid. Senteret skal være ein fagressurs for vårt nasjonale forsvar, og skal òg samarbeide nært med våre allierte innanfor NATO, partnarnasjonar, og relevante nasjonale og internasjonale organisasjonar. Dette er òg eit viktig bidrag til NATO Building Integrity Initiativet kor Noreg er ein av ledernasjonane. Senteret er etablert i tilknyting til Institutt for forsvarsstudiar ved Forsvarets høgskule og vil verta operativt frå 1. januar 2013.