Historisk arkiv

Opnar for fleire unntak frå fjordlinjene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet opnar for fleire unntak frå forbodet mot å fiske innanfor fjordlinjene med fartøy over 15 meter.

Fiskeri- og kystdepartementet opnar for fleire unntak frå forbodet mot å fiske innanfor fjordlinjene med fartøy over 15 meter.

I januar i år vart det innført eit generelt forbod mot å fiske innanfor fjordlinjene med fartøy over 15 meter. I sommar vart det opna for at fartøy over 15 meter kan fiske sei med not innanfor fjordlinjene i enkelte område i Finnmark. Det blir no opna for fleire unntak frå denne føresegna, nærare bestemt i fisket etter brisling, makrell og sild og for linefiske etter hyse og sei.

  • I fisket etter brisling blir det unntak frå og med Trondheimsfjorden og sørover.
  • I fisket etter makrell blir det unntak frå fjordlinja vest for Andøya og alle fjordlinjer lenger sør, unntatt aust for ei linje trekt vest for Ofotfjorden mellom Lødingen og Bognes.
  • I fisket etter sild blir gjeldande høve til dispensasjon i utøvingsforskrifta (§ 33d tredje ledd) erstatta med eit generelt unntak i same områda for fartøy under 21 meter, det vil seie i områda sør og vest for linjer trekte ved Sørøya.
  • I fisket med line etter hyse og sei med fartøy under 21 meter i alle område frå og med Vestfjorden og sørover, unntatt aust for ovannemnde linje trekt vest for Ofotfjorden. 

Unntaka gjeld mellombels fram til 31. mars 2014.