Historisk arkiv

Konsekvenser av fritt redskapsvalg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Åpningstale av statssekretær Vidar Ulriksen til konferanse om konsekvenser av fritt redskapsvalg, Nor-Fishing, 19. august 2010.

Det er ei stor glede for meg å ønskje velkomen på denne teknologikonferansen i samanheng med Nor-Fishing her i Trondheim. Etter å ha avslutta konferansen for to år sidan - i engelsk-språkleg regi - er eg veldig glad for å vere tilbake for å få opne årets konferanse.

Dei siste åra har auka innsikt om klimaendringar forsterka behovet for ytterlegare teknologisk utvikling som tek sikte på å redusere utslepp av klimagassar og partiklar. Samtidig har det forsterka behovet for ei berekraftig utnytting av marine ressursar.

Dette har ført til ein debatt om utviklinga av meir energieffektive teknologiske løysingar for drift av fiskefarty og ønske om et friare reiskapsval. Denne konferansen og utviklingsarbeidet på området er derfor av stor verdi for å sikre ei vidare berekraftig utvikling av fiskeflåten - ei utvikling der teknologi framleis vil ha ei sentral rolle.

I foredraget til statsråden på landsmøtet til Norges Fiskarlag i november i fjor blei det varsla at dagens regelverk for reiskapsbruk i den norske fiskeflåten skulle vurderast med sikte på eit friare reiskapsval. Statsråden sa blant anna at:

”Dagens reiskapsreglar kan vere eit hinder for bruk av energieffektive fangstmetodar. Det er uheldig og lite framtidsretta. Med dei avgrensingane vi må ha av omsyn til biologien og miljøet, bør den einskilde fiskar ha høve til å velje den reiskapen som passar best.”

Departementet har starta eit arbeid for å gjere reiskapsreglane meir fleksible. Dette er god miljøpolitikk, og det gir moglegheit for betre lønnsemd for flåten.

Teknologi og vitskap kan hjelpe til å løyse dagens og framtidas utfordringar for fiskeflåten - kva både gjeld klimaendringar, miljø, økonomi, eller samfunnsmessige mål og prioriteringar.


Fiskeflåten må også i framtida vere basert på ei berekraftig utnytting av råvarer frå havet. Den miljømessige dimensjonen av eit berekraftig fiskeri inneber utnytting av marine ressursar med eit langsiktig perspektiv. Dette vil hjelpe til å sikre industrien for framtidige generasjonar.

Fiskeriteknologien utviklar seg raskt, noko som resulterer i svært effektive farty. Fangstkapasitet overstig i dag tilgjengelege ressursar innanfor dei fleste fiskeria, men vi har framleis utfordringar som skal løysast med omsyn til selektivitet i fisket og utnytting av biprodukt.

Fiskeriteknologi, forbetra lønnsemd, miljøvern og tryggleik på sjøen må vere nært knytt til eit overordna langsiktig mål om å sikre reint, rikt og produktivt hav for verdiskaping og berekraftig bruk.

Utfordringane i fiskeria er globale av natur, og eit breitt internasjonalt samarbeid er nødvendig for å handtere desse spørsmåla som involverer mange partar. Dette er ein framifrå arena for å leggje til rette for tett dialog mellom forskarar, forvaltning og næring.
 
Nor-Fishing er ei av dei største møteplassane i verda for fiskerinæringa til å delta i faglege diskusjonar, så kva er ein betre stad for ein slik konferanse enn i samband med Nor-Fishing?

Ingen enkeltnasjon har evne til å utvikle all nødvendige kunnskap på desse felta. Ulike nasjonar og miljø må samarbeide og dele resultata sine til beste for alle.

Eg er sikker på at teknologikonferansen vil skape ny kunnskap, ider, innsikt og moglegheiter for samarbeid mellom mange av dykk.

Lukke til med konferansen, og takk for merksemda.