Historisk arkiv

Kystfisket si framtid på Skagerrakkysten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Vidar Ulriksen sitt innlegg på årsmøtet i Fiskerlaget Sør i Kristiansand 12. november 2010.

Dirigent, styreleiar, møtedeltakarar og gjester.

Først av alt vil eg få takke for invitasjonen. Eg vil rose dykk for eit spennande program, og eg ser fram til gode innlegg og diskusjonar.

Eg skal halde eit innlegg om kystfisket sine mulegheiter og kystfisket si framtid på Skagerrakkysten, og avslutningsvis vil eg sei litt om fiskerisamarbeidet med EU og om Skagerrakavtalen.

Det har dei siste åra har reduserte bestandar  kysttorsk, hummar og ål,fått aukande merksemd og det har vore arbeidd med å fastsetje effektive reguleringar.  Desse gjeld også for yrkesfisket, og har ført til at enkelte stiller spørsmål ved kystfisket si framtid langs Skagerrakkysten.

Det er vanskeleg å sjå for seg eit stykke Kyst-Norge utan kystfiskarar. På konferansen om kystfisket i sør-Norge som vart arrangert i Oslo i juni, svarte Jo van der Eyden på spørmål om betydninga av kystfiskarane for kystkulturen: ”Det blir som å svare på om vi kan tenke oss bøker utan forfattere”.

Kystfiskarane er ikkje berre til stades når det gjeld busetting og eigen aktivitet, men sørgjer også for at kysten blir meir attraktiv for annan aktivitet.

Endå viktigare er det at de haustar av det overskotet naturen kan by på, slik vi som ein ansvarleg nasjon har ei moralsk plikt til å gjere. De utvinn ein naturressurs som bidrar til verdiskaping i fleire ledd, og som forsyner samfunnet med den viktigaste av alle avgrensa ressursar – nemleg mat. Eg har derfor eit optimistisk syn på framtida for kystfisket, også her i sør.

I Soria Moria- erklæringa er det nedfelt som eit uttrykkeleg mål at Norge skal vere verdas fremste sjømatnasjon. Eit så ambisiøst mål krev at vi arbeider systematisk for å forbetre alle greiner av fiskerinæringa.

Dette inkluderer sjølvsagt også kystfisket langs sørlandskysten.
Mangfaldet av næringsaktørar  gjer at Norge har mange bein å stå på for å oppfylle regjeringas visjon.

Å auke sjømatvolumet  på den internasjonale marknaden er ikkje det einaste målet vårt. Vi ønskjer også å oppretthalde  mangfaldet av aktørar og fangsttradisjonar. Vi vil ha ein variert fiskeflåte som nyttar ulike reiskapar og som fiskar på eit breitt spekter av livskraftige bestandar.

Og vi vil ha auka interesse for kvalitet og merkevarebygging innanfor alle deler av næringa.

Visjonen om å vere best på sjømat har som ein føresetnad at vi også er best på forvaltning. Vi må ikkje hauste meir enn tilveksten, slik at vi har eit resursgrunnlag å fiske på i framtida. Dessverre er verda rundt oss er  full av  eksempel på konsekvensane av ubetenktsomt overfiske,  suksesshistoriene nærmast høyrer med til unntaka.

I ei primærnæring der vi er så prisgitt  naturen, vil all tankelaus og kortsiktig maksimering av fortenesta bli avløyst av smalhans og trange år. Det må vi alltid ha i tankane.

Om vi ønskjer å ta sikte på ein meir langsiktig vekst,  må vi begrense oss. Og for å få til det må vi setje klare rammer og regulere fornuftig.

Den nye havressurslova legg til rette for nettopp dette. Forvaltningsprinsippet som lova byggjer på, dannar det styrande grunnlaget for forvaltninga. Og reguleringane som vi innfører, skal sørgje for at dette prinsippet blir etterlevd.

Nedgang i bestandar har gjort det nødvendig å innføre fleire nye reguleringar, slik vi har hatt i lengre tid i andre greiner av fiskerinæringa. Reguleringar må alltid, dersom dei skal ha nokon effekt, resultere i omstilling for dei som haustar.

Men vi er også merksame på at naturen er i stadig endring, og at svake bestandar i somme høve kan ha med andre årsaker å gjere enn uansvarleg hausting.

Nye og strengare tiltak må derfor aldri tolkast som ein straffereaksjon eller eit ønskje om å gjere livet surt for nokon.

Vi har dei siste åra innført reguleringar for fangst av hummar og ål, noko som har medført plutselege begrensingar i fisket – særleg for fiskarane på Sørlandskysten.

Reguleringane dei siste åra favoriserer yrkesfiskarane, medan det tidlegare var nærmast fritt fram for alle.

Det er både rett og rimeleg at når uttaket må reduserast vert fritids og hobbyfisket strengare regulert enn yrkesfisket.

I hummarfisket sette vi det maksimale talet på teiner for rekreasjonsfiskarane til ti, medan det for yrkesfiskarane er sett eit tak på 100.

Dei nye hummarreguleringane vart møtt med til dels store motforestillingar, men vi ser allereie indikasjonar på at tiltaka har hatt effekt. Fangst av hummar per teinedøgn har auka, noko som betyr høgare lønnsemd og ei meir levedyktig næring.

I ei heilt ny doktoravhandling om hummarforvaltninga på Skagerrakkysten, kjem det fram at berre ein av fire hummarar som blir  fanga av yrkesfiskarane på Sørlandet blir registrert. No kan vi ikkje sjå bort frå at også yrkesfiskarane synest hummar smaker godt – og dermed konsumerer ein god del av fangsten sin sjølv. Men vi kan heller ikkje utelukke at ein god del hummar blir omsett utanom salslaga og dermed ikkje blir registrert. Det vil vere vanskeleg å utøve ei god forvaltning av hummarbestanden dersom dette er tilfelle, fordi reguleringane då blir fastsette på bakgrunn av eit dårleg og direkte feil kunnskapsgrunnlag.

Vi vil derfor vurdere om vi skal innføre eit merkesystem for all hummar som skal omsettast, for å sikre at all omsetning blir registrert. Dessutan er Fiskeridirektoratet allereie bedt om å etablere ei rapporteringsordning som gjer at vi også får oversikt over kor mykje hummar som blir fanga av fritidsfiskarane. Ei god oversikt over uttaket av bestanden er ein føresetnad for ei god forvaltning.

Som de veit  vart det i år innført eit overvakingsfiske etter ål, basert på lisensar til eit lite utval fiskarar. Alt rekreasjonsfiske etter ål er no forbode,  som er eit eksempel på at yrkesfiskarane blir prioriterte. Meininga er først og fremst å kunne føre vidare ein haustingstradisjon så langt som muleg under ein periode med gjenoppbygging. I tillegg vil data frå dette fisket kunne brukast i forskingssamarbeid og bidra med å halde tilsyn med bestandutviklinga.

Tilstanden for bestanden av ål er som kjend svært urovekkjande, og det var difor nødvendig med drastiske kutt i haustinga. Dette har naturleg nok møtt mykje motstand, særleg fordi gjenoppbyggingsplanen vart sett på som enda meir ambisiøs enn i dei fleste andre land i Europa.

Sidan det ikkje er nokon marknad for ål her heime, er dei som deltek i lisensfisket avhengige av å få eksportert ålen til kontinentet. Ål er ført opp på CITES si liste over handel med utryddingstrua artar. Dette inneber at EU må gje importløyve for all ål som skal importerast til EU, medan handel innanfor EU ikkje er regulert. Og her har det oppstått problem. CITES-komiteen i EU har overraskande ikkje akseptert dei norske tiltaka, etter ei vurdering internt i EU som vi oppfattar som lite tilgjengeleg og etterretteleg.

Inntrykket vårt er at retningslinjene for vurdering i den vitskaplege komiteen i EU endrar seg stadig, og at dei vil bli endå strengare i tida som kjem. Difor kan eg ikkje love at det igjen blir opna for import til EU. Likevel vil vi formidle omfanget av og føremålet med dei norske vernetiltaka endå ein gong, og sende eit nytt innspel før neste partsmøte i CITES-komiteen.

Eg forstår veldig godt frustrasjonen til dei som ikkje har fått selt ålen på grunn av importrestriksjonar i EU, og eg kan forsikre om at departementet følgjer opp saka.

Den alvorlege situasjonen for lokale bestandar av kysttorsk har gjort at det må setjast i verk tiltak for å hindre ytterlegare nedgang i denne bestanden. Torsken er viktig i økosystema langs kysten, og er samtidig grunnlaget for ein stor del av kystfisket. Hovudutfordringa er å få til ei regulering som reduserer uttaket av kysttorsk, samtidig som vi held oppe eit tradisjonelt fiske og næringsaktiviteten langs kysten. På lang sikt er det i alle si interesse å ha sterke, lokale torskebestandar.

Nord for 62-graden har det sidan 2004 vore innført ei rekkje vernetiltak for å avgrense yrkesfisket og fritidsfisket av kysttorsk. Målet er å sikre fullt reproduksjonspotensial for bestandane av kysttorsk. Det må vere målet også her i sør, og for å oppnå dette må det innførast effektive tiltak. Vi veit at fritidsfisket står for eit betydeleg beskatningspress på torsken i sør, og derfor har vi også varsla strengare reguleringar for fritidsfiskarane. I første omgang har vi innført mellom anna minstemål på fisk og strengare reiskapsavgrensingar.

Men yrkesfiskarane vil også måtte bli berørt.
Vi har stilt krav om observatør om bord for å kunne drive lysfiske etter brisling og sild. Det blir gjort for å få meir kunnskap om dette fisket og kva som eventuelt blir fanga av andre fiskeslag. Som de kjenner til er det mange meiningar om dette.

Krav om å bruke sorteringsrist i rekefisket i sør og eventuelt høve til å bruke oppsamlingspose, er noko som vil bli vurdert nærare i samband med harmoniseringa av det tekniske regelverket for Skagerrak og Nordsjøen. Og når det gjeld krepsetrålfisket vil Fiskeridirektoratet greie ut mulege tiltak.

Det kan også bli nødvendig å innføre fjordlinjer i sør, på liknande måte som i nord, og særskilde verneområde eller gjenoppbyggingsområde vil bli vurdert.

Eg kan også nemne at departementet har sett ned eit arbeidsutval som ser på mulege reguleringar for turistfiskeanlegg.

Vi har stor forståing for at omstillingar kan vere vanskelege for den enkelte fiskar. Likevel skal de vite at målet først og fremst er å gjere næringsgrunnlaget betre og meir stabilt på lengre sikt. Og då kjem vi ikkje utanom at alle må bidra. Det samla uttaket frå ein bestand må ned dersom tilstanden er svak. Dersom vi nektar å ta inn over oss realitetane, vil nedturen kunne bli mykje større og meir langvarig. Stabil lønnsemd i fiskeria krev at det er robuste bestandar i sjøen, noko som igjen også gir grunnlag for rekruttering til næringa.

Det vil hjelpe lite dersom tiltak for å avgrense haustinga i rekreasjonsfisket blir oppvege av at yrkesfiskarane tek ut denne andelen. Breidda av tiltak og reguleringar vil forhåpentlegvis sikre eit lønnsamt og meir stabilt yrkesfiske – som kan leve side om side med fisket som skjer for opplevinga si skuld. Rekreasjonsfiske og det å kunne hauste av havet til matauk har trass alt også lange tradisjonar i Norge, og har stor verdi for lokalsamfunna.

Tidlegare i år heldt statsråden ein appell for dei indre kretsane i Fiskarlaget, der ho snakka om kor viktig det er med eit godt omdømme i fiskerinæringa. For lønnsemda hos yrkesfiskarane handlar ikkje berre om nære rammevilkår og reguleringar – og kor mykje fisk ein får lov å ta. Den handlar også om produktutvikling og kvalitet.

Og det handlar om fiskerinæringa sitt rykte i dei breie lag av befolkninga.

De har vel fått med dykk den store oppmerksomheita som fiskeria i verda etter kvart har fått i media. Fiskeri- og havbruksnæringa er stadig i miljøvernorganisasjonane sitt søkjelys, og faktagrunnlaget og påstandane som florerer varierer i kvalitet.

Det er sant at fiskeria i verda i stor grad slit med overkapasitet og uforsvarleg hard beskatning. Vi har mange eksempel på at bestandar har kollapsa, og nokre slike eksempel også her i Norge.

Likevel er generaliseringa omfattande, kunnskapen altfor liten og nyansane blir borte.

Det viser blant anna den siste FN-rapporten om fiskeria i verda, der det blir teikna eit dramatisk bilde av situasjonen i både Nordsjøen og Norskehavet.

Rapporten står i sterk kontrast til den historia havforskarane våre kan fortelje om at mange av dei kommersielt viktige fiskebestandane i Norskehavet er større enn på svært lenge.

Dette viser at vi må drive eit aktivt opplysningsarbeid på mange frontar for å rette opp feilinntrykka som er etablert – og som er med på å forverre omdømmet til norsk fisk.

For å oppnå det er vi avhengige av å få til ein faktabasert, edrueleg og treffsikker argumentasjon.

Vi skal saman sørgje for å løyse dei forvaltningsmessige utfordringane som gjenstår langs kysten av Sør-Norge.

Det må til for at vi skal få til ein like berekraftig bruk av ressursane her som for andre fiskeri.

Den neste oppgåva blir å formidle kva som faktisk er oppnådd og kva forbetringar som skjer – med det for auget at folk – her heime og verda rundt – får vite at dei kan ete norsk fisk med godt samvit. I dette arbeidet treng vi næringa si hjelp.

Ein påstand som vi ofte møter i miljørørsla og hos bekymra forbrukarar er at næringa først og fremst tenkjer kortsiktig profitt, og ikkje evnar å tenkje langsiktig.

Dersom de sjølve kan bidra til å hindre at slike oppfatningar får slå rot, så vil det gjere jobben med å betre næringas omdømme enklare. Eg trur det er grunn til å løfte hovudet litt og sjå litt lenger ut mot horisonten når vi snakkar kystfiskenæringas sak.

Vi må prøve å kommunisere meir på premissane til resten av samfunnet og tenkje på kva folk med tilknyting til marknadene ønskjer å få formidla.

Forbrukarar i mange land er opptekne av berekraftbegrepet.
Dei ønskjer å få vite at fisken dei et er henta frå bestandar som er godt forvalta. Og dei vil vere sikre på at det er ressursgrunnlaget, og ikkje berre omsynet til næringa, som styrer korleis næringa er regulert.

På litt sikt trur eg det kan bli svært lønnsamt med eit betre omdømme. Prisar og forteneste heng saman med etterspørselen. Og etterspørselen kan truleg bli betre, om vi evnar å kommunisere bodskapen som marknaden og samfunnet er opptekne av: at bestandane våre er forvalta etter føre-var-prinsippet.

Departementet og næringa  har det samme målet:  Kystfisket skal vere ei robust næring i all framtid – der vi stadig arbeider for eit best muleg ressursgrunnlag og høgst muleg langsiktig lønnsemd innanfor berekraftige rammer.

Fiskerisamarbeidet med EU
På mange område har vi i dag eit tett og nært forhold til EU. Kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) har lukkast også takka vere det gode samarbeidet med EU.

For fellesbestandane i Nordsjøen har vi utvikla felles forvaltningsplanar for sei, sild, torsk og hyse. Målet er å oppnå stabilitet og høgt langtidsutbytte frå bestandane til beste for både forbrukar og fiskar. Forvaltningsplanane har utvikla seg til å bli eit viktig styringsverktøy for oss forvaltarar.

Men vi har framleist utfordringar i forholdet vårt til EU når det gjeld fiskeriforvaltning. Å oppnå ei berekraftig forvaltning av fellesbestandane i Nordsjøen har vore prioritert lenge, men vi er framleis ikkje i mål.

Utkast
Som de veit har utkast i mange år vore den største utfordringa i forvaltningssamarbeidet mellom Norge og EU. Vi forvaltar ikkje bestandane likt. Norge har eit utkastforbod, mens fiskarane i EU har eit utkastpåbud, dei er pålagde å kaste ut fisk som dei ikkje kan lande.

Her har vi oppnådd ein del dei to siste åra, og vi har avtalt ei rekkje tiltak. Her vil eg kort berre nemne ei sak. Vi vart i fjor einige om å etablere eit felles system for opning og stenging av felt for å beskytte yngel og småfisk. Vi var i tvil om systemet ville virke og vi fekk dessverre rett. Det er ikkje effektivt nok, og det blir svært viktig for oss i forhandlingane som startar neste veke å få til eit betre system.

Eg vil understreke at biletet ikkje er heilsvart for bestandane i Nordsjøen om vi ser på dei siste råda frå ICES. Tobis ser ut til å vere i god utvikling i norsk sone. Trass rekrutteringsproblem er til dømes bestandane av sei, sild og raudspette i god forfatning. Utfordringa er torskebestanden. 

Skagerrak-avtalen
Når eg er i denne forsamlinga må eg også komme inn på Skagerrak-avtalen. Eg reknar med at de kjenner til at Norge i juni i fjor sa opp den gamle avtalen. Vi prøvde i det lengste å behalde avtalen og hadde fleire møte med Sverige, Danmark og EU for å drøfte mulige justeringar.

Hovudinnvendinga vår mot avtalen har heile tida vore at normal kyststatsjurisdiksjon ikkje gjeld. Vi har ein situasjon som gjer at danske og svenske fiskarar kan drive med utkast i norsk økonomisk sone i Skagerrak. Dette er i strid med den nye havressurslova vår, og dermed pliktar vi å gjere noko. Etter ei samla vurdering kom vi til at det ikkje var muleg for Norge å behalde Skagerrakavtalen. Eg vil likevel understreke at vi vil ha ein fiskeriavtale for Skagerrak. Dette arbeider vi også for å få til.

Ei ny løysing må innebere full, normal kyststatsjurisdiksjon og vi ønskjer alle å behalde den gjensidige eksklusive tilgangen til 4 nautisk mil, og  at tilgangen blir reservert norske, svenske og danske fiskarar.

Vi har signalisert at vi er opne for fleire ulike juridiske, avtaletekniske løysingar og vi vil leggje vekt på å finne praktiske løysingar. 

Statusen no er at vi ventar ei avklaring frå EU om kven vi skal forhandle med, om det er kommisjonen eller Danmark og Sverige. Vi må også avklare kva slags format ein ny avtale skal ha. For oss treng ikkje dette å vere veldig komplisert.

Vi har til no halde dette litt utanfor dei ordinære bilaterale forhandlingane, men vi kjem til å ta denne saka opp med EU fordi vi no ønskjer meir fart i prosessen.

Eg er glad for at næringa i dei tre landa har samarbeidd og komme med ei felles fråsegn der de vil samarbeide for å finne ei løysing. Det er konstruktivt og løysingsorientert.

Slik bør samarbeid vere, enten det er samarbeid mellom fiskarar i ulike land som haustar av same ressursgrunnlag eller det er samarbeid mellom fiskarar og forvaltninga. Vi har det same målet: ei god framtid for kystfisket på Skagerrakkysten.

Takk.