Historisk arkiv

Rammevilkår for fiskerinæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen sitt innlegg på årsmøte Fiskarlaget Nord, Tromsø 27. mai 2010.

Årsmøte Fiskarlaget Nord, Tromsø 27. mai 2010


Dirigent, styreleiar, møtedeltakarar og gjester.

Først av alt vil eg få takke for invitasjonen. Eg vil rose dykk for eit spennande program, og eg ser fram til gode innlegg og diskusjonar.

Eg er beden om å halde eit innlegg om rammevilkåra for norsk fiskerinæring.  Fiskeri- og havbruksnæringa er ei viktig næring for Norge, og ho er berebjelken i fleire lokalsamfunn langs kysten. Det er difor viktig å ha på plass ein miljøvennleg, heilskapleg og stabil fiskeripolitikk som legg grunnlaget for verdiskaping og den utviklinga vi ønskjer i næringa.

Til å begynne med vil eg framheve at mykje er positivt i fiskerinæringa. Vi har i hovudsak berekraftige fiskebestandar, lønnsame reiarlag og bedrifter, og vi har busetting langs kysten i kreative og levande kystsamfunn.

Samtidig har vi, særleg dei siste par åra, sett at makroøkonomiske forhold har stor innverknad på rammevilkåra til fiskerinæringa. Vi har til dømes erfart dette i marknads- og omsetningssituasjonen for torskenæringa. I tillegg vil klimautfordringane vere med å påverke rammevilkåra til norsk fiskerinæring i framtida. Dette er ytre forhold vi i mindre grad kan påverke og har avgrensa med kjennskap til. Dette er område eg vil komme tilbake til i  innlegget mitt.

Eg vil ta for meg følgjande saker som er viktige i fiskeripolitikken og for rammevilkåra til næringa:

  • Overordna fiskeriforvaltning
  • Berekraftig nasjonal ressursforvaltning
  • Økonomiske rammevilkår i fiskeflåten
  • Omsetnings- og marknadsmessige forhold 
  • Utfordingar for framtida

Regjeringa har høge ambisjonar for fiskeri- og havbruksnæringa. I Soria Moria 2 vert det vist til at Norge skal bli ”verdens fremste sjømatnasjon”. Eg erkjenner at vi har ein jobb å gjere for å komme dit, men den oppgåva er vi godt i gang med.

Dei fire hovudprinsippa i regjeringa sin fiskeripolitikk for å bidra til dette er, og vil framleis vere:

  • Vi skal ha berekraftige fiskebestandar
  • Vi skal ha ei fiskerinæring som er lønnsam og gir langsiktig verdiskaping
  • Vi skal ha ei rettferdig fordeling av ressursane som gir grunnlag for ein variert flåte
  • Vi skal ha ei næring som er del av ei heiskapleg ressursforvaltning og ein heilskapleg miljøpolitikk.

Overordna fiskeriforvaltning

Noreg er ikkje åleine om den marine ressursforvaltninga i nordområda, og fiskerinæringa er berre ei av fleire næringar som skal forvaltast.  Dette har mykje å seie for dei overordna rammevilkåra til fiskerinæringa.

Vi er avhengige av å ha eit godt internasjonalt og regionalt samarbeid om ressursforvaltning, og å kunne leggje til rette for fleire typar aktivitetar. Arbeidet med forvaltningsplanar spelar dermed ei stor rolle for fiskerinæringa sine overordna rammevilkår.

Forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten var ein milepæl i arbeidet for ei berekraftig og heilskapleg forvaltning då den kom i 2006. Planen representerte eit breitt politisk kompromiss mellom petroleums-, fiskeri-, skipsfarts- og miljøinteresser.

Arbeidet med forvaltningsplanane er eit omfattande arbeid. Målet er å sjå ulike verksemder samla og sørgje for sameksistens mellom næringar og ein berekraftig bruk av havområda våre. Forvaltningsplanen for Barentshavet og områda utanfor Lofoten skal reviderast i år. I fjor kom forvaltningsplanen for Norskehavet, og regjeringa har sett i gang arbeidet med den tredje og siste forvaltningsplanen for Nordsjøen og Skagerrak. Denne planen skal vere klar i 2013.

Det er naturleg nok slik at det er debatten om ei eventuell konsekvensutgreiing for områda utanfor Lofoten og Vesterålen som vekkjer størst interesse i desse dagar. Problemstillinga har blitt særleg aktualisert etter hendingane vi no er vitne til i Mexicogolfen.

Det faglege grunnlaget som vart lagt fram 15. april omhandlar heile planområdet. Kystverket, Fiskeridirektoratet, NIFES og Havforskingsinstituttet er viktige bidragsytarar til det oppdaterte kunnskapsgrunnlaget. Regjeringa vil ta seg tid til å setje seg inn i det faglege grunnlaget og lytte til innspel som kjem i høyringsperioden. Den 8. juni deltek fiskeri- og kystministeren på høyringskonferansen i Svolvær. Høyringsfristen er 1. juli, og eg vil oppfordre dykk til å delta aktivt i debatten.

Olje – fisk-problematikken har ført til mest diskusjon hittil, men eg vil minne om at forvaltningsplanen omfattar mykje meir enn det. Først og fremst er det viktig for meg å streke under at vi skal leve av fisken også etter at oljen og gassen tek slutt. Vi må altså ikkje gjere noko som kan øydeleggje for framtidig hausting av dei marine ressursane.

Når det gjeld den generelle seismikkskytinga har det vore ein del usemje mellom Fiskeridirektoratet og Oljedirektoratet om skremmeavstand. Fiskeridirektoratet vil bruke 18 nautiske mil for torsk og hyse der det er stor fiskeriaktivitet. Fiskeridirektoratet
peiker samtidig på at dei vurderer skremmeavstanden i kvart enkelt tilfelle, slik at det som kunne oppfattast som ein stor konflikt ikkje er til stade.

7. april var det eit møte mellom direktørane i Fiskeridirektoratet og Oljedirektoratet. Fiskeridirektoratet opplever ”ei noe større forståing” for sin argumentasjon knytt til skremmeverknaden for torsk og hyse. Det er ikkje venta så mange konfliktar rundt skremmeverknad i fiskeria i år, men somme problem kan dukke opp i fisket etter makrell. 

Norge har eit godt samarbeid med andre land om ressursforvaltning, både internasjonalt, bilateralt og multilateralt. Eg vil særleg framheve det gode samarbeidet med Russland.

Under  president Medvedjes besøk i slutten av april fann grensespørsmålet i Barentshavet og Polhavet ei løysning etter mange års arbeid. Semja sikrar at det gode fiskerisamarbeidet med Russland vil halde fram.

Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen skal halde fram med sitt arbeid som før.  Det gjeld for alle arbeidsoppgåver og område kommisjonen arbeider med. Det betyr at dei gjeldande avtalane om samarbeid innan fiskerinæringa og om gjensidige fiskeriforbindelsar skal gjelde som før. Som kyststatar har både Norge og Russland ei grunnleggjande interesse i, og eit hovudansvar for, bevaring og rasjonell forvaltning av fiskeressursane og andre marine ressursar i Barentshavet og Polhavet. Dette må gjerast i samsvar med folkeretten. 

Berekraftig nasjonal ressursforvaltning

Det viktigaste rammevilkåret for fiskerinæringa er å ha berekraftig forvalta ressursar. Slik sett er det å leggje til rette for ei berekraftig forvaltning av dei marine økosystema det viktigaste vi som forvaltarar, gjer. Eg vil difor seie litt om forvaltninga av viltlevande marine ressursar, og dette vil de gå nærmare inn på i morgon.

Norge er ein av verdas største fiskerinasjonar. Vi har derfor eit ansvar for å forvalte fiskeria og økosystema berekraftig og å sikre det biologiske mangfaldet.

I tillegg må vi passe på at sjølve haustingsaktiviteten i fiskeria skjer på ein mest muleg skånsam måte. Vi må ha ein politikk som legg til rette for ny teknologi og smarte reguleringar som kan bidra til å redusere utsleppa av klimagassar frå fiskeflåten.
 
Dei siste ti åra har vi forvalta fiskebestandane etter føre-var-prinsippet – der vi legg inn sikkerheitsmarginar i forvaltningsstrategiane. På den måten vil ei uvisse i dei vitskaplege berekningane komme bestandane til gode – og bidra til å halde oppe rekrutteringa.
Denne forma for måtehald og langsiktig tenking har vore svært vellukka. Dei fleste av dei store og kommersielt viktige bestandane våre er i dag i god forfatning.

Med den nye havressurslova er fiskeriforvaltninga pålagt eit særleg ansvar for kontinuerleg å vurdere kva tiltak som er nødvendige for å sikre ei berekraftig forvaltning.

Vi må derfor til ei kvar tid ta omsyn til alt press på fiskebestandane. Og i den samanhengen har regjeringa lagt særleg vekt på ulovleg, urapportert og uregulert fiske, på overfiske og på problema knytt til utkast av fisk. Dette vil vi arbeide vidare med nasjonalt og internasjonalt.

Vi får tilslutning til den norske fiskeripolitikken ute i verda. Dette gir betre ressursforvaltning og sunne og berekraftige fiskeri. Gjennom ansvarleg fiskeriforvaltning i Norge greier vi å påverke andre statar i retning av ei meir berekraftig forvaltning.

Ein del av fiskebestandane som tidlegare var sterkt overutnytta, slit framleis, men også for desse ser vi at gjenoppbygging lar seg gjere dersom forvaltninga er god. Vi ser positive signal for artar som kveite, uer og tobis.

Norge arbeider målretta for at vi saman med nabolanda våre skal få på plass avtalar om langsiktige strategiar for dei bestandane som enno ikkje har slike avtalar.

Vi er no i ferd med å få på plass ein gjenoppbyggingsplan  for kysttorsk som skal bidra til at vi har godt med torsk langs kysten og i fjordane. Vi vil avgjere vernetiltaka for 2010 ut frå ei totalvurdering sett opp mot gjenoppbyggingsplanen for kysttorsk nord, og dei føreslegne tiltaka for kysttorsk både i nord og sør. Alt dette vil bli vurdert samla før det blir vedteke eventuelle endringar. 

For kongekrabbe er det årleg høyring i næringa om reguleringa i den kvoteregulerte fangsten. Fiskeridirektoratet har nyleg avslutta årets høyringsrunde og har oversendt det endelege forslaget til regulering til Fiskeri- og kystdepartementet. Vi vurderer no spørsmålet om kvotestorleik og ei eventuell justering av grensa for det regulerte området.

Utanfor det kvoteregulerte området er det fri fangst av kongekrabbe og forbode å setje ut att levande kongekrabbe. Erfaringane har likevel vist at det berre er den største krabben av kommersiell interesse som blir ført i land, medan småkrabbar – som det er mest av ved etablering i nye område – ikkje blir utnytta.

Som eit tiltak for større utnytting har derfor Fiskeri- og kystdepartementet sett av 5 millionar kroner til å leige fartøy for nedfangsting av kongekrabbe vest for 26°Ø. Denne ordninga blir administrert av Fiskeridirektoratet, og dei leigde fartøya har nyleg starta fisket.

Økonomiske rammevilkår for fiskeflåten

Dessverre kan ikkje mengda fisk vekse inn i himmelen, sjølv med ei berekraftig forvaltning. For å halde tritt med velstandsauken i andre sektorar i økonomien, må fiskerinæringa syte for at dei enkelte aktørane blir meir effektive. 

Talet på fiskarar har gått ned, og kvantum per fiskar har auka i åra etter andre verdskrig. Dette er ei utvikling som vil halde fram. 

Det som vil sikre at norsk fiskerinæring i framtida er levedyktig – og spesielt dei lokalsamfunna som er avhengig av ho – er at fisket gir ei god økonomisk avkastning.

Strukturordningane i fiskeflåten har vore utforma med tanke på å oppretthalde ei god lønnsemd i næringa. Her er logikken enkel. Til fleire personar som kjempar om å fange den same fisken, til mindre pengar blir det på  kvar enkelt.

Målet med struktureringa er ikkje å utradere norsk fiskerinæring – målet er å sikre lønnsemd i næringa og å bidra attraktive arbeidsplassar til ungdom. 

Regjeringa sin strukturpolitikk i St.meld. nr. 21 (2006-2007) Strukturpolitikk for fiskeflåten, ligg derfor fast. Dette er ikkje til hinder for at vi kan vurdere mindre justeringar der det kan gjere ordningane betre. Dette vart også gjort i forrige periode.

To eksempel på det er innføringa av ei strukturordning for nordsjøtrålarane saman med den pelagiske trålgruppa, og endringane i strukturordninga for seitrålarane.

Eksempla viser at vi har vilje til å gjennomføre endringar og tilpassingar innanfor rammene av strukturpolitikken. Slike justeringar representerer ei naturleg utvikling av reglane om flåtestrukturen. Endringane kom etter initiativ frå, og i samarbeid med, respektive organisasjonar for dei som vart omfatta av ordningane. Dette er ein god og tenleg arbeidsmåte, som sikrar at vi treff rett med endringane.

Eit av grepa i stortingsmeldinga var ei varsam innføring av struktur for fartøy mellom 11 og 15 meter. Ei evaluering av strukturkvoteordninga for fartøy mellom 11 og 15 meter viste at struktureringa for denne fartøygruppa har vore varsam og har ført til få omfordelingsmessige konsekvensar mellom ulike distrikt, i tråd med intensjonen.

Kva som vil kome ut av evalueringa, skal eg ikkje føregripe her. Men prinsippa for den strukturpolitikken vi har no, er slik vi i store trekk ønskjer dei skal vere framover.

Vi opna i vinter for eit midlertidig samfiske for fartøy under 11 meter. Desse minste fartøya har som strukturverkemiddel berre hatt tilgang til kondemneringsordinga. Den ordninga er no avslutta.

Ein ting er å ha eit godt kvotegrunnlag. Samtidig er det viktig at både næringsaktørane er med på å uvikle næringa og å tenkje nyskapande. Det er viktig å tenkje kvalitet i alle ledd, og her har flåteleddet eit ansvar for å auke verdien frå fisken, og å sjå potensialet til å utnytte fleire artar.

Støtte frå myndigheitene må komme gjennom tilrettelegging for forsking og utvikling, og ikkje gjennom tilskot til drift. Mange fartøy har i dag funne system for automatisert egning.  I NOFIMA pågår det eit prosjekt for å studere og optimalisere drift av små autolinefartøy. I tillegg har NOFIMA andre og spennande prosjekt som ser nærmare på fangstbasert havbruk og levandelangring.

I tillegg til at vi må leggje til rette for ein lønnsam fiskeflåte, er det viktig at fiskarane har gode sosiale rammevilkår.

Fiskarfrådraget vart auka i 2008, og dette har kome fiskarar til gode.

Som de og er kjende med arbeider vi med eit forslag frå Norsk Sjømannsforbund og Norges Fiskarlag om å gå over til ei inntektsbasert arbeidsløysetrygd for fiskarar. Vi sende i fjor haust ut eit høyringsbrev om ei prinsipiell endring av ordninga. Høringsinstansane var i hovudsak positive til dette.

Forslaget dreier seg likevel om ei heilt grunnleggjande endring av a-trygda for fiskarar med store konsekvensar for heile ordninga. Det er derfor viktig å vurdere konsekvensane grundig og sørgje for at næringa er kjent med desse. Vi vil sende ut eit forslag om endring av forskrifta om a-trygd når ei konsekvensutgreiing er gjennomført.  

Omsetnings og marknadsmessige forhold

Det har no gått to vintersesongar sidan finanskrisa slo innover oss. Norge som nasjon har ikkje vorte særskild hardt ramma. Den akutte krisa er over, men rundt omkring i verda er det framleis verknader av krisa. Det har ført til ein større aksept internasjonalt for at vi treng aktiv politisk styring og satsing på fellesskapet for å kome oss ut av krisa.

Størsteparten av fangsten frå norske fiskarar blir eksportert. Det inneber at forholda i Europa påverkar inntektene for fiskarane i Norge. Mange i fiskerinæringa, både på sjø og på land, har kjent finanskrisa på kroppen dei to siste vintrane. Mange fiskarar har hatt ein betydeleg inntektsreduksjon som følgje av at prisane har falle. Det er sjølvsagt tungt. Men i tunge stunder er det viktig å hugse på at det var gode tider og gode prisar før finanskrisa sette inn. Eg er viss på at dei gode tidene vil kome tilbake. Det er berre eit spørsmål om tid.

Regjeringa har teke ein rekkje initiativ for å bøte på den vanskelege økonomiske situasjonen.  Vi har hatt som siktemål både å støtte fiskeindustrien og leggje til rette for ei mest muleg normal gjennomføring av fisket både i 2009 og i 2010.  Eg vil i den samanhengen trekkje fram følgjande statlege tiltak:

  • Innføring av ei eiga garantiordning for driftskreditt i 2009 med ramme på 97,5 mill. kroner.
  • Innføring av ei eiga likviditetslåneordning i 2009 med ei ramme på 250 mill. kroner.
  • Oppretting av garantiavtalar med fiskesalslaga for 2009 og 2010, der til dømes Norges Råfisklag har ein eigen garantiavtale med Innovasjon Norge med ei ramme på 320 mill. kroner.
  • Styrking av GIEK Kredittforsikring sine rammer for å tilby eksportkredittforsikring.

For å sikre ein god mottaksstruktur og lette omsetninga av fisk vart føringstilskotet styrka i 2009 og det vart ytt 6,5 mill. kroner i tilskot til mottaksstasjonar. For 2010 er det så langt ytt 33 mill. kroner i føringstilskot.

I 2009 bidrog staten med 25,5 mill. kroner til marknadsføring. Saman med ekstra midlar frå mellom anna Eksportutvalet for fisk og Norges Råfisklag gav dette ein samla auka innsats på 43 mill. kroner, som har gitt eit godt utgangspunkt for marknadsarbeidet i 2010.

I sum har desse tiltaka hatt som mål å sikre at fisket og fiskeomsetninga skulle gå mest muleg normalt.

Vi har samarbeidd svært tett med næringsorganisasjonane i utforminga av tiltaka for å avhjelpe finanskrisa. Eg vil understreke at dette har vore svært verdifullt for oss, og eg håpar vi kan fortsetje dette gode samarbeidet framover.
Målet var å halde hjula i gang langs kysten. Og sjølv om vi i ettertid ser at vi sikkert kunne gjort noko betre, må tiltaka for å halde omsetninga i gang kunne seiast å vere rimeleg vellykka. Flåten har stort sett fått fiske sine kvotar, fisken er levert til mottak og industri og seld vidare i eksportmarknaden. Riktig nok til lågare prisar enn dei føregåande åra.

Utfordringar for framtida

Korleis økonomien i fiskerinæringa vil utvikle seg, og kva slags utfordringar som vil komme for rammevilkåra til fiskerinæringa framover, avheng av mange faktorar. Derfor er det viktig å løfte blikket og sjå på kva som generelt sett vil påverke fiskerinæringa på kort og lang sikt.

I slike diskusjonar kan ein i tillegg til berekraftig og ansvarleg ressursforvaltning trekkje fram prisar, marknadsforhold og marknadstilgang, forbrukarvanar og etterspurnad, utvikling av bestandane, kampen om arbeidskraft. Dette vil utvilsamt påverke rammevilkåra til fiskerinæringa.   

Eg trur desse faktorane likevel er underordna to særlege forhold som i stor grad vil påverke fiskerinæringa. Det eine er kostnadsnivået. Vi har lagt bak oss to år med mykje uro i verdsøkonomien. Sjølv om Norge har kome godt ut av krisa, kan konjunkturnedgangen halde fram i lang tid. Dette kjem sjølvsagt fiskerinæringa ved, og vil kunne verke inn på utviklinga av rentekostnader, drivstoffprisar, og kostnader ved nybygging og vedlikehald av fartøya.

Likevel er fiskerinæringa vant med svingingar. Det blir ofte framheva at fiskerinæringa er ei robust næring som taklar nedgangstider. Sjølv om folk ikkje et like mykje ute, så et dei likevel mykje fisk. Det kan likevel synast som folk kjøper billegare fisk. Dette kan føre til at etterspurnaden etter artar som sei og sild kan auke, medan prisane på dei meir eksklusive artane som til dømes torsk vil halde seg lågare.

Den andre hovudfaktoren som vil påverke norsk fiskerinæring er klimaspørsmålet. Så å seie alle er samde om at klimaet på jorda endrar seg. Prognosane frå FNs klimapanel tyder på at det går mot eit varmare og våtare klima.
 
Det er ingen som veit korleis utviklinga vil verte på lang sikt. Men vi veit at klimaendringane vil få konsekvensar for fiskerinæringa som for alle andre samfunnsområde.

For fiskerinæringa er det to hovudutfordringar som krev omstilling, og som kan få konsekvensar for rammevilkåra til fiskeflåten.

For det første, fiskerinæringa må tilpasse seg endringar i lokalisering og utbreiing av fiskebestandane.

For det andre, fiskerinæringa må redusere dei negative klimapåverknadane frå eigen aktivitet.


Samanliknar vi mengda klimagassar som blir produsert per kilogram råstoff, kjem fiskerinæringa betre ut enn kjøttprodusentane. Likevel har fiskeflåten, som alle andre sektorar, eit ansvar for å setje i verk tiltak for å få ned utsleppa. Fordelen er at det kan vere lønnsamt for næringa å følgje det opp. Dette er fordi lågare utslepp betyr lågare løpande utgifter.

Forklaringa er ganske enkel. Når ei gitt mengd diesel forbrenn, blir det danna ei gitt mengd karbondioksid. Lågare CO2-utslepp i drifta gir derfor lågare dieselforbruk.

Sjølv om det ikkje er gratis å leggje om eller gjere tilpasningar av drifta for å få ned utsleppa, vil slike investeringar kunne kaste av seg i det lange løp.

Drivstofforbruket i fiskeflåten heng saman med mange forhold. For det første heng det saman med utforminga av fartøyet. Mykje vil kunne forbetrast ved forsking på dynamikk og anna som kan få ned motstanden og forbetre forbrenningsteknologien. Gjenbruk av overskotsvarme er her eit stikkord.

For det andre heng det saman med fiskemetoden. Ikkje-konvensjonelle, eller såkalla aktive reiskapar, som ikkje står stille i sjøen, inneber ein høgare bruk av energi enn passive reiskapar. Sjølv om fangstmengda per tidseining i trålflåten er stor, er også energibruken per kilogram fanga fisk høgare enn for andre grupper.

Kontakt med botnen gjer motstanden, og dermed energibruken, større. Samtidig er kontakten med botn potensielt skadeleg for korallar og andre sårbare habitat. Derfor kan tilpasningar som blir gjorde for å redusere botnkontakten ha positive verknader på fleire måtar.
Investeringar for å optimalisere reiskap kan altså bli lønnsamt, og myndigheitene vil prøve å leggje til rette for det. Sist, men ikkje minst, heng energibruken saman med tilstanden til bestandane det blir fiska på.

Høg fangst per eining innsats avheng i stor grad av storleiken på individa og storleiken på fiskestimane. Dette betyr igjen lågare utslepp for å bringe fisken i land.

Energibruk er med andre ord òg eit forvaltningsspørsmål. Dette gir oss nok ein god grunn til å vere langsiktige i forvaltninga og halde bestandane på stabilt høgt nivå.
 

Avslutning

Eg vil avslutte som eg begynte. Vi har gjort mykje riktig dei siste åra. Det grunnleggande for ei positiv utvikling av fiskerinæringa er på plass. Vi har fisk i havet, ein  effektiv og variert flåte, og mottak og busetting langs heile kysten. Det har vi lagt til rette for gjennom fiskeripolitikken vår, og det vil vi fortsetje med i dei neste åra.

Samtidig vil  klimautfordringane og makroøknomiske forhold vere viktige premissar for regjeringa sin fiskeripolitikk og for framtidige rammevilkår for næringa. Det kan godt hende at nye utfordringar gjer at vi må tenkje nytt om mange ting, og det kan hende at gamle sanningar må opp til ny vurdering.

Korleis vi skal møte utfordringane må vi finne ut saman med dykk i næringa og lokalsamfunna langs kysten. Vi er derfor avhengig av at næringa deltek konstruktivt i diskusjonar om den vidare utviling av næringa. 

Eg har god tru på at vi i framtida saman vil klare å forvalte fiskeriressursane på ein berekraftig måte som gir grunnlag for ei miljøvennleg og lønnsam næring.

Takk for meg.