Historisk arkiv

Ressursforvaltning og reguleringar i framtida – ulike forhold med økonomisk interesse for fiskarane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Tale av statssekretær Vidar Ulriksen til Årsmøte Nordland Fylkes Fiskarlag,Bodø 23. september 2010.

Dirigent, styreleiar, møtedeltakarar og gjester.

Eg er beden om å halde eit innlegg om ressursforvaltning og reguleringar for framtida. Dette er eit stadig aktuelt tema – og har direkte økonomisk interesse for fiskarane. Vi treffer ikkje like godt med reguleringane kvart år – men vi prøver stadig å bli betre. Dette skal eg kome inn på litt seinare i innlegget, men først nokre generelle betraktningar.

Fiskeri- og havbruksnæringa er ei viktig næring for landet Norge, og ho er berebjelken i fleire lokalsamfunn langs kysten. Det er difor viktig å ha på plass ein miljøvennleg, heilskapleg og stabil fiskeripolitikk som legg grunnlaget for verdiskaping og den utviklinga vi ønskjer i næringa.

Til å begynne med vil eg framheve at mykje er positivt i fiskerinæringa. Vi har i hovudsak berekraftige fiskebestandar, lønnsame reiarlag og bedrifter, og vi har busetting langs kysten i kreative og levande kystsamfunn.

Samtidig har vi, særleg dei siste par åra, sett at makroøkonomiske forhold har stor innverknad på rammevilkåra til fiskerinæringa. Vi har såg det for eksempel i marknads- og omsetningssituasjonen for torskenæringa. I tillegg vil klimautfordringane vere med å påverke rammevilkåra til norsk fiskerinæring i framtida. Dette er ytre forhold vi i mindre grad kan påverke og har avgrensa med kjennskap til.

Eg vil ta for meg følgjande saker som er viktige i fiskeripolitikken og for rammevilkåra til næringa:

  • Overordna fiskeriforvaltning
  • Berekraftig nasjonal ressursforvaltning
  • Økonomiske rammevilkår i fiskeflåten
  • Utfordingar for framtida

Regjeringa har høge ambisjonar for fiskeri- og havbruksnæringa. Soria Moria 2 slår fast at Norge skal være ”verdens fremste sjømatnasjon”. Det er ein spenstig ambisjon, og vil krevje innsats frå både næringa og styresmaktene. Heldigvis har vi eit godt utganspunkt.

Dei fire hovudprinsippa i regjeringa sin fiskeripolitikk for å bidra til dette er, og vil framleis vere:

  • Vi skal ha berekraftige fiskebestandar
  • Vi skal ha ei fiskerinæring som er lønnsam og gir langsiktig verdiskaping
  • Vi skal ha ei rettferdig fordeling av ressursane som gir grunnlag for ein variert flåte
  • Vi skal ha ei næring som er del av ei heilskapleg ressursforvaltning og ein heilskapleg miljøpolitikk.

Overordna fiskeriforvaltning

Norge er ikkje åleine om den marine ressursforvaltninga i nordområda, og fiskerinæringa er berre ei av fleire næringar som skal forvaltast. Dette har mykje å seie for dei overordna rammevilkåra til fiskerinæringa.

Vi er avhengige av å ha eit godt internasjonalt og regionalt samarbeid om ressursforvaltning, og å kunne leggje til rette for fleire typar aktivitetar. Arbeidet med forvaltningsplanar spelar dermed ei stor rolle for fiskerinæringa sine overordna rammevilkår.

Forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten var ein milepæl i arbeidet for ei berekraftig og heilskapleg forvaltning då den kom i 2006. Planen representerte eit breitt politisk kompromiss mellom interesser knytt til petroleumsverksemd, fiskeri, skipsfart og miljø.

Arbeidet med forvaltningsplanane er eit omfattande arbeid. Målet er å sjå ulike verksemder samla og sørgje for sameksistens mellom næringar og ein berekraftig bruk av havområda våre.

Forvaltningsplanen for Barentshavet og områda utanfor Lofoten skal reviderast, og ei ny melding vil komme neste vår. I fjor kom forvaltningsplanen for Norskehavet, og regjeringa har sett i gang arbeidet med den tredje og siste forvaltningsplanen for Nordsjøen og Skagerrak.

Det er naturleg nok slik at det er debatten om ei eventuell konsekvensutgreiing for områda utanfor Lofoten og Vesterålen som vekkjer størst interesse i desse dagar. Problemstillinga har blitt særleg aktualisert etter hendingane vi har vore vitne til i Mexicogolfen.

Olje – fisk-problematikken har ført til mest diskusjon hittil, men eg vil minne om at forvaltningsplanen omfattar mykje meir enn det. Først og fremst er det viktig for meg å understreke at vi skal leve av fisken også etter at oljen og gassen tek slutt. Vi må altså ikkje gjere noko som kan øydeleggje for framtidig hausting av dei marine ressursane.

Norge har eit godt samarbeid med andre land om ressursforvaltning, både internasjonalt, bilateralt og multilateralt. Eg vil særleg framheve det gode samarbeidet med Russland.

Under  president Medvedjes besøk i slutten av april kom grensespørsmålet i Barentshavet og Polhavet fram til ei løysning etter mange års arbeid. Semja sikrar at det gode fiskerisamarbeidet med Russland vil halde fram. Delelinjeavtalen vart signert onsdag i førre veke og fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen var med på markeringa i Murmansk.

Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen skal halde fram med sitt arbeid som før. Det gjeld for alle arbeidsoppgåver og område kommisjonen arbeider med. Det betyr at dei gjeldande avtalane om samarbeid innan fiskerinæringa og om gjensidige fiskeriforbindelsar skal gjelde som før. Avtalen inneber uendra ressursfordeling i 15 år, og deretter forlenga for 6 år om gangen. Dette er den mest langsiktige fiskeriavtalen vi kjenner til. Som kyststatar har både Norge og Russland ei grunnleggjande interesse i, og eit hovudansvar for, bevaring og rasjonell forvaltning av fiskeressursane og andre marine ressursar i Barentshavet og i Polhavet. Dette må gjerast i samsvar med folkeretten.

Berekraftig nasjonal ressursforvaltning

Det viktigaste rammevilkåret for fiskerinæringa er å ha berekraftig forvalta ressursar. Slik sett er det å leggje til rette for ei berekraftig forvaltning av dei marine økosystema det viktigaste vi som forvaltarar, gjer. Eg vil difor seie litt om forvaltninga av viltlevande marine ressursar.

Norge er ein av verdas største fiskerinasjonar. Vi har derfor eit ansvar for å forvalte fiskeria og økosystema berekraftig og å sikre det biologiske mangfaldet. I tillegg må vi passe på at sjølve haustingsaktiviteten i fiskeria skjer på ein mest muleg skånsam måte. Vi må ha ein politikk som legg til rette for ny teknologi og smarte reguleringar som kan bidra til å redusere utsleppa av klimagassar frå arbeidet med å få tak i fisken.

Dei fleste av dei store og kommersielt viktige bestandane våre er i dag i god forfatning. Med den nye havressurslova er fiskeriforvaltninga pålagt eit særleg ansvar for kontinuerleg å vurdere kva tiltak som er nødvendige for å sikre ei berekraftig forvaltning.

Vi må derfor til ei kvar tid ta omsyn til alt press på fiskebestandane. Og i den samanhengen har regjeringa lagt særleg vekt på ulovleg, urapportert og uregulert fiske, på overfiske og på problema knytt til utkast av fisk. Dette vil vi arbeide vidare med nasjonalt og internasjonalt.

Vi får tilslutning til den norske fiskeripolitikken ute i verda. Dette gir betre ressursforvaltning og sunne og berekraftige fiskeri. Gjennom ansvarleg fiskeriforvaltning i Norge greier vi å trekkje andre land med oss i retning av ei meir berekraftig forvaltning.

Norge arbeider målretta for at vi saman med nabolanda våre skal få på plass avtalar om langsiktige strategiar for dei bestandane som enno ikkje har slike avtalar.

Økonomiske rammevilkår for fiskeflåten

Men mengda fisk kan ikkje vekse inn i himmelen, sjølv med ei berekraftig forvaltning. For å halde tritt med velstandsauken i andre sektorar i økonomien, må fiskerinæringa syte for at dei enkelte aktørane blir meir effektive og driv rasjonelt ut frå den enkeltes ståstad.

Talet på fiskarar har gått ned, og kvantum per fiskar har auka i alle år etter andre verdskrig. Dette er ei utvikling som vil halde fram. Det som vil sikre at norsk fiskerinæring i framtida er levedyktig – og spesielt dei lokalsamfunna som er avhengig av denne næringa – er at fisket gir ei god økonomisk avkastning.

I tillegg til at vi må leggje til rette for ein lønnsam fiskeflåte, er det også viktig at fiskarane har gode sosiale rammevilkår. Fiskeri- og kystministeren skal i dag på landsmøte i Norsk Sjømannsforbund som i år har 100-årsjubileum. Norsk Sjømannsforbund har sidan starten i 1910 gjort ein formidabel innsats i arbeidet for trygge lønns- og arbeidsforhold for fiskarar og sjøfolk. Her har også Norges Fiskarlag gjort eit godt arbeid.

Utfordringar for framtida

Ein ting er å ha eit godt kvotegrunnlag. Samtidig er det viktig at næringsaktørane er med på å uvikle næringa og å tenkje nyskapande. Det er viktig å tenkje kvalitet i alle ledd, og her har flåteleddet eit ansvar for å auke verdien frå fisken, og å sjå potensialet til å utnytte fleire artar.

Eit friare reiskapsval
Dei siste åra har auka innsikt om klimaendringar forsterka behovet for ytterlegare teknologisk utvikling som tek sikte på å redusere utslepp av klimagassar og uønska partiklar. Samtidig har det forsterka behovet for ei berekraftig utnytting av marine ressursar.

Dette har ført til ein debatt om utviklinga av meir energieffektive teknologiske løysingar for drift av fiskefartøy og ønskje om eit friare reiskapsval. Utviklingsarbeidet på området er derfor av stor verdi for å sikre ei vidare berekraftig utvikling av fiskeflåten - ei utvikling der teknologi framleis vil ha ei sentral rolle.

I statsråden sitt foredrag på landsmøtet i Norges Fiskarlag i november i fjor vart det varsla at dagens regelverk for reiskapsbruk i den norske fiskeflåten skulle vurderast med sikte på eit friare reiskapsval. Statsråden sa blant anna at:

”Dagens reiskapsreglar kan vere eit hinder for bruk av energieffektive fangstmetodar. Det er uheldig og lite framtidsretta. Med dei avgrensingane vi må ha av omsyn til biologien og miljøet, bør den einskilde fiskar ha høve til å velje den reiskapen som passar best.”

Departementet har starta arbeidet med å gjere reiskapsreglane meir fleksible. Dette er god miljøpolitikk, og det gir høve til betre lønnsemd for flåten.

Teknologi og vitskap kan hjelpe til å løyse dagens og framtidas utfordringar for fiskeflåten når det gjeld klimaendringar, miljø, økonomi og samfunnsmessige mål og prioriteringar.

Fiskeflåten må også i framtida vere basert på ei berekraftig utnytting av råvarer frå havet. Den miljømessige dimensjonen av eit berekraftig fiskeri inneber utnytting av marine ressursar med eit langsiktig perspektiv. Dette vil hjelpe til å sikre industrien for framtidige generasjonar.

Fiskeriteknologien utviklar seg raskt, noko som resulterer i svært effektive fartøy.  Fangstkapasitet overstig i dag tilgjengelege ressursar innanfor dei fleste fiskeria, men vi har framleis utfordringar som skal løysast med omsyn til selektivitet i fisket og utnytting av biprodukt.

Fiskeriteknologi, forbetra lønnsemd, miljøvern og sikkerheit på sjøen må vere nært knytt til eit overordna langsiktig mål om å sikre reint, rikt og produktivt hav for verdiskaping og berekraftig bruk.

Biologiske og økologiske omsyn er styrande for forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane, og dette må nødvendigvis også vere sentralt for kor stor fridom den einskilde reiaren skal ha i valet av reiskapar for å gjennomføre haustinga.

Det har gjennom fleire tiår blitt arbeidd aktivt med utviklinga av selektive reiskapar, og kompetansen på dette området er svært god både i næringa, forvaltninga og de norske forskingsmiljø. Vidare kan det vere forskjellar mellom ulike reiskapstypar når det gjeld energi- og fangsteffektivitet, botnpåverknad og råstoffkvalitet. Alt dette talar for å avklare nokre ytre rammer for eit friarar reiskapsval.

  • Dagens system med områdeavgrensingar i reiskapstype og fartøystorleik grunngitte i biologiske og økologiske omsyn bør vi vidareføre og styrke.
  • Selektiviteten med tanke på fiskeslag og storleik bør ikkje påverkast negativt som følgje av eit friarar reiskapsval, og arbeidet for å utvikle meir selektive fiskeri må vidareførast.
  • Eit friarar reiskapsval bør ikkje kunne nyttast til å auke innsatsen på uregulerte bestandar, og bør heller ikkje medføre eit dårlegare fangstmønster enn i dag.

Når det gjeld råstoffkvaliteten er det vanskeleg å bruke dette som ein parameter for reiskapsval, ettersom kvalitet i hovudsak er knytt til fangsthandtering. Her har fiskarane eit særleg ansvar for å sikre at det er førsteklasse produkt som kjem på land.

Biologiske og økologiske føringar skal styre utviklinga i "reiskapspolitikken", men det vil vere av interesse også å vurdere økonomiske konsekvensar og incentiv av ulike val og valmulegheiter. Kostnader knytte til reiskap og andre driftsutgifter er vel så interessant for næringa.

I denne samanhengen må vi også tenkje på i kva grad eit friare reiskapsval er tenleg for heile verdikjeda og ikkje berre flåteleddet.

Fiskeriforvaltninga vil vidareføre praksisen med å leggje til rette for utprøving og vidareutvikling av reiskapar i regi av næringa sjølv med krav knytt til rapportering og kunnskapsdeling.

Neste års reguleringar - eit år om gangen
Vårens torskefiske har vist at det ikkje er lett å treffe tilstrekkeleg godt med torskereguleringane i kystflåten. Fiskeindustrien ønskjer samtidig jamnare leveransar over året, og har bedt om reguleringar som kan hjelpe til å få til dette.

Det er ei grunnleggjande målsetjing for reguleringsopplegget at vi skal leggje til rette for at gruppekvotane blir fiska opp. Samtidig er det ein føresetnad at fisket blir avvikla innanfor fastsette kvotar.

Overregulering
På bakgrunn av gjennomført strukturering i flåten er det i all hovudsak fartøy med heimelslengde under 11 meter og fartøy i open gruppe at vi har utfordringar med omsyn til høg overreguleringsgrad.

Alle skal i utgangspunktet kunne setje av eige kvantum til eit haustfiske, men erfaringar har vist at dette ikkje er så lett. Fiskarane er uroa for ikkje å få teke kvoten sin ved dårleg ver om hausten. Eit haustfiske er vidare forbundet med større kostnader ettersom fisken ofte er mindre tilgjengeleg enn om våren.

Det vi ynskjer tilbakemelding på er:
Vil de ha overregulerte, ugaranterte maksimalkvotar - eller garanterte fartøykvotar utan overregulering? Kan ei periodisering av kvoten vere ei løysing?

Bifangstordning
Bifangstordningen har vore ein suksess. Bifangstordningen passar framifrå for dei som driftar med line heile året, og med ei ordning som gjeld om hausten passar ho nok best for Finnmark der innblandinga av torsk då er størst.
 
Kor stort kvantum skal vi setje av til bifangst? Når skal ordninga tre i kraft og kva skal bifangstprosenten setjast til?

Kvotefleks
Mange av dykk ønskjer å få overføre kvote mellom åra. Kvotefleks er innført innanfor dei pelagiske fiskeria. Erfaringane her er at ”alle” har forskotert 10 % av neste års kvote. Ordninga har såleis verknad berre første året. Innanfor torskefikt er det muleg å innføre tilsvarande ordning, men skal vi avgrense det til berre å gjelde overføring frå inneverande år til det neste? Altså, behalde ufiska kvote til neste år? Og med ein klausul om at du ikkje kan gjere uttak frå banken før litt utpå våren?

Endring av kvoteåret
Fleire av dykk meiner ei endring av kvoteåret gjeldande frå 1. september vil gi auka aktivitet om hausten. Eg er usikker på om det vil ha nokon verknad, det blir ikkje meir fisk – og sesongane går sin gang uansett.

Kvotebonus
Meininga med kvotebonus er å jamne ut sesongen og auka uttak av andre artar enn torsk. Kvotebonus for levandefangst har vore vellukka og vert vidareført som ei permanent ordning. Senter for levandefangst ved Nofima i Tromsø vil vere sentralt i vidareutviklinga på området.

Ei ordning med kvotebonus for auka uttak av andre artar kan innebere at kvantum fangst av andre artar enn torsk gir auka torskekvote følgjande år - ein kvotebonus på torsk. Alt kvantum til kvotebonus og bifangstordning må likevel takast frå andre. Dette er ikkje like populært for dei som ikkje får nytta seg av dei ulike ordningane. Eg tek i mot innspel på innretning av ei slik ordning.

Blåkveite og lodde
For blåkveite har vi no avtalt ein fast kvote med Russland. Fiskeri- og kystdepartementet ser eit behov for at deltakinga i fisket etter blåkveite og lodde er meir føreseieleg, utan at det blir innført ei deltakaravgrensing. Korleis kan vi få betre samsvar mellom talet på  påmelde fartøy og talet på fartøy som faktisk deltek i fisket? Har de gode forslag?

Kysttorsk
Vi er no i ferd med å få på plass ein gjenreisingsplan for kysttorsk som skal føre til at vi har godt med torsk langs kysten og i fjordane. Vi varsla tidleg i september nye tiltak, og dei fleste vil tre i kraft frå nyttår.

Avslutning

Eg vil avslutte som eg begynte. Vi har gjort mykje rett dei siste åra. Det grunnleggande for ei positiv utvikling av fiskerinæringa er på plass. Vi har fisk i havet, ein effektiv og variert flåte og mottak og busetting langs heile kysten. Det har vi lagt til rette for gjennom fiskeripolitikken vår, og det vil vi fortsetje med i dei neste åra.

Eg trur vi saman kan gjere meir for å skape eit positivt bilete av det å vere fiskar og mannskap på fiskefartøy. Næringa har i tillegg eit ansvar for å satse på rekrutteringsarbeid og leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø og gode arbeidsvilkår om bord på fartøya.

Korleis vi skal møte utfordringane må vi finne ut saman med dykk i næringa og lokalsamfunna langs kysten. Vi er derfor avhengig av at næringa deltek konstruktivt i diskusjonar om den vidare utviklinga av næringa.

Eg har no gitt nokre rammer og har stilt nokre spørsmål, men vi treng også innspel til utforming av framtidas reguleringar. Eg har god tru på at vi også i framtida saman vil klare å forvalte fiskeriressursane på ein berekraftig måte som gir grunnlag for ei miljøvennleg og lønnsam næring.

Eg ser fram til gode innlegg og diskusjonar. Takk for meg.