Historisk arkiv

Sjøbasert lakseoppdrett – kvileskjær, parkert eller framtidsindustri?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

TEKMAR 2010

Innlegget til statsskretær Vidar Ulriksen 7. desember under TEKMAR 2010.

Kjære deltakarar!

Eg vil starte med å takke for invitasjon til å delta her i dag, og for at eg får gleda av å opne dette seminaret.

Hjarteleg velkomne til alle som har funne vegen hit!

Det er 8. gong at TEKMAR blir arrangert, så det kan verke som om desse samlingane har vist sin livsrett. Alt som blir gjentatt meir enn tre år på rad, har blitt ein tradisjon!

2010 har vore eit spennande år for laksenæringa.

Produksjonsomfanget i år ligg an til å bli høgre enn nokon gong – det er antyda at dette i år kan bli nærmare ein million tonn. Eit slikt produksjonsomfang har to sider: På den eine sida jublar næringa over særs gode økonomiske tider. På den andre sida har ein slik produksjon effektar på miljøet som er ei stor utfording for næringa.

Vi er samla her for å sjå både bakover og framover:

Kva tenkte vi for 10 år sidan? Korleis gjekk det?

Kva utfordringar har vi framfor oss? Korleis kan dei løysast?

TEKMAR er lagt opp slik at vi i første delen av seminaret skal snakke om utfordringane ved produksjonsvekst. I andre delen blir det lagt vekt på verkemidla mot lakselusa. 

I tredje delen er temaet eksponert oppdrett og i fjerde delen mulegheitene for samarbeid om ei berekraftig havbruksnæring.

Tittelen eg har fått for innleiinga her i denne første delen er: "Sjøbasert lakseoppdrett – kvileskjær, parkert eller framtidsindustri ?".

Nærmare ein million tonn, - det er mykje fisk!

Dette gir gode inntekter til bedriftene, arbeid i kystdistrikta og viktige eksportinntekter til landet.

Det gir faktisk også arbeid til byfolk og medverkar til den generelle levestandarden i samfunnet. Eg vil også minne om at det er mat oppdrettsnæringa produserer, og det er noko ho skal vere stolt av. Ikkje minst fordi det er snakk om sunn, god og klimariktig mat. Havforskinga anslår og at potensialet kanskje er ti gonger så stor som dagens produksjon - om næringa steller seg rett!

For vi må alle erkjenne at omfanget av og farten på veksten i laksenæringa har biverknader som vel ingen er heilt komfortable med.

Av desse er det for tida sjukdomsproblema, parasittar og rømming som bekymrar oss mest.

Desse problema er ei utfordring for næringa overfor marknaden, media, folk flest og myndigheitene. Eg trur også det har noko å seie for rekrutteringa til næringa.

Lus, rømming og sjukdom er eit omdømeproblem for bedriftene og næringa.

Men eg har tru på at det er vilje og evne i næringa til å ta tak i desse problema, både som enkeltbedrifter og i fellesskap. Oppmøtet her i dag er vel og eit utrykk for det. 

Fiskeri- og kystministeren er sterkt oppteken av miljøtilstanden i oppdrettsnæringa, og legg vekt på å føre ein ansvarleg politikk som tek omsyn til både miljøet og behovet for næringsutvikling.

I den politiske plattforma til regjeringa – "Soria Moria 2" står det at "regjeringa skal legge til rette for videre vekst i havbruksnæringa, så lenge den er innenfor bærekraftige rammer".

Det er gjort greie for regjeringas politikk i strategien for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring som blei lansert i april i fjor. I denne strategien er det presentert utfordringar, mål og 32 tiltak som skal til for at oppdrett kan drivast utan uakseptable verknader på miljøet.

Strategien omfattar 5 hovudmål:

1 - at havbruk ikkje må bidra til varige endringar i dei genetiske eigenskapane til villfiskbestandane.

2 - at alle oppdrettsanlegg held akseptabel miljøstandard, og ikkje slepp ut meir næringssalt og organisk materiale enn det resipienten toler.

3 - at sjukdom i oppdrett ikkje skal bidra til bestandsregulering av villfisk, og å redusere medikamentbruk i næringa til eit minimum.

4 - å få til ein lokalitetsstruktur og arealbruk i næringa som er mest muleg berekraftig.

5 - at behovet for fòrråstoff til næringa må bli dekt utan at ein overbeskattar dei ville bestandane.

Fiskeri- og kystdepartementet tar denne strategien på alvor, og legg den til grunn for konkrete vedtak. 

Under sjømatkonferansen i Bergen nyleg streka fiskeri- og kystministeren under at ho var den første fiskeriministeren som "hadde stoppet veksten på grunn av lus". Her signaliserte ministeren at med nokre mindre unntak så er det ikkje aktuelt med nokon generell volumutviding "før i 2012".

Det er likevel viktig å vere klar over at dette ikkje betyr fullstendig stopp i all vekst. For å halde oss til skøytemetaforen: vi må senke farten i svingane, men dette er ikkje noko kvileskjær! Tvert imot – vi må senke farten i svingane for å kunne sparke frå på langsidene med ein endå meir offensiv og berekraftig politikk!

I same metafor: det er ikkje 500 meter vi går, men heller 10 000!. La meg utdjupe dette nærare.

I Fiskeri- og kystdepartementet trur vi at det finst alternativ til volumvekst.

På lengre sikt er dette truleg også ei meir robust form for næringsstrategi. Vi må bort frå tankegangen om at vi berre er ein råvarenasjon. I dag består mesteparten av eksporten vår av ubearbeida fisk, og vekst i eksportinntektene er stort sett et resultat av ei auke i volum.

Eg trur vi nå må tenke meir på korleis vi kan få til vekst i eksportinntektene ved å auke verdien av kvar eining fisk som blir eksportert.

I framtida trur vi at det er på vidareforedlingssida den største verdiauken vil komme. Korleis skal så dette skje? Jau, for eksempel gjennom å differensiere lite bearbeida fisk, utvikle foredla produkt, ferdigvarer og byggje merkevarer.

Kanskje kan nettopp det at volumutvidinga er utsett, bidra til å flytte fokus frå volumvekst til strategiar for verdivekst? 

Så til spørsmålet om korleis næringa elles skal bli meir berekraftig.

Det er vel særleg på denne "langsida" eg meiner det er behov for å "heve blikket og auke takta". Som vi alle veit har laksenæringa vore ute ei vinternatt før, og "stått han av":

Fleire av oss her er vaksne nok til å hugse antibiotikaproblematikken på 1980 talet, etablering av "Frisk fisk-programmet" og utviklinga av vaksiner som langt på veg løyste miljøproblema rundt medisinbruk i oppdrettsnæringa.

Dette vart i stor grad finansiert gjennom eit spleiselag av det offentlege og næringa sjølv. Denne utviklinga la grunnlaget for den eventyrlege veksten vi har sett i oppdrettsnæringa, og også innanfor norsk biomedisinsk forsking og industri.

Regjeringsvedtaket om å utsetje den planlagde utvidinga av kapasiteten vart kopla til ei avgjerd om at spørsmålet skal vurderast på nytt i 2012.

Eg har tidlegare gjort greie for dei fem hovudmåla i regjeringas berekraftstrategi. Desse vil bli lagt til grunn når Fiskeri- og kystdepartementet igjen tar stilling til spørsmålet om ei generell volumutviding.

I Fiskeri- og kystdepartementet kjem vi til å bruke 2011 på å setje i verk så mange som muleg av tiltaka i regjeringa sin strategi for ei berekraftig havbruksnæring. Dette betyr å skaffe meir kunnskap, å utvikle gode indikatorar og i tillegg å forsterke og setje i gang nye forvaltningstiltak.

I vinter og i vår vart det til dømes gjennomført koordinerte avlusingar langs kysten for å beskytte den utvandrande smolten. Resultatet av slike tiltak har vist seg å vere rimeleg bra. I tillegg til synkronisering av avlusinga meiner mange at sjølve arealstrukturen i næringa har innverknad på spreiinga av lakselusa.

Som det er gjort greie for i bærekraftstrategien meiner ein at lokalisering og arealstruktur har innverknad på ei rekke miljø- og sjukdomstilhøve i havbruksnæringa Det er derfor sett ned eit ekspertutval - Gullestad-utvalet. Dette utvalet har til mandat å foreslå ein ny overordna arealsstruktur for havbruksnæringa. Utvalet er godt i gang med arbeidet og vil leggje fram tilrådingane sine i februar neste år.

Eg trur at laksenæringa kan, og vil klare det, denne gongen òg. Føresetnaden er at vi har folk i næringa med visjonar og evne til å sjå lenger fram enn til neste sving.

Stikkorda her er kapital, innovasjonsevne og teknologi.

Myndigheitene bruker mykje pengar på havbruksforskinga.

I 2009 løyvde Fiskeri- og kystdepartementet 268 millionar kroner til denne forskinga. Berre til luseforskinga bruker Forskingsrådet meir enn 60 millionar kroner i år.

Fiskeri- og kystministeren har ved fleire høve gitt uttrykk for at næringa i større grad må ta ansvar for, og bidra til finansieringa av, havbruksforskinga.

Det er vel òg rimeleg at ein ser ei slik finansiering i høve til den gode omsetninga i næringa. Slik finansiering bør sjølvsagt også sjåast i samanheng med kor store problem det er næringa står overfor. Eg har vel inntrykk av at vi er godt på veg, men tida er i høg grad inne for eit taktskifte i innsatsen frå næringa på dette området. 

Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond er ein god reiskap, og gjer ein bra jobb, men samtidig kunne ein kanskje ønskje at også enkeltbedrifter, særleg dei største av desse, kunne auke innsatsen noko.

Om vi skal løyse miljøproblema i næringa er forskinga viktig. Men det er også viktig med innovasjon og praktiske løysingar, der ein tek "brukarkompetansen" på alvor.

Som kjent vart ikkje bruk av leppefisk oppfunne i laboratoriet. Skal vi få til ei berekraftig utvikling så må vi tenkje breitt, utradisjonelt og "utanfor boksen".

Eg har derfor god tru på slike plattformer som TEKMAR, der forskarar, forvaltning og praktikarar kan møtast for å diskutere problem og utveksle idear til løysingar.

Eg trur også at SINTEF har eit godt utgangspunkt her i Trondheim for å organisere slike samlingar. Trondheim er eit naturleg nasjonalt og internasjonalt tyngdepunkt for forsking om fiskeri- og havbruksteknologi.

Samlinga i år legg hovudvekt på aktuelle verktøy i "lakselusskrinet", særleg på bruk av heilduk, leppefisk og bruk av brønnbåt til avlusing.

Dette er viktige tiltak å diskutere i seg sjølv, men også i kombinasjon med andre tiltak, slik som synkronisert avlusing, og ein meir moderne arealstruktur. Det er også viktig å vere klar over at det føregår alternative tilnærmingar til problemstillinga om lakselus. For eksempel har ein fått kraftfulle verktøy til å selektere for resistens mot lakselus gjennom genom-forskinga. Dette kan kanskje på sikt gi heilt andre mulegheiter når det gjeld å gjere noko med samspelet mellom oppdrettsslaks, lakselus og villaks. 

Det er i den siste tida kome sterke krav frå ulike hald om at det må innførast pålegg om lukka oppdrettsanlegg. Det kan vere rett, og det kan vere feil. I Fiskeri- og kystdepartementet er vi opptekne av at regelverk og ordningar for finansiering av forsking må vere mest muleg " teknologinøytralt".

Dette betyr at regelverk og forsking ikkje må låsast til dagens teknologi eller politisk korrekte løysningar, fordi det inneber ein fare for at ein då går glipp av andre og kanskje betre idear. Eg trur meir på at myndigheitene konsentrerer seg om å beskrive mål og ønska resultat, og så får praktikarane og forskarane, som har greie på slikt, finne gode og praktiske vegar til desse måla.

Eg vil i denne samanheng få gjere merksam på at regjeringa i 2011-budsjettet har foreslått å auke løyvinga til satsing på miljøteknologi til 260 mill. kroner. Eg håper sjølvsagt på at vi og får sjå nokre søknader innanfor havbruksteknologi til denne løyvinga.

Oppdrett på eksponerte lokalitetar er ein god gammal slager frå SINTEF. Det kan i ein del tilfelle vere rett å trekke oppdrettsanlegg ut i meir opne farvatn. Det kan og vere at teknologien og konkurransetilhøva endrar seg i framtida, og det er viktig for Norge å vere førebudd og ha ein beredskap for ein slik situasjon. Slik sett er det viktig at vi har, og held ved like eit fagmiljø på eksponert oppdrett. Eg ser det likevel slik at den skjerma kystlinja vi har i Norge, med mange gode oppdrettslokalitetar, så langt har vore eit av våre viktigaste konkurransefortrinn. Det bør derfor framleis vere ein hovudstrategi å utvikle teknologi som er tilpassa dette fortrinnet, og også å forvalte desse skjerma lokalitetane som ein verdifull ressurs for næringa. 

Den siste bolken i TEKMAR-arrangementet har tittelen "Rom for samarbeid" og handlar om korleis oppdrettsnæringa skal komme kundane, lokalmiljøet og opinionen i møte.

Eit anna begrep for dette er "bedrifta sitt samfunnsansvar". Då er vi tilbake til formuleringa i Soria Moria- erklæringa: "Innanfor berekraftige rammer".

Som vi veit har også ICA Norge i det siste vore veldig tydeleg i sine miljøkrav overfor oppdrettsnæringa.

Så tydelege krav frå marknaden, målborne av ein stor norsk matvarekjede, er noko nytt. Dette kjem i tillegg til krav frå miljømyndigheiter, miljøorganisasjonar, og lokalsamfunn. Anten vi likar det eller ikkje så kan dei bli avgjerande for om oppdrettslaksen i det heile får plass i supermarknadane sine kjølediskar i framtida. Vi ser altså at tilhøvet til naturmiljø og lokalsamfunn kan få mykje å seie for utforminga av både offentlege og private rammevilkår.

Og rammevilkåra er igjen heilt avgjerande for utviklinga i næringa, ja for næringa sin eksistens.

Det er derfor særs viktig med ein god dialog med interessentane for å klargjere og bidra til realistiske forventningar til oppdrettsbedriftene. Eit viktig resultat av en slik dialog vil være teknologi og styringsverktøy som ikkje berre sikrar effektiv og lønnsam drift i anlegga, men som også gjer at desse kan drivast utan uakseptable konfliktar med miljø og lokalsamfunn.

Eg ønskjer lukke til med gjennomføringa av arrangementet, og håpar de får gode og praktiske resultat ut av diskusjonane, til nytte for både samfunnet og næringa.