Historisk arkiv

Etterforskingsplikt ved plutseleg barnedød

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Regjeringa gjer framlegg om å innføre etterforskingsplikt for politiet og påtalemakta i tilfella der barn under 18 år døyr plutseleg og uventa, utan omsyn til om det ligg føre mistanke om straffbart forhold.

Regjeringa gjer framlegg om å innføre etterforskingsplikt for politiet og påtalemakta i tilfella der barn under 18 år døyr plutseleg og uventa, utan omsyn til om det ligg føre mistanke om straffbart forhold.

– Framlegget vil styrkje rettstryggleiken til barn og er eit ledd i regjeringa sitt arbeid for å avdekkje vald og overgrep mot barn, seier justisminister Knut Storberget.

Regjeringa vil ta inn ei føresegn i straffeprosesslova som gir politiet rett til å etterforske alle saker der barn under 18 år døyr plutseleg og uventa. Føresegna skal supplerast av ein regel i påtaleinstruksen som legg ei plikt på politiet til å etterforske slike tilfelle.

Dersom det openbert ikkje ligg føre straffbare forhold, gjeld ikkje plikta. Det kan til dømes vere tilfelle der barn døyr på sjukehus eller i institusjon etter lang tids sjukdom utan tilknyting til straffbart forhold.

I dag er det slik at politiet berre innleier etterforsking i saker der det er rimeleg grunn til å undersøkje om det ligg føre straffbare forhold. Når barn døyr plutseleg og uventa, skal politiet etter framlegget etterforske utan omsyn til om det ligg føre slik mistanke.

– Dette framlegget er eit viktig bidrag til å oppfylle forpliktinga i Soria Moria-erklæringa om å styrkje innsatsen mot vald i nære relasjonar, seier Storberget.