Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Pressemelding, 03.10.2008

Nr.: 60-08

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Status: Arkivert

Meir tid til fysisk aktivitet i skulen

Aktivitet_Foto_Samfot

Regjeringa foreslår å auke veketimetalet på barnesteget med to timar knytte til fysisk aktivitet. Endringane skal gjelde frå hausten 2009, og målet er gradvis å sikre ein time fysisk aktivitet kvar skuledag.

–Vi veit at barn har eit stor behov for meir fysisk aktivitet.  Vi ønskjer derfor å sikre meir tid til det, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell. 

Det vil i tillegg bli etablert ei rådgivingsgruppe som skal komme med faglege innspel til korleis arbeidet med fysisk aktivitet i skulen kan bli betre. Gruppa skal gi råd til departementet, og arbeide for at ein offentleg blir merksam på satsinga på fysisk aktivitet i skulen. Med i gruppa er kjende idrettsnamn som Marit Breivik, Stig Inge Bjørneby og Grete Waitz. Elles er desse med: Sigmund A. Andersen som er leiar i Nasjonalt råd for fysisk aktivitet, Oddrun Samdal, Universitetet i Bergen og prorektor Inger-Åshild By, Noregs Idrettshøgskule. 

–Fysisk aktivitet fører til betre helse, auka læring og meir trivsel. Eg ønskjer derfor å etablere ein idé- og ressursbank for fysisk fostring, som skulane kan nytte, og eg trur at den nye rådgivingsgruppa kan komme med viktige innspel, seier kunnskapsministeren. 

Dei nye timane til fysisk aktivitet skal ikkje vere del av kroppsøvingsfaget. Aktivitetane skal byggje på eit opplegg med mangfald og breidd. Timetalsutvidinga er tenkt knytt til dei øvste stega på barnesteget. Men dette vil først bli fastsett etter ein høringsrunde. Departementet vil seinare gjennom forskrift komme tilbake til eit konkret opplegg for gjennomføringa.

Lenke til Kunnskapsdepartementets budsjettsider