Pressemelding, 05.10.2007

Nr.: 150/07

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet (Opprettet 01.01.2002. Nedlagt 01.01.2010)

Status: Arkivert

Kraftig auke i løyvinga til nasjonale kulturbygg

I statsbudsjettet for 2008 gjer Kultur- og kyrkjedepartementet framlegg om 69,7 millionar kroner til nasjonale kulturbygg. Dette er ein auke på 15,2 millionar kroner samanlikna med løyvinga for 2007.

Dette er ein kraftig auke sidan 2006. I det siste budsjettframlegget frå regjeringa Bondevik var det berre sett av 4,3 millionar kroner til nasjonale kulturbygg.

Løyvinga gjeld følgjande prosjekt:

Institusjon

Prosjekt/tiltak

Tilskot i mill. kroner i 2008

Østsamisk museum

nytt museumsbygg

9,7

Bergen Kunstmuseum

ombygging til museumslokale

10,0

Norsk Industriarbeidermuseum

utviding av museet

8,0

Ája Samisk Senter

lokale for museum og bibliotek

3,0

Nasjonalt senter for pop og rock

virtuelt innhald, og utstillingar, utstyr, attraksjonar i senteret

35,0

Den Nationale Scene

rehabilitering av taket

2,0

Teater- og konserthus for Sørlandet

nytt teater- og konserthus

2,0

Sum

 

69,7

I tillegg gjer Regjeringa framlegg om tilsegn om 715 millionar kroner i tilskot til prosjekt i seinare år. Tilsegna gjeld mellom anna Teater- og konserthus for Sørlandet (406 millionar kroner), nytt konserthus i Stavanger (250 millionar kroner) og Hamsunsenteret (31 millionar kroner).