Pressemelding, 27.06.2008

Nr.: 81/08

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet (Opprettet 01.01.2002. Nedlagt 01.01.2010)

Status: Arkivert

Norsk språk må styrkjast

- Med språkmeldinga legg regjeringa grunnlaget for ein ny og meir offensiv språkpolitikk. Det overordna målet er å sikra det norske språkets status og bruk på alle samfunnsområde, slik at norsk kan bestå som eit fullverdig, samfunnsberande språk, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

St.meld. nr. 35 (2007-2008) og kortversjon av meldingen (pdf)

Kulturminister Trond Giske presenterer språkmeldingen på Litteraturhuset 27. juni 2008 Foto: Kultur- og kirkedepartementet- Språkpolitikken skal også fremja det språklege mangfaldet. Det betyr å gjera nynorsk meir reelt likestilt med bokmål, å styrkja dei samiske språka, å verna språka til nasjonale minoritetar og å gje norsk teiknspråk høgare status. Meldinga strekar også under verdien av den nye språkrikdommen vi har fått, takk vera innvandringa dei siste tiåra. Å vareta den nordiske språkfellesskapen og å betra den framandspråklege kompetansen hos nordmenn flest er også viktige element i ein samla språkpolitikk.

Regjeringa vil etablera språkpolitikk som eit heilskapleg, sektorovergripande politikkområde med kulturpolitisk forankring. Det betyr at Kultur- og kyrkje-departementet skal ha eit overordna språkpolitiske fagansvar, men at også dei andre departementa må ta språkpolitiske omsyn når dei gjennomfører eigen sektorpolitikk.

Språkrådet skal styrkjast som operativt, fagleg-administrativt samordningsorgan for ein sektorovergripande språkpolitikk. Dessutan får Språkrådet eit ansvar også for andre språk enn norsk, m.a. eit fagråd for minoritetsspråk, framandspråk og språkopplæring. Språkrådet får også eit nasjonalt samordningsansvar for utvikling og tilgjengleggjering av fagterminologi. Det blir foreslått at oppgåvene til Språkrådet skal forankrast i lov.

Meldinga skisserer eit system for språkpolitisk oppfølging over tid, m.a. utarbeiding av ein årleg språkpolitisk tilstandsrapport og lovfesting av ei samla språkpolitisk melding til Stortinget fjerde kvart år.

Meldinga tek til orde for å utarbeida ei allmenn språklov. Lova skal slå fast det norske språkets offisielle status som hovudspråk og nasjonalspråk i Noreg, men skal også gje ei overordna legal ramme for andre språk enn norsk. Meldinga anerkjenner norsk teiknspråk som fullverdig språk. Det overordna offentlege ansvaret for teiknspråk blir forankra i språklova.

Det blir lagt opp til at verkeområdet for mållova skal avgrensast etter same modell som den nye offentleglova. Departementet vil elles gjennomgå gjeldande målbruksreglar og vurdera behovet for å greia ut eit oppdatert regelverk om bruk av bokmål og nynorsk i staten. Det vil dessutan bli vurdert om det bør utarbeidast nærare målbruksreglar også for kommunesektoren.

Det største enkelttiltaket i meldinga et forslaget om å byggja opp ein norsk språkbank. Dette er eit viktig nasjonalt infrastrukturtiltak for å sikra norskspråklege teknologiske løysingar over eit breitt felt. Språkrådet har oppdraget å leia arbeidet med å førebu organiseringa og den vidare oppbygging av språkressursar.

Alt i alt inneheld meldinga meir enn 100 prioriterte tiltakspunkt. Her følgjer eit utval:

  • Regjeringa vil fremja forslag om å lovfesta at universitet og høgskular har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk
  • Det blir lagt til grunn at universitet og høgskular utformar individuelt tilpassa språkstrategiar
  • Departementet vil invitera partane i arbeidslivet til ein vidare prosess for å utvikla eit språkpolitisk strategi for arbeids- og næringslivet
  • Departementet vil ta initiativ til ei utgreiing eller eit forskingsprosjekt om teknologibasert språkbruk i arbeidslivet
  • Departementet vil ta initiativ til å få sett ned eit permanent interdepartementalt utval for språk og teknologi
  • UNESCO-konvensjonen som sikrar alle statar rett til å verna det kulturelle mangfaldet på sitt eiga territorium, er det overordna utgangspunkt for språkpolitikken på kultur- og medieområdet
  • Departementet vil vurdera korleis ein kan vareta språklege omsyn innanfor medieverda, særleg i lys av dei nye teknologiske, økonomiske, og drifts-  og marknadsmessige rammevilkåra for mediebransjen.
  • Departementet vil utforma ein meir kraftfull og systematisk strategi for korleis aktørar innanfor kultursektoren kan vera med på å fremja lesing blant barn og unge.
  • Departementet vil leggja til rette for at Det Norske Akademis store ordbok kan fullførast på ein fagleg forsvarleg måte i 2014
  • Departementet vil ta initiativ til å etablera ein standard for språkleg kvalitet i staten, m.a. eit system for språkleg kvalitet i lover og forskrifter
  • Regjeringa legg opp til at omsynet til nynorsk alltid skal vurderast eksplisitt når spørsmål som vedkjem norsk språk, blir tematisert
  • Departementet vil gje Språkrådet klarsignal til å setja i gang med å førebu ein revisjon av rettskrivingssystemet i nynorsk
  • Kultur- og kyrkjedepartementet har eit overordna språkpolitisk ansvar også overfor samisk, språka til nasjonale minoritetar, norsk teiknspråk og elles andre minoritetsspråklege grupper i Noreg 
  • Regjeringa vil setja i gang eit arbeid med å utvikla ein handlingsplan for samisk språk, jf. også St.meld. nr. 28 (2007–2008) om samepolitikken
  • Departementet vil vurdera å invitera representantar frå kvenene, alle dei aktuelle departementa og representantar for relevante fagmiljø til ein større konferanse om revitalisering av kvensk språk
  • Relevante departement vil vurdera kva som kan gjerast for å tryggja minoritetsspråka romani og romanes
  • Departementet vil oppmoda og stimulera aktørar på heile kulturområdet til å delta aktivt i nordisk samarbeid og nordiske samarbeidsprosjekt
  • Regjeringa vil aktivt bidra til å fremja og følgja opp mål og tiltak i den nordiske språkdeklarasjonen, mellom anna alle tiltak som kan styrkja den nordiske språkfellesskapen