Historisk arkiv

Regjeringa vil gje hjelp til straumrekninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Som tilskot til dei høge straumrekningane som no kjem, foreslår regjeringa å gje ei ekstra utbetaling til alle som får bustøtte. Dette er ei handsrekking til folk med dårleg økonomi, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa fremma fredag 14. januar 2011 eit forslag for Stortinget om å gje dei om lag 125 000 husstandane som mottek bustøtte til saman 318,5 millionar kroner ekstra til straumrekninga.

- November månad blei den kaldaste på lenge og sprengkulda har halde seg inn i desember og januar i store delar av landet. Samstundes har straumprisane auka. Mange vil no få høge utgifter til oppvarming av bustaden. Det vil vere ei spesiell utfordring for dei som har dårleg økonomi, seier Navarsete.

Kvar husstand får 2500 kroner for første medlem, og 100 kroner i tillegg for kvart ekstra medlem. Til dømes vil ein barnefamilie på fem få ei utbetaling på 2900 kroner. Den ekstra utbetalinga vil kome i byrjinga av mars.

Bustøtta er ei statleg stønadsordning til dei som har låge inntekter og høge buutgifter.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.