Historisk arkiv

Sjekk om du har krav på støtte til straumrekninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Eg oppmodar alle som har høge buutgifter og låg inntekt til å sjekke om dei har krav på bustøtte og dermed støtte til den høge straumrekninga som no kjem, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Husbanken sin bustøttekalkulator gjev ein pekepinn på om ein kan ha krav på bustøtte.

Regjeringa fremma 14. januar 2011 eit forslag for Stortinget om å gje dei om lag 125 000 husstandane som mottek bustøtte til saman 318,5 millionar kroner ekstra til straumrekninga.

Kvar husstand får 2500 kroner for første medlem, og 100 kroner i tillegg for kvart ekstra medlem. Til dømes vil ein barnefamilie på fem få ei utbetaling på 2900 kroner. Den ekstra utbetalinga vil kome i byrjinga av mars. Fristen for å søkje er 14. februar 2011.

Meir informasjon finst på www.husbanken.no.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.