Historisk arkiv

Kommunar må tenkja kvalitet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til LO-aktuelt 11.09.2009.

Valkampen er over. Færre rikspolitikarar vitjar eldresentra, skular og barnehagar. Men dei tilsette vil halda fram med å betra kvaliteten på tenestene.

For nokre veker sidan, midt i eit hektisk politisk ordskifte, hadde eg gleda av å innleia på den store kvalitetskommunekonferansen. Korkje konferansen eller dei prosjekta som vart presenterte, vekte særleg oppsikt i valkampen. Det er synd. Dei om lag 800 deltakarane på konferansen representerer gode døme på nytenking i offentleg sektor.

Ikkje minst såg vi det hos dei kommunane som fekk pris for godt arbeid med kvalitet, Verdal, Vaksdal og bydel Nordre Aker i Oslo.

Kvalitetskommuneprogrammet er ein dugnad med fire hovudsamanslutningar på arbeidstakarsida, KS og tre departement. Målet er å utvikla betre tenester og lågare sjukefråver.

138 kommunar har delteke med prosjekt innanfor pleie- og omsorgstenesta, oppvekstsektoren og for å få ned sjukefråveret.

Kvalitetskommuneprogrammet er ei påminning om at mykje allereie er bra. Det harmonerer med det mange innbyggjarar svarar i undersøkingar. Dei er særs nøgde med kommunane sine.

Ein god sektor kan likevel bli betre. Det må heller ikkje vera nokon motsetnad mellom effektiv ressursbruk og kvalitet i tenestene. I den mangfaldige offentleg sektoren har vi ansvar for mange milliardar kroner på vegne av fellesskapet. Vi må ha eit sunt og kritisk tilhøve til korleis vi brukar desse kronene og vår eiga arbeidstid.

Høg kvalitet på tenestene er viktig for innbyggjaren, for tilliten i samfunnet og for å vera ein attraktiv kommune der folk ønskjer å bu. Det er også viktig for rekrutteringa til kommunesektoren.

I mi tid i departementet har eg vore mykje rundt i kommunane som deltek i Kvalitetskommuneprogrammet.

Noko av det viktigaste eg har lært er at det finst fleire vegar til måla. Då treng vi eit godt forankra trepartssamarbeid. Det sikrar at dei tilsette får høve til å koma med forslaga sine, eit godt politisk og administrativt leiarskap og eit langsiktig og kontinuerleg arbeid.

Kvalitetskommuneprogrammet har vore ei stor satsing. Programmet er førebels inne i det avsluttande året. Vi skal no i september summera opp og drøfta om og korleis ei vidareføring skal foregå. Vi har mange gode døme vi treng å føra vidare. Kunnskapsdelinga må halda fram.