Historisk arkiv

Valet skal evaluerast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 25.09.2009.

Det endelege resultatet frå stortingsvalet i år er til å stola på. Det vart slik veljarane ønskte. Riksvalstyret har fordelt utjamningsmandata. Stortinget føretek endeleg godkjenning den 8. oktober.

Eg har likevel full forståing for at det vert reist spørsmål ved einskilde sider ved valet. Eg unner ingen å verta oppringt to dagar etter valet med melding om at han eller ho er representant eller ikkje. La meg derfor gjera det klårt: Valgjennomføringa skal evaluerast grundig. Departementet føretek ei evaluering kvar gong det har vore val.

Noko som denne gongen må drøftast nøye, er bruken av prognosar, dvs. førebels utrekning av valresultat og mandatfordeling. Frå departementet si side er dette meint som ein eigen service som vert oppdatert etter kvart som nye tal føreligg. Vi bør også drøfta om denne oppdateringa undervegs skal gjerast tilgjengeleg i perioden etter valnatta og før endeleg teljeresultat føreligg.

Denne gongen var det feil i prognosemodellen og seinare også ein tastefeil. Feila vart raskt retta opp, men var alt kunngjorde med dei forviklingane det medførte for fleire einskildpersonar.

Ein alvorleg feil er avdekka i samband med teljinga, 793 røyster var i fleire dagar sakna i Rogaland.

Eg har fylgt med på den omfattande førebuinga som er gjort i kommunal- og regionaldepartementet for å sikra ei god valgjennomføring. Departementet si oppgåve er m.a. å redusera risikoen for feil så langt råd er og også syta for eit system som kan avdekka feil som oppstår. Denne gongen er feila oppdaga og retta opp.

Vi kan ikkje garantera at det ikkje blir gjort feil. Vi har å gjera med 3000 vallokale og enda fleire tusen einskildpersonar som deltek i teljing. Erfaringane frå  kommunevalet for to år sidan medførte at vallova vart endra. Så langt er det ikkje grunn for å varsla lovendringar. Ei grundig evaluering skal no gjerast, så får vi koma tilbake til eventuell oppfølging.