Historisk arkiv

Valresultatet er veljarane sin dom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Dagbladet 02.10.2009.

I laurdagutgåva av Dagbladet stemplar Peter N. Myhre (FrP) veljarane som valets taparar. Som ansvarleg valminister kan eg ikkje la eit slikt overraskande innlegg liggja.

Myhre presenterer utrekningar frå så langt attende som 1965 for å fortelja om det han meiner er ei urettvis valordning. Eg ynskjer ikkje å gå inn i ein diskusjon kring desse tala, eg berre registrerer at han har funne ”urettferdigheter” begge vegar. Den valordninga vi har i dag, vart vedteken av Stortinget i 2003.

Debatt kring valordninga er viktig i eit levande demokrati. Den norske valordninga inneheld fleire faktorar som alle har verknad på korleis utfallet vert rekna ut. Arealfaktoren har vore mykje omtalt i media i etterkant av valet, men det å tilgodesjå distrikta i valsystemet er faktisk ikkje eit særnorsk fenomen. Dei fleste land nyttar som Noreg også ei form for sperregrense ved nasjonale val. Vi brukar den såkalla St. Laguës modifiserte metode der første delingstal ved utrekning av mandat er 1,4. Dette er same metode som dei skandinaviske nabolanda våre, Sverige og Danmark, nyttar. Dei fleste land er også delte inn i fleire valdistrikt. Vi har 19 valdistrikt i Noreg. Så vidt eg kjenner til er det berre Israel og Nederland som ikkje har delt landet inn i valdistrikt.

Lat meg minna om at heile valordninga vart grundig drøfta av Vallovutvalet, eit breitt samansatt politisk utval, som presenterte sine framlegg i NOU 2001:3 Velgere, valgordning, valgte. I handsaminga som følgde frå Stortinget si side, var det i all hovudsak semje kring hovudtrekka i valordninga, som også er fastsett i Grunnlova. Det vart slått fast at vi skal ta omsyn til geografien, ha ei valordning med 19 valdistrikt, ei sperregrense på 4 prosent og modifisert St.Lagues metode med første delingstal 1,4. Både semja og dei ulike delane er viktige faktorar i det eg vil kalla ei god og stabil valordning.

Eg har forstått at Framstegspartiet ikkje ynskjer at ein arealfaktor skal leggjast til grunn for mandatfordelinga mellom valdistrikta. Er det slik at dei også ynskjer å gjera noko med inndelinga i valdistrikt, sperregrensa og metode for utrekning av mandatfordelinga mellom partia?

Ved valet 14. september var det nesten 2,7 millionar norske statsborgarar som nytta røysteretten sin. Tel vi opp røystene ser vi, som Myhre peikar på, at regjeringspartia saman med Rødt fekk nokre færre stemmer enn Venstre, Kristeleg Folkeparti, Høgre og Framstegspartiet – om lag 13 400. I tillegg fekk andre parti 36 201 stemmer.

Valet vart gjennomført i tråd med den valordninga som vart vedteken av Stortinget i 2003. Veljarane sin dom er klar – eit fleirtal på 86 av representantane i det nye Stortinget kjem frå Senterpartiet, Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Det vert derfor direkte misvisande å hevda at ”regjeringen hersker i strid med velgernes dom”.