Historisk arkiv

Vi må fjerna hindra som stengjer menneska ute

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Aftenposten 23.09.2009.

Vi har framleis eit samfunn med hinder. Det gjer at mange menneske ikkje slepper til der vi dyrkar fellesskap og deltaking.

Rudolph Brynn tok i Aftenposten 17. september opp den viktige skilnaden mellom universell utforming og tilpassing. Ein skilnad det ikkje er like lett å sjå for dei av oss som ikkje dagleg opplever å ha nedsette funksjonsevner.

Vi opphever ikkje den uverdige utestenginga med tilfeldige tilpassingar. Det er hovuddøra som skal vera open for alle. Det er ikkje å dra likskapen for langt. Det er å kjempa mot diskriminering.

Regjeringa har ambisjon om at Noreg skal vera universelt utforma innan 2025. Barne- og likestillingsministeren lanserte i mai ein femårig handlingsplan.

I planen er det ulike verkemiddel. Mellom anna vil vi skjerpa lovverket. Mitt eige departementet har til dømes ansvar for plan- og bygningslova. Vi foreslår å skjerpa kravet om tilgjengelegheit. Vi vil og innføra universell utforming som rettsleg norm.

Eit klårare lovverk og ei tøffare oppfølging frå kommunane, skal sikra universell utforming i nye arbeidsbygg og for nye bygg, anlegg og uteområde som er retta mot ålmenta.

Dette er sjølvsagt berre eit skritt på vegen. Vi må også ta tak i eksisterande bygg og anlegg. Det er eit omfattande arbeid.

Regjeringa legg i 2010 fram ein plan for kva for kategoriar av bygningar, anlegg og uteområde som skal oppgraderast, og fristen for når dette skal vera gjennomført. Skular må prioriterast som eit første steg.