Historisk arkiv

Slepp tusenbeinet fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt il Nationen 18.02.2010.

Eg ser Noreg som eit tusenbein - kor beina er gründerane og dei dristige bedriftsleiarane.

Denne veka møtte eg nokre av desse engasjerte bedriftsetablerarane. Høvet var at statsminister Jens Stoltenberg, kunnskapsminister Kristin Halvorsen og eg lanserte Samarbeid for arbeid. Me vil ha eit breitt ordskifte om korleis me kan få fleire i jobb, utvikle kunnskap og kompetanse og – ikkje minst - få fram nye verksemder.

Gründerar må skape
Me vitja teknologiskaparane hjå Opera Software i Oslo. Det starta med to datakunnige midt på 1990-talet. I dag er det eit velkjent firma med over 700 tilsette verda over. Bodskapen der var at gode gründerar er opptekne av å skape resultat, ikkje av å bli rike.

Me møtte også gründerar i andre enden av skalaen. Jørn Sandvik Nilsson og hans kameratar driver Yast, eit lite teknologifirma med base i Sogndal. Der kan dei utvikle dataløysingar for kundane sine og køyre på ski når puddersnøen er som best. Eit godt døme på at teknologien gjer oss stadig meir uavhengige av geografien, og at distrikta har fordelar som storbyane manglar.

Frå Yast var meldinga til oss i regjeringa at det må bli enklare å ta gründerspranget. Det er framleis ei rad hindringar, store og små, som gjer at mange menneske kvir seg for å starte eiga verksemd.

Fjerne hinder
Slike hinder må me redusere viss me skal leve opp til måla frå Soria Moria-erklæringa. Der seier regjeringa at Noreg skal bli ein leiande, innovativ, dynamisk og kunnskapsbasert nasjon på område der me har fortrinn.

Då treng me menneske som har skaparglede, engasjement, kompetanse og kunnskap. Det som kan vere dristig og nytenkjande i dag, kan bli trygge arbeidsplassar om nokre år. Ein av sju personar som jobbar i private verksemder arbeider i eit firma som ikkje fanst for fem år sidan. Mykje tyder på at omstillingstakten vil auke i åra som kjem. Ryggrada i norsk næringsliv er dei små bedriftene – en tredel av verksemdene har mellom ein og ni tilsette. Difor er eg særleg oppteken av rammevilkåra for desse bedriftene.

Meldingane frå gründerane me har møtt er gode innspel til oss som skal leggje til rette for ein politikk som gjer det muleg å skape nye arbeidsplassar.

Gode rammevilkår
Regjeringa gjer mange ting for å sikre gode rammevilkår for næringslivet. Sjølvstendige næringsdrivande har no rett til svangerskaps- og foreldrepengar. Me arbeider dagstøtt for å gjere kommunar og fylkeskommunar til betre medspelarar og næringsutviklingsaktørar.

Det offentlege verkemiddelapparatet gir entreprenørar rettleiing, nettverk og kapital. Ungt Entreprenørskap står på timeplanen i skuleverket. Å prøve å starte eiga bedrift gir verdfulle erfaringar for elevane. Forhåpentleg får dei lyst til å satse som næringsdrivande seinare.

Regjeringa har lagt fram handlingsplan for auka entreprenørskap blant kvinner, og me innfører ei mentorordning for alle gründerar under 35 år.

Dialog om framtida
Likevel må me gjere meir. Med Samarbeid for arbeid spør me korleis me kan få eit framtidsretta næringsliv i heile landet. Vil du vere med i ordskiftet, kan du gå inn på nettsida www.samarbeidforarbeid.no

Industri- og næringslokomotiva er framleis viktige i norsk økonomi. Dei kan inspirere, utvikle kompetanse og dele kunnskap. Men dei tusen beina i norsk næringsliv er nyetableringar, gründerar, og ikkje minst dei små og mellomstore bedriftene som allereie er etablert. Slike bein kan me ikkje få for mange av.