Historisk arkiv

Bustadpolitikk for framtida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til DagensNæringsliv 12.07.2012

I Noreg bur dei aller fleste godt og trygt. 8 av 10 eige bustaden sin og bustadene er godt vedlikehalde. Samstundes står vi overfor utfordringar som krev politiske grep. Befolkningstilveksten aukar og vi blir eldre. Vi må byggje nok og av god kvalitet. Derfor fører regjeringa ein heilskapleg, framtidsretta og ansvarleg bustad- og bygningspolitikk.

I Noreg bur dei aller fleste godt og trygt. 8 av 10 eige bustaden sin og bustadene er godt vedlikehalde. Samstundes står vi overfor utfordringar som krev politiske grep. Befolkningstilveksten aukar og vi blir eldre. Vi må byggje nok og av god kvalitet. Derfor fører regjeringa ein heilskapleg, framtidsretta og ansvarleg bustad- og bygningspolitikk.

I Dagens Næringsliv 11. juli 2012 kritiserer Baard Schumann (administrerande direktør i Selvaag) myndigheitene for ikkje å stille fleire krav til seg sjølve. Han ønskjer færre krav til utbyggjarar slik at bustadbygginga kan gå raskare og rimelegare.

Regjeringa har nyleg lagt fram ei stortingsmelding om bygningspolitikken. I meldinga legg regjeringa nettopp opp til enklare byggjereglar. Fleire enkle byggjetiltak skal kunne bli setje i verk utan å søkje kommunen først. Målet er å redusere omfanget av saker med 30 prosent. Ein skal bruke mindre tid, pengar og papir på byråkrati.

Samstundes må vi byggje bustader som er energieffektive og av god kvalitet. Dei bygga vi set opp i dag skal dekkje behova for framtidige generasjonar, og vil vere dei bygde omgjevnadene våre i mange tiår framover. Vi må ha ein bygningspolitikk som tek omsyn til framtidig bruk, sosiale behov og miljø.

Befolkningstilveksten og høge bustadprisar gjer seg særleg gjeldande i pressområde. Behovet for bustadbygging er stort. Statlege krav og offentleg forvalting har innverknad på bustadbygging og bustadprisar. Men det finnes også andre forklaringar, slik som sterk kon­kurranse om byggjetomter. Tilgangen på tomter, til ein pris som er akseptabel for utbyggjarar, kan vere ein terskel.

I Dagens Næringsliv 10. juli viser seniorøkonom Roger Bjørnstad i Econ Pöyry til at utbyggjarar vel å byggje i Oslo sentrum/vest og ut til Asker og Bærum, sjølv om sal og tilflytting er høgare i andre delar av Oslo-området. Eg har respekt for at utbyggjarane vel å byggje i område med høge bustadprisar, men eg vonar også at dei ser eit potensiale også i område med lågare prisar.

Ned­bygginga av kommunale tomteselskap og avregulering av leigemarknaden har også hatt innverknad på bustadprisveksten frå 1990-åra. Utviklinga opna for fri prisdanning ved kjøp av tomter. Det har vore brei politisk semje om avreguleringa av marknaden. Det er ikkje aktuelt å gå tilbake til å prisregulere bustadmarknaden.

Schumann viser også til at krava om eigenkapital, avgrensingar i BSU-ordninga og tersklar for å få lån i Husbanken svekkjer etterspurnaden etter bustad og gjer sala dyrare. Så enkelt er det ikkje. Det er ei rekkje faktorar som påverkar bustadprisane. Mange har stor kjøpekraft og konkurransen er stor.

Vi skal ha ein bustadpolitikk for alle – ein bustadpolitikk som bidreg til sosial og økonomisk fordeling. Eigenkapitalkravet seier at lånetakar normalt skal ha minst 15 % eigenkapital ved opptak av bustadlån. Dette skal bidra til at folk ikkje låner over evne og at dei ikkje får problem når renta stig. Solide banker og hushald utan for høg gjeld er viktig for den einskilde, bankane og næringslivet vårt. Unge og vanskelegstilte som ikkje får lån i annan bank, kan søkje startlån frå kommunane. I 2011 fekk 10 800 husstandar startlån, og Husbanken vil truleg låne ut 6 mrd. kr til kommunane for vidaretildeling i 2012.

Regjeringa arbeider vidare med tiltak som skal betre og auke bustadbygginga. Tidleg i 2013 vil vi leggje fram ei stortingsmelding om bustadpolitikken. Der vi vil gå nærare inn på drivkrefter og hindringar for bustadbygging. Vi skal snu kvar ein stein for å lette etableringa på bustadmarknaden – både for dei som vil leige og eige.