Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Pressemelding, 06.10.2011

Nr.: 82/11

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kulturdepartementet

Status: Arkivert

Statsbudsjettet

Kultursatsinga aukar med 536,6 millionar kroner i 2012

Gjennom målretta tiltak og ei generell styrking av løyvingane til kulturformål sidan 2005, har Regjeringa gitt eit lyft til eit bredt spekter av kultur- og frivilligformål. Med budsjettframlegget for 2012 har dei samla overføringane til kulturformål auka med om lag 3,7 milliardar kroner i perioden 2006-2012.

Kulturminister Anniken Huitfeldt fikk se nærmere på kirkebok fra Ullensaker i forbindelse med budsjettpressekonferansen som hun avholdt på Riksarkivet 6. oktober 2011.

Kulturminister Anniken Huitfeldt fikk se nærmere på kirkeboken fra Ullensaker i forbindelse med budsjettpressekonferansen som hun avholdt på Riksarkivet 6. oktober 2011.(Foto: Riksarkivet)

Lenkje til fleire pressemeldingar om kulturbudsjettet

Kulturløftet
Kulturløftet vart presentert i 2004 og vidareutvikla og utvida i 2009. Med dette løftet sette Regjeringa ambisiøse mål for kulturlivet og for den statlege ressursbruken til kulturformål. Budsjettframlegget for 2012 inneber ein samla nominell auke på 536,5 millionar kroner eller 6,3 prosent til oppfølging av Kulturløftet.

Hovudsatsingar i oppfølginga av Kulturløftet i 2012:

86 millionar kroner i auke til scenekunst
Dei regionale teatra får ein samla auke på 24 millionar kroner. Størst er auken for Agder Teater på 10,1 millionar kroner. Saman med Kristiansand Symfoniorkester og Opera Sør flytta Agder Teater 1. september 2011 inn i nytt felles bygg, Kilden Teater- og konserthus for Sørlandet. Samla har desse tre institusjonane fått ein auke i driftstilskota på 22 millionar kroner.

3 millionar kroner går til oppstart av ein teater- og dansarallianse i løpet av 2012.
Til Den Norske Opera & Ballett foreslår Regjeringa ein auke på 20,4 millionar kroner, inkludert midlar til styrking av Nasjonalballetten med fem nye dansarar frå andre halvår 2012. Region- og distriktsoperaverksemda vert styrka med 5,6 millionar kroner.

Samla auke i tilskotet til dans er i budsjettframlegget for 2012 om lag 10 millionar kroner.

62,2 millionar kroner i auke til musikk
I samband med omlegginga av den offentlege konsertverksemda til Rikskonsertane, foreslår Regjeringa at arrangørstøtteordninga under Norsk kulturfond vert auka med 4,7 millionar kroner, og at musikarstøtta for innanlandsturnear vert auka med 7,3 millionar kroner. Dette skjer ved ei omdisponering av pengar frå Rikskonsertane til Norsk kulturfond. Samstundes vert 4 millionar kroner frå musikarstøtteordninga overført til ei ny tilskotsordning for utanlandsturnear.

I budsjettframlegget vert dei nasjonale og regionale orkestra styrka med i alt 33,2 millionar kroner. Kristiansand Symfoniorkester får ein auke på 11,5 millionar kroner. Stavanger Symfoniorkester som flyttar inn i nytt konserthus i løpet av 2012, får ein auke på 5,4 millionar kroner.

Norsk Country Treff i Breim er foreslått som nytt knutepunkt for countrymusikk med eit statstilskot i 2012 på 1,2 millionar kroner.

Departementet vidarefører satsinga på kor, med ein auke på 3 millionar kroner.

58,6 millionar kroner i auke til musea og kulturvern
Samla auke i 2012 til musea i Det nasjonale museumsnettverket er 48,7 millionar kroner. Fleire av påplussingane i budsjettframlegget for 2012 er knytt til kystkultur og samlingsforvalting. Stikkord for andre styrkingar er formidling og konsolidering.

Regjeringa foreslår eit tilskot på 7,4 millionar kroner til inventarprosjektet ved Eidsvollsbygningen i samband med grunnlovsjubileet i 2014.

Den samla løyvinga til museums- og kulturvernformål i budsjettframlegget for 2012, inkludert Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, er på om lag 1,25 milliardar kroner.

47 millionar meir til filmfeltet
Satsinga på film aukar med 47 millionar kroner i 2012. Auken gir mellom anna rom for å styrkje utvikling av dataspel og produksjon av fjernsynsdrama, styrkje regionale filmsenter, ei særskilt satsing på regitalent innan kinofilm som også skal bidra til fleire kvinner i norsk filmproduksjon, samt å etablere ei innkjøpsordning for norsk film i biblioteka.

Sidan regjeringsskiftet hausten 2005 er løyvinga til film- og medieformål auka med 261 millionar kroner. Auken til produksjon aleine er på 183 millionar kroner. Måla i Kulturlyftet II er mellom anna at Noreg skal verte leiande i Norden på film, fjernsynsdrama og dokumentar, at norsk film skal hevde seg internasjonalt og at 25 prosent av kinomarknaden skal bestå av norske filmar.

37,7 millionar kroner i auke til språk, litteratur og bibliotek
Nasjonalbiblioteket får ein auke på 21,1 millionar kroner. Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek og Språkrådet får ein auke på 1,6 millionar kroner kvar.
Støtteordningar til litteraturformål under Norsk kulturfond vert auka med 5,8 millionar kroner.

Samla vert det gjort framlegg om 854 millionar kroner til språk, litteratur og bibliotekformål i budsjettframlegget for 2012.

23,5 millionar kroner til Arkivverket
Løyvinga til Arkivverket vert auka med 23,5 millionar kroner. Auken gjev mellom anna rom for styrkt innsats til handtering av digitalt materiale, digitalisering, tilsyn med arkiva i kommunal sektor, grunnlovsjubileet 2014 i tillegg til planlegging av nytt sentraldepot på Tynset.

Den samla løyvinga til arkivformål i budsjettframlegget for 2012 er på 334,1 millionar kroner.

21 millionar kroner i auke til kunstnarformål
I budsjettframlegget vert det lagt opp til ein auke på 6,1 millionar kroner til kunstnarstipend. Det blir oppretta 10 nye arbeidsstipend for kunstnarar, og stipendet blir heva frå 190 000 til 196 000 kroner. Regjeringa foreslår òg ein auke på 12,6 millionar kroner til vederlagsordningar (bibliotekvederlag, visningsvederlag og vederlag for musikk brukt i gudstenester m.m.).

15,3 millionar kroner i auke til visuell kunst
Regjeringa aukar tilskotet til mellom anna Bergen Kunsthall, Vestfossen Kunstlaboratorium og Norsk kritikerlag. Til Bergen Kunsthall og Haugar Vestfold Kunstmuseum vert det i tillegg foreslått investeringstilskot på 2 og 1 million kroner.
I budsjettframlegget får Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design ein auke på 7,8 millionar kroner. Vestfoldmusea får ein auke på 1,5 millionar kroner for å styrkje samlingsforvaltinga. Museum Stavanger får 1,5 millionar kroner til styrking av kunstformidling og ivaretaking av Utstein Kloster. Blaafarveværket får 700.000 kroner til styrking av aktiviteten.

2,2 millionar kroner til kultur og næringsprosjekt
Kulturdepartementet skal saman med Nærings- og handelsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet utarbeide ein handlingsplan for kultur og næring. Denne blir lagt fram i 2012. Det blir foreslått ein auke til kultur og næringsprosjekter på 2,2 millionar kroner slik at total løyving er på 8 millionar kroner.

168,5 millionar kroner i tilskot til nasjonale kulturbygg
Regjeringa foreslår 168,5 millionar kroner i tilskot til nasjonale kulturbygg. Dette er ein auke på 4,5 millionar kroner frå 2011. I tillegg vert det foreslått å løyve 120 millionar kroner til restaurering av Eidsvollsbygningen over budsjettet til Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet. 

Vidareføring av alle tilskot til frivillig sektor – 627,5 millionar til momskompensasjon i 2012
Regjeringa sitt overordna mål i frivilligpolitikken er å støtte aktivt opp om utviklinga av eit levande sivilsamfunn. Regjeringa er opptatt av å oppretthalde eit mangfald av frivillige organisasjonar og samanslutningar. Det er eit mål å stimulere til auka deltaking frå grupper som i dag ikkje er med i det frivillige organisasjonslivet. Alle tilskot til frivillig sektor vert vidareførte i 2012.