Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014:

Fleire og betre stipend for kunstnarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa fleire stipend for å betre levekåra for kunstnarane. Fleire kunstnarar vil få høve til skapande verksemd gjennom betra stipend- og vederlagsordningar.

I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa fleire stipend for å betre levekåra for kunstnarane. Fleire kunstnarar vil få høve til skapande verksemd gjennom betra stipend- og vederlagsordningar.

Det blir foreslått 53 nye stipend for etablerte kunstnarar og seniorkunstnarar. Til dette blir det sett av 13,8 millionar kroner, av desse er 4,5 millionar kroner friske pengar. 

- Ved å opprette desse tiårige stipenda bidrar vi til meir føreseieleg økonomi for kunstnarar. Fleire kunstnarar vil få tilgang til stipend, og dei nye stipenda har ikkje dei same avkortingsreglane som garantiinntekter, seier kulturminister Hadia Tajik.

Arbeidsstipend er den ordninga som mottar flest søknader.  Regjeringa foreslår at stipendet blir auka til 205 000 kroner og at det blir sett av pengar til 471 ordinære arbeidsstipend til kunstnarar for 2014, ein auke på 18 stipend frå 2013. I tillegg blir det foreslått 23 ekstra eittårige stipend som ei overgangsordning i 2014.

Utstillingshonorar for visuelle kunstnarar er eit vederlag som vil synliggjere det faktiske arbeidet ein kunstnar har knytt til utstillingsverksemd. Det blir foreslått å setje av 2 millionar kroner til ei prøveordning for utstillingshonorar til visuelle kunstnarar i statsstøtta institusjonar, som ei oppfølging av stortingsmeldinga om visuell kunst (Meld. St. 23, 2011-2012).