Historisk arkiv

Variable avlingar på Agder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Våren og forsommaren var svært tørr på Sørlandet i år. Dette har ført til reduserte avlingar på ein del gardsbruk og fôrsituasjonen varierer svært mykje frå bruk til bruk, skriv Fylkesmannen i Aust-Agder i siste utgåve av Fylkesnytt.

Særleg på sauebruk med vårbeite på enga gav 1. slåtten lite avling. Og storfebruk med mange beitedyr heime måtte tilleggsfôra fordi beita tørka.

Meir regn på ettersommaren
Mot slutten av sesongen har det kome rikeleg med nedbør, og dette gav ein god 3. slått (eller ein normal 2. slått for dei som slo seint). I indre strøk med kortare sesong er det avgrensa kor mykje dette siste regnet rettar opp, men langs kysten ser fôrsituasjonen no lysare ut enn tidlegare i sommar.

Forsidebilde: Ku på beite. Foto: Tore Wuttudal, Samfoto